Historisk arkiv

Tale ved middagsdelen av 17.mai-feiringa i London

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved middagsdelen av 17.mai-feiringa i London.

Kjære alle saman!

Igjen: hjarteleg til lukke med nasjonaldagen!

Å høyre til
Det er viktig for oss menneske å kjenne at me høyrer til ein stad. Det veit eg, og det veit de. Kva som får oss til å kjenne oss heime ein stad, kan derimot vere heilt ulikt frå person til person. For nokre er naturen og omgjevnadane avgjerande, for andre er det viktige berre kven ein er saman med. Det er fint mogleg å føle seg heime fleire stader og i fleire land. Det er til dømes mogleg å kjenne seg både norsk og britisk. Eg veit at mange av dykk har ein fot både i det norske og i det britiske, og at de likevel kjenner dykk minst like norske som oss ”fastbuande”. Kanskje er de også flinkare til å reflektere over, og ta vare på, det særnorske enn det me som bur i Noreg til dagleg er?

Grunnlova
17. mai er ein dag der me kan gje uttrykk for glede og takksemd over det samfunnet som vart skapt på Eidsvoll i 1814, og som me framleis byggjer på den dag i dag. Kor viktig dette grunnlaget er, fekk eg illustrert då eg såg utover alle menneska i parken før i dag – samla for å feire denne snart to hundre år gamle grunnlova.

Grunnlova definerte nasjonen vår og staka ut målet. Den gav oss som politikarar ei fast leiesnor i arbeidet vårt. Men for å kunne oppnå noko, må me også arbeide saman med andre land, til dømes Storbritannia. Samfunnet vårt, som alle andre, er i endring, og endringane skjer i stadig tettare kontakt med andre land og folk. Det er ein viktig balansegang – å kunne bevare og forandre på same tid. Eg er også oppteken av at me samstundes som me skal og må samarbeide, må bevare sjølvstendet vårt – og det gjeld òg i forhold til den europeiske unionen. For meg er det ein viktig del av fridomen Noreg har som land.

Fridom og sjølvstende
Før i dag snakka eg om det tradisjonsrike og nære tilhøvet mellom dei to landa mange av dykk deler livet dykkar mellom. Båe desse landa er liberale demokrati bygd på ein grunnlov som forsvarar menneskerettar, religionsfridom og ytringsfridom – viktige rettar me i våre demokratiske land tek nærast for gitt, men som mange stader er alt anna enn sjølvsagt. Og – som eg var inne på tidlegare i dag, under krigen kjempa nordmenn og britar side om side fram den freden og fridomen me i dag nyt godt av. Den fridomen me har i dag, har me fordi foreldra og besteforeldra våre kjempa den fram. Det må me aldri gløyme. Men for mange er ikkje dette sjølvsagt i det heile. Me må hjelpe dei landa som lever under tyranni, tvang, fattigdom, svolt eller naud. 

Men fridom – kva er eigentleg det? Er fridom det å kunne gjere som ein vil, alltid og uansett? Er fridom individuell eller kollektiv? Kva betyr fridom i vår tid? Fridom er – i likskap med sjølvstende ikkje noko som er sjølvsagt. Fridom i dag handlar mykje om kampen mot terror. Blant anna ser me det kvar einaste gong me er ute og flyr – at fridomen vår vert sett på prøve. Alle tryggingskontrollane minner oss på krefter som ikkje respekterer den umistelige verdien fridomen er. Fridom er ikkje sjølvsagt. Det er noko me må ta vare på og forsvare.

Avslutning
De veit, som eg at Noreg er eit raust land, raust på natur, raust på kontrastar, raust på naturressursar som fisk og olje. Det er eit fantastisk land, og me som bur der eller har røtene våre er utruleg priviligerte. Samstundes er det til tider eit kaldt land, i alle fall klimatisk. Sjølv elskar eg å gå på ski, sjeldan er eg meir glad i Noreg enn når eg er ute på ein lang god skitur og kulden bit i kjakane. Eg tenkte avslutte med eit dikt av Rolf Jakobsen som eg tykkjer seier noko fint om dette kalde, krevjande, men akk så vakre landet me feirar i dag:

Se oftere mot nord.
Gå mot vinden, du får rødere kinn.
Finn den ulendte stien. Hold den.
Den er kortere.
Nord er best,
Vinterens flammehimmel, sommernattens solmirakel.
Gå mot vinden. Klyv berg.
Se mot nord.
Oftere.
Det er langt dette landet.
Det meste er nord.