Historisk arkiv

Tale ved opning av Moss lufthamn Rygge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

14. februar 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Moss lufthavn Rygge for kommersiell drift, 14. februar 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete opnar Moss lufthavn Rygge (Foto: SD)Samferdsleminister Liv Signe Navarsete
Tale ved opning av Moss lufthamn Rygge
Rygge, 14.02.08

Fylkesordførar, fylkesmann, ordførarar, kjære alle!

Hjarteleg til lukke med dagen! Dette er ein stor dag for Moss Lufthamn og Østfoldregionen – og det er hyggeleg for meg som samferdsleminister å ta del i den.

At landet vårt er så langstrakt og har så spreidd busetnad gjer luftfarten viktigare for Noreg enn for alle andre land. Eg plar seie at i Noreg er luftfart kollektivtransport. Kortbanenettet og dei regionale lufthamnene er viktige trådar i arbeidet med å veve landet saman. På same måte som andre regionar har fått si lufthamn, får Østfold no si lufthamn, og eg er sikker på at denne etableringa vil vere positivt for Østfold som region.

Moss Lufthamn Rygge gjer at folk her i Østfold får eit betre tilbod når dei skal ut å reise, anten det er på privatreiser eller i jobbsamanheng. Lufthamna vil gje vekstmoglegheiter for næringslivet, som no lettare kan oppretthalde og vidareutvikle kontakten sin med utlandet, noko som særleg gjeld eksportnæringane.

Lufthamna vil òg kunne gje fleire nye arbeidsplassar, og vere med på å gjere Østfold til eit meir attraktivt reisemål. Slik er denne lufthamna i tråd med målet for all samferdsle, nemleg å leggje til rette for busetnad, næringsutvikling og ressursutnytting.

Moss lufthamn er ei flott og moderne lufthamn. Eg er glad for at det er fokusert på at flyplassen skal vere funksjonell for passasjerane. Framkoma er god, det er lagt vekt på at transporttilboda skal vere tilgjengeleg for alle, og terminalbygningen er universelt utforma. Dette er eit viktig satsingsområde for regjeringa, og noko eg er oppteken av.

Med tanke på den mykje omtalte støyproblematikken, er eg dessutan glad for at me har sikra at det vil bli grøne flygingar her frå Rygge, det ligg inne som eit premiss i godkjenninga av dei nye opningstidene. Grøne flygingar vil vere med på å redusere støyproblema, i tillegg til å redusere andre miljøproblem mest mogleg, noko eg er særs oppteken av.

Det er lett for oss som reiser mykje og ofte å gløyme spennande det kan vere å ta fly. Eg tykkjer Sigmund Skards dikt Flyplass på ein god måte illustrerer kor mykje spenning og forventning det kan liggje i det å vere på ein flyplass:

Så enkelt lykkeleg
når dei tusen tilvære-ting
er av deg lyfte,
og du sit i ventehallen,
ferdabudd
og dine er sagde farvel til
og godset ditt siglt bort i rommet
på lydlause transportband,
og berre du er etter,
naken inne i kleda,
einsleg med deg sjølv,
med alt unnagjort,
i rette båsen,
med helsekortet stempla,
og boarding-passet i neven,
fluktnummer, klokkeslett
og utgangsdør.
Litt forseinka blir flyet kanskje,
men sjeldan mykje.
Og du veit du blir oppropt.

Ja, slike høgtidsstunder er det nok mange som vil ha her på Moss lufthamn i tida framover. Eg er sikker på at det mange reisande til og frå Østfold som vil ha stor glede og nytte av denne flyplassen i tida som kjem.

Det er ei stor glede og ære for meg å erklære Moss lufthamn Rygge for opna.
Gratulerer så mykje med dagen, og til lukke med den nye flyplassen!