Historisk arkiv

Tek ikkje midlar frå Austlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Aftenposten, 26. september 2008

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, publisert i Aftenposten, 26. september 2008

Aftenposten skriv 22. september at Austlandet har vore i bakleksa når det gjeld løyvingar til samferdsle sidan 1990 og at eg ikkje er oppteken av Austlandet sine transportbehov. Det er heilt feil. Denne regjeringa har sikra alle deler av landet meir samferdslepengar enn førre regjering la opp til. Sidan 2005 har vi løfta nivået på veg og bane med 2,5 milliardar kroner årleg. Blant anna har jernbaneløyvingane auka med over 50 prosent. Ein stor del av jernbanesatsinga har gått til det sentrale austlandsområdet.


Fylgjer opp rammene


Regjeringa har satsa tungt på samferdsle, på Austlandet - men også i resten av landet. Den raud-grøne regjeringa er den første i historia som fylgjer opp dei økonomiske rammene for veg og jernbane som vart gitt i inneverande transportplan. Men eit ytterlegare løft både til veg og jernbane er naudsynt, ikkje minst fordi samferdsle - særleg vedlikehald - er blitt neglisjert av ulike regjeringar gjennom fleire tiår.

Satsinga på jernbane rundt byane skal styrkast med nye milliardar dei neste åra. Dei auka jernbaneinvesteringane vil naturleg nok først og fremst kome i det sentrale Austlandsområdet. Dei områda som får den største veksten i jernbanemidlar kan ikkje samstundes få størst vekst i vegmidlane. Difor vil meir av veksten i statlege vegpengar kome andre stader i landet. Bondevik II-regjeringa la fram ein transportplan i 2004 som innebar at ein større del av vegbygginga har skjedd i Austlandsområdet dei siste åra. Også Høgre, Venstre og KrF la opp til å vri innsatsen mot andre område dei siste seks åra av transportplanperioden - som me no snart går inn i.


Heile landet


Vegprosjekt som til dømes E6 i Østfold og E18 har vore viktige å få på plass, men no er tida inne for å gjere eit løft for vegane også i dei delane av landet der det vareeksporterande næringslivet vårt ligg og der turistane skal fram. Heile landet skal byggjast. Eg ser fram til tidenes satsing på samferdsle - både i aust og vest, nord og sør.