Historisk arkiv

Tale ved opning av "Sykle til jobben-aksjonen"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Oslo, 5. mai 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av "Sykle til jobben-aksjonen", 5. mai 2008.

Takk for invitasjonen til å opne årets Sykle til jobben-aksjon. Eg tykkjer det er særs positivt med denne typen merksemd kring det å sykle. Det gir ekstra motivasjon til kvar og ein av oss, og kan òg nyttast til å dra med seg andre som i utgangspunktet kanskje ikkje hadde planar om å sykle til og frå jobben.

Personleg meiner eg at det ikkje finst betre start på morgonen enn å ta sykkelen til jobben. Ein kjenner seg frisk og opplagt og er klar til ein hektisk dag.

Det er mange gode grunnar til å sykle til jobben. Ein av dei store utfordringane i vår tidsalder er klimaendringane. Auka bruk av bil har negativ innverknad på miljøet og kan ikkje halde fram. Alle tiltak som kan vere med på å avgrense bilbruken må takast i bruk. Det at fleire tek i bruk sykkel i staden for bil til jobben, er eit viktig bidrag. Det hjelper også på dei aukande køproblema me har i dei største byane, som her i Oslo. Det er rett og slett ikkje plass til at fleire av oss skal sitje og stampe i bilkø på veg til eller frå jobb.

Dagleg sykling har òg gode helsemessige effektar. Litt fysisk aktivitet kvar dag er vert tilrådd, noko som ikkje alltid så lett å få skvisa inn i ein hektisk hverdag. Då er det fint å kunne sykle til og frå jobben. Har eg tid, gjer eg det sjølv. Eg prøver også å få sykla litt når eg har fri. Seinast på 1. mai var eg ute og sykla på Bygdøy.

Eg vil gjerne seie litt meir om dette med helsemessig vinst. For det er faktisk slik at medan me brukar stadig større ressursar på trygder og avanserte helsetenester og ligg heilt i verdstoppen med pengar til skulen, gjer me lite for å hindre at folk fell utanfor og får problem. Eg meiner me må bli langt flinkare til å sette inn aktive tiltak for å få alle med. Det handlar om behov for betre kosthald og meir fysisk aktivitet. Det handlar om at me må følgje tettare opp dei som er i ferd med å droppe ut av skulen og det handlar om å bli flinkare til å integrere og utnytte ressursane kvar enkelt av oss har. Det er ei skummel samanheng her: Dei som får helseproblem fell lettare gjennom på skulen – eller dei klarar ikkje stå i arbeid. Og motsett: dei som droppar ut av skulen, får oftare helseplagar.

I dag er om lag 4 av 10 reiser med bil på mindre enn tre kilometer. Det er ein avstand litt lengre enn herifrå til Aker brygge. På mange av disse reisene kunne ein med fordel ha gått eller sykla. Då må me politikarar verte flinkare å legge til rette for at folk skal kunne gå og sykle. Men det handlar òg om at me som foreldre ikkje bør gjere borna våre den bjørnetenesta det er å køyre ungane til og frå skulen og alle aktivitetar. Kan hende kan me som foreldre la det gå på omgang å fylgja ungane. Og kanskje kan me sjølve ta betre vare på helsa vår ved for eksempel nettopp å sykle til jobben?

Trafikktryggleik er viktig – også på to hjul. Når ein syklar til og frå jobb er det viktig å bruke hjelm. Samstundes kan det vere lurt å kle seg i synleg tøy, gjerne med sterke fargar. Det gjer at bilistane ser oss raskare, og me unngår farlege situasjonar. I tillegg til å ha synlege klede og hjelm på hovudet, er det viktig å bruke hovudet når ein ferdast i trafikken. Syklist og bilist må ta omsyn til kvarandre . Dess fleire som tar i bruk sykkelen jo tryggare vert det å sykle. Bilistane blir merksame på at her er det syklistar – og dermed blir det tryggare for alle.

Staten har som si oppgåve å leggje til rette for sykling. Regjeringa har som mål at me skal ha 100 % oppfyllingsgrad i handlingsprogrammet 2006-2009 når det gjeld utbygging av gang- og sykkelvegar. Det er ikkje nok å løyve pengar, det må òg finnast vedtekne planar som desse pengane kan nyttast til. Her har kommunane ei viktig oppgåve. Utbygging av samanhengande hovudnett vert prioritert. Sykkelandelen i Noreg er låg samanlikna med nabolanda våre, så her er det mykje å hente, og me satsar difor friskt. I 2008 budsjettet er det sett av 590 mill. kr til bygging av gang- og sykkelveg (340 av desse millionane er statlege).

Eg tykkjer sykling er eit særs godt, og ikkje minst rimeleg, verkemiddel når det gjeld kampen mot klimaendringane og i arbeidet med å betre helsa til folk flest her i landet. Sykle til jobben-aksjonen er ein viktig bidragsytar til dette, og det er difor ei stor ære og glede for meg her i dag å få erklære årets sykle til jobben-aksjon for opna. Lukke til, ta sykkelen fat, sykle forsiktig – og kos dykk!