Historisk arkiv

Toget - på vinnarsporet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Hamar Arbeiderblad, 5. november 2008

Innlegg om jernbanepolitikk av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, publisert i Hamar Arbeiderblad, 5. november 2008.

Ein del avisoppslag og kommentarar i det siste gir inntrykk av at jernbanetrafikken nærmast er gått heilt i stå. Skal ein tru somme av kommentarane, vender passasjerar, næringsliv og styresmakter ryggen til jernbanen.

Bakgrunnen for desse oppslaga og kommentarane er særleg forseinkingar og vanskar i trafikkavviklinga i Oslo-området.

Vanskane i trafikkavviklinga i Oslo-området er store. Hovudårsaka til problema er at det gjennom tiår har vorte brukt for lite ressursar både på vedlikehald og nyinvesteringar i jernbanen. Med praktisk talt 100 prosent utnytting av kapasiteten i rushtida, blir problema difor fort store når feil oppstår.


Taktskifte


Med regjeringsskiftet fekk me eit taktskifte i jernbanepolitikken. Mens utbygginga av nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Sandvika stod i fare for å stoppe opp, har denne regjeringa løfta investeringsnivået til jernbanen med 140 prosent. Ikkje nokon stad i landet vil nyte meir godt av denne satsinga enn Oslo-området.

Når NSB nå har bestilt 50 nye togsett, er det med andre ord lagt grunnlag for eit anna og langt betre togtilbod frå 2012. Det er difor frimodig, på grensa av det uanstendige, når einskilde representantar frå opposisjonen hevdar at regjeringa ikkje satsar tungt på jernbanen i dette området.


Oslotunellen


Eg har og vore oppteken av at det må gjerast langt meir for å betra situasjonen for dei reisande på kort sikt. I vinter tok eg difor initiativ til å framskunde utbetringa av Oslotunellen og tilgrensande jernbanestrekningar i eit langt høgare tempo enn det Jernbaneverket opphavleg meinte var mogleg.

Eg er svært glad for at jernbaneselskapa og Jernbaneverket har strekt seg langt for å få til ein slik auka innsats. Togselskapa køyrer i dag mindre tog om kvelden og natta slik at arbeidet kan vere i gang over fleire timar kvar natt, og det er eit tett og systematisk samarbeid mellom alle aktørane, leia av Jernbaneverket.
Staten bidreg med så mykje midlar som aktørane har sagt det er mogleg å nytte på ein effektiv måte. Dei største strakstiltaka omfattar reinsking og utskifting av pukken som held skinnegangen på plass, kontroll og utbetring av straumtilførselen og betring av kundeinformasjon ved trafikkavvik.


Ekstraløyving


Ekstraløyvinga på 100 millionar kroner i vår er føreslått følgd opp i statsbudsjettet for 2009 med om lag 220 millionar kroner til utbetringar på strekninga Etterstad- Skøyen. I tillegg til å utbetre dei tekniske anlegga, vil det og verte brukt meir ressursar på betre informasjonsopplegg ved avvik i togtrafikken.

Det tar dessverre noko tid før ein ser effekten av dette arbeidet. I ein periode vil ulempene for dei reisande måtte bli større, mellom anna i form av eit mindre togtilbod på kveldstid. Samstundes er det fokus på å gjere ulempene for dei reisande minst moglege i denne perioden.
Men jernbanen er på full fart framover, og er på vinnarsporet, både når det gjeld løyvingar over statlege budsjett og når det gjeld vekst i person- og godstransport.


Ny tidsrekning


For 2009 har regjeringa gjort framlegg om å løyve i alt 8,84 milliardar kroner til jernbaneføremål, ein vekst på vel 1,3 milliardar kroner eller 17,4 prosent frå 2008. Regjeringsskiftet innebar ei ny tidsrekning for jernbanen i Noreg. Den kraftige opptrappinga som regjeringa allereie har gjennomførd blir no følgd opp med ein enda større auke i budsjettframlegget for 2009. Dermed vil det for åra 2006-2009 bli brukt 4,6 milliardar kroner meir til jernbanen enn i den førre fireårsperioden.

Det er ikkje berre løyvingane som aukar: Både person- og godstrafikk med jernbane har god vekst. Frå 2006 til 2007 var auken i persontrafikkarbeidet (målt i personkilometer) på 5,5 prosent, medan vekst i talet på reisande var 4,1 prosent. Godstransporten har auka med 10-15 prosent i året dei siste åra. Den sterke veksten gjer at ein no har store kapasitetsutfordringar.

Den store utbygginga av som no går for fullt mellom Lysaker - Sandvika vil gi en dobling av kapasiteten i sporet. Reisetida mellom Skøyen og Asker vert redusert frå 20 til 13 minutt. I tillegg vil trafikken bli langt meir punktleg.