Historisk arkiv

Tale ved opning av E6 Langnesbukta-Jansnes, Alta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av E6 Langnesbukta-Jansnes, Alta, 21. oktober 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Opning av E6 Langnesbukta-Jansnes
21. oktober 2008

Kjære ordførar, fylkesordførar, kjære alle!

Det er ei stor glede for meg å vere her i dag for å opne E6 Langnesbukta-Jansnes. No får me erstatta ein farleg og særs dårleg vegstrekning med ny og langt tryggare veg. Det er på tide.

Rassikring er viktig. Eg møter så mange menneske som fortel meg om kor redde dei er når dei må  sende ungane sine fram og tilbake til skulen på farlege vegar, om kva uro dei sjølve kjenner på når dei køyrer til jobb, når dei må gå ut av bilen for å flytte steinar som har falle ned i vegen, at ein alltid kikar opp i lia for å sjå om det kjem noko der, alltid sit med angsten i magen.

I Austlandsområdet der eg oppheld meg til dagleg er det ikkje alltid så stor forståing blant folk for kor viktig det er å bruke pengar på rassikring. Dei ser ikkje behovet for rassikring, fordi ingen av dei må leve med trusselen om ras eller skred hengande over seg kvar einaste dag. Eg skjønar behovet. Eg skjønar det fordi eg i mange år har køyrd på desse vegane sjølv, fordi eg kjenner mange som kvar dag køyrer på slike vegar og fordi eg som samferdsleminister på mine reiser over heile landet stadig møter folk som får livet påverka av faren for ras. Difor seier eg til folk austpå: verdien av å sleppe vere redd for ras, kan ikkje målast i pengar.

Difor har eg auka satsinga på rassikring i statsbudsjettet for neste år med 130 millionar. Difor vil dette vere ledd i ei auka satsing på rassikring som me må følgje opp i neste NTP. Eg ynskjer at me kvart år framover skal bruke ein milliard til rassikring her i landet, og det kjem eg til å jobbe for. Og difor er eg så glad for at me står her i dag og no kan opne ein ny og langt meir rassikker veg. Det har de fortent. Eg har lyst å rette ei stor takk til alle som har halde ut med den gamle vegen i alle desse åra, alle som har venta og vore engstelege og halde ut.

Alta er på mange måtar nav i eit vegsystem. Alta er eit utdanningssenter og eit forskingssenter, ja, rett og slett eit regionssenter, der det er viktig med transportårer inn og ut av byen. Det er mange av dykk som pendlar til og få Alta, og eg er glad for at de no får ein betre og tryggare veg å køyre på.

Det er ikkje første gongen eg er her. Eg starta faktisk vegarbeidet her då eg var her og skaut første salva i 2006. I mellomtida har det blitt gjort ein veldig god jobb frå alle hald  – og i dag er det all grunn til å gratulere alle involverte, frå dei som har teikna og rekna og planlagt og prosjektert, til dei som har stukke, bora og sprengt, grava og fylt og planert og asfaltert. De har gjort ein kjempejobb – hjarteleg takk skal de ha!

Dette er ein viktig veg, sjølve innfallsporten til Finnmark, og einaste måten å reise til lands på mellom Troms og Finnmark. Likevel har denne strekninga truleg vore ein av dei dårlegaste delane av E6.

At dette er einaste vegen mellom Troms og Finnmark gjer den til ei viktig vegstrekning både for privatpasserande og – ikkje minst – for næringslivet, som har behov for at vegtilhøva er mest mogleg føreseielege. Me må ta vare på og vidareutvikle det flotte og varierte næringslivet me har over heile landet, og som gjer at folk kan halde fram med å bu der dei helst vil bu – eller flytte attende dit, om dei har flytta derfrå. Infrastruktur er heilt avgjerande for at bedrifter og næringsliv skal overleve, vekse seg sterkare, og nå nye marknader med varene sine. Me vil aldri kunne kome bort frå at Noreg er eit land langt unna dei utanlandske marknadane, eit land der næringslivet stiller med avstandsutlemper land nærare marknaden ikkje har. Men ein ting kan eg love dykk: eg skal arbeide hardt for at desse ulempene skal reduserast så mykje som råd. Ein effektiv og trygg E6 er eit viktig ledd i dette arbeidet.

Gode vegar er også viktig for reiselivet, og reiselivet er viktig for Noreg, ikkje minst for Nord-Noreg. Det er mogleg å skape tusenvis av nye arbeidsplassar innan reiselivsnæringa i Nord-Noreg. Då Senterpartiet hadde valkampopninga vår i Tromsø i 2007 var reiselivssatsing eit viktig tema. Eg er glad for at vi i årets budsjett kunne følgje opp med 50 millionar til reiseliv i nord og at næringa har samla seg i eitt selskap slik vi tok til orde for. Næringsaktørane, lokale og sentrale styresmakter må gjere ein jobb slik at dette potensialet faktisk vert omsett til verdiskaping og framgang for landsdelen. Lukkast me med å bringe vesentleg fleire turistar inn til landsdelen, vil dette òg vere særs gunstig for anna næringsliv og folk flest. Eg håpar at nye E6 kan vere med og bidra til dette.

Det aller viktigaste er likevel at ein no får ein mykje tryggare veg. Ulukkesrisikoen vil bli kraftig redusert. Likevel må eg minne om at vegen ikkje vert tryggare enn det bilførarane gjer den. Difor må ikkje denne nye og flotte vegen gjere at folk byrjar køyre fortare enn det som er forsvarleg, ein må heile tida sjå an ver og føreforhold. Me ser stadig døme på at når det kjem ny og flott veg, skrur folk opp farten deretter, og dermed oppstår farlege situasjonar. Eg vil oppmode dykk om å hugse dei enkle livsforsikringane: bruk bilbelte, køyr ikkje når de er trøytte, hald fartsgrensene, køyr slik at verken de eller andre kjem ut for hendingar me alle håpar me aldri må oppleve.

Ny E6 Langnesbukta-Jansnes er eit viktig steg framover, men me må òg ha ambisjonar om vidare utbygging på E6, noko me sjølvsagt diskuterer i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan. Det gjeld det same her som så mange andre stader, det er mykje som må gjerast – me må halde fram med å byggje landet vidare. Det er fleire delstrekningar som gjenstår. Eg veit at mange av dykk ventar i spaning på kva som skal skje med E6 vest for Alta. Eg er difor særs glad og stolt over å kunne fortelje dykk at eg i løpet av dei siste dagane har fått sikra ei vidareføring av E6 vest for Alta. Med andre ord er ei finansiering av Jansnes-Halselv på plass, og byggearbeidet vil kome i gang til våren. Ei ytterlegare oppgradering av samferdsla i regionen står med andre ord for tur, og det er eg veldig glad for.

Det er ei stor ære og ei glede for meg å erklære nye E6 Langnesbukta-Jansnes for opna og ynskje dykk lukke til både med denne strekninga og med komande utbyggingar!