Historisk arkiv

TS-møte i Samferdselsdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg på TS-møte i Samferdselsdepartementet, 9. oktober 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
TS-møte i Samferdselsdepartementet
9. oktober 2008

Godtfolk!

Det er flott å sjå dykk her i dag, eg er veldig glad for at kvar og ein av dykk kunne stille. Grunnen til at eg har invitert dykk til dette møtet, er at ulukkesutviklinga i vegtrafikken så langt i 2008 har vore særs urovekkjande. Eg ynskjer å snu den negative utviklinga og leggje til rette for at me – i tråd med nullvisjonen – framleis skal ha ein nedgang i talet på drepne og hardt skadde.

For å nå dit meiner eg at det er særs viktig at me legg opp til eit breiast mogleg samarbeid. Difor ville eg dykk til eit møte for å diskutere moglege tiltak på kort og lang sikt. Det er òg viktig fordi me skal ha på plass ein trafikktryggleiksstrategi i Nasjonal transportplan for 2010-2019 – som kjem på nyåret.

Eg ynskjer, slik me òg skreiv i invitasjonen, ein dialog med dykk kring følgjande tema:

• Kva grep meiner de at me bør prioritere i åra som kjem for å få ned talet på trafikkulykker?
• Korleis kan interesseorganisasjonar og frivillige aktørar saman med oss bidra til betre trafikktryggleik på kort sikt og i NTP-perioden 2010-2019?

Eg ynskjer også at me skal diskutere tiltak og trafikktryggleiksaktivitetar for vintersesongen 2008/2009.

Eg veit at de er fullt oppdaterte både på ulukkesstatistikkar og stoda elles, så eg vel å hoppe over den biten, og heller gå rett på det me – til no – har tenkt kring arbeidet framover.

For to dagar sidan la me fram statsbudsjett for 2009. Eg veit at dei fleste av dykk nok har oppdatert seg på dette allereie, men eg tenkte likevel dra gjennom nokre hovudtrekk ved budsjettforslaget. Regjeringa har føreslått eit samferdselsbudsjett for 2009 på om lag 28 milliardar kroner, ei auke på 3,2 milliardar eller 13,1 % frå saldert budsjett 2008. Dette gjer at me ikkje berre oppfyller dei økonomiske rammene til NTP, men me overoppfyller dei. Dei tilgjengelege midla brukar me mellom anna til ein klar klima- og miljøprofil og til meir midlar til trafikktryggleik –  inkludert rassikring. Dette er blant dei viktigaste områda som har fått størst auke for 2009.

Trafikkveksten i inneverande periode har vore større enn me rekna med, noko som har gjort at  ulukkene ikkje har blitt reduserte etter målsetjinga. Me meiner difor at det i 2009 er heilt naudsynt med ei kraftig styrking av trafikktryggleiksarbeidet for å forsøke å snu den negative utviklinga i 2009.

Me vil styrkje trafikktryggleiken gjennom ei samansett og målretta ”trafikktryggleikspakke”. Dette inneber at me doblar potten til særskilde trafikktryggleikstiltak på eksisterande vegar. Totalt skal det i 2009 nyttast om lag 1 030 millionar kroner til særskilte investeringstiltak for trafikktryggleik langs eksisterande vegar. Av desse er om lag 930 millionar statlege midlar. Dette er ein auke på ca 450 millionar kroner, eller nær ei dobling frå 2008.

I samsvar med nullvisjonen vil me prioritere tiltak retta mot ulukkestypar som erfaringsmessig får alvorlege utfall. Dette gjeld møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker der gåande og syklande vert påkøyrde. I tillegg vil me prioritere tiltak retta mot fart og spesielt ulukkesutsette grupper. I praksis betyr dette ei pakke med følgjande prioriterte tiltak i 2009:

- Ulukkesreduserande tiltak i etterkant av trafikktryggleiksinspeksjonar – setje opp siderekkverk, fjerne sidehinder, utbetre kryss, tiltak i kurver osv.
- Bygge midtrekkverk på to- og trefelts vegar
- Bygging av firefeltsvegar
- Auke bruk av permanente og mellombelse midteseparerande tiltak for å skape større avstand mellom køyreretningane (merka sperreområde og midtmarkering). Til saman vil det gjennom budsjettframlegget verte nærare 100 km med slikt fysisk skilje. 
- Prioritere drifts- og vedlikehaldsoppgåver som tek vare på  trafikktryggleiken, blant anna vinterdrift

- Etablere strekningar med streknings-ATK E6 m.a. gjennom Gudbrandsdalen og E 18 gjennom Telemark
- Intensivere arbeidet med å senke fartsgrensene innanfor tettbygd strøk – i tillegg til å gjennomgå gjeldande fartsgrenser utanfor tettbygd strøk
- Nasjonal trafikktryggleikskampanje retta mot for høg fart og fartsrelaterte ulukker
- Sikre kryssingspunkt for gåande og syklane
- Frå vintersesongen 2009 vil me gjennomføre tiltak for å sikre at tunge køyretøy er tilstrekkeleg rusta på norsk vinterføre
- Me vil føre tilsyn med verksemder underlagt regelverk for føraropplæring, køyretøykontroll og køyretøyreperasjon
- Me vil satse på utekontrollar, som bilbeltekontroll, tungbilkontrollar og kontroll av køyre- og kviletid
- Me har føreslått å doble gebyret for manglande bruk av påbode verneutstyr som bilbelte frå 750 til 1500 kroner
- Me vil gjere endringar i ordninga for prikkbelastning av førarkort der me og vil vurdere strengare kriterier for unge førarar.
- Me vil auke fokus på høgrisikogrupper. Til dømes vil me i samarbeid med andre aktørar gjennomføre spesielle tiltak retta mot ungdom og freiste auke deltakinga på kurset 65+ for eldre bilførar.
- Me vil differensiere gebyret for førarprøve. Me føreslår å gjere første forsøk på å ta førarprøva gratis –  for å motivere for at fleire legg seg i selen og er best mulig budd.

I tillegg vil løyvingar til rassikring og nye gang- og sykkelvegar styrkje innsatsen for tryggare trafikk.

Me har føreslått 21,4 millionar til Trygg Trafikk, ei auke på 1,9 millionar kroner. 1,2 millionar vil gå til ITS Norge og 1 million til Syklistenes Landsforening – noko som er ei dobling til sykkelentusiastane frå 2008.

Framover vil me forsterke den brede og heilskaplege tilnærminga for å unngå ulukker: fokus på veg, kjøretøy og trafikant. Utfordringane me står overfor vil krevje auka  innsats frå alle aktørar innan trafikktryggleiksarbeidet og me må vidareutvikle dei tiltaka me veit er effektive og utnytte desse fullt ut.

Til det treng me definitivt dykk, og me ser frem til å samarbeide vidare med dykk om dette viktige arbeidet. Me er alltid mottakelege for innspel. Nettopp difor vil eg ikkje prate lenge i dag, men la dykk få kome til orde. Eg håpar og trur dette blir eit produktivt og godt møte!