Historisk arkiv

Videohelsing i samband med merkevarelanseringa til Posten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Posthuset, fredag 5. september

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete si videohelsing i samband med merkevarelanseringa til Posten, Posthuset fredag 5. september 2008.

Det er viktig for regjeringa at folk og næringsliv i heile landet har eit godt posttilbod. Me vil at Noreg skal ha eit av dei mest velfungerande postvesen i verda. Dette inneber postomdeling i heile landet 6 dagar i veka, strenge krav til framføringskvalitet og einskapsporto, og at Posten framleis skal vere eit fullt ut statleg selskap.
 
Det er ingen tvil om at det har skjedd store endringar i post- og logistikkbransjen siste åra. Tidlegare nasjonale aktørar har ”gått internasjonalt”, og orden blir i større og større grad ein marknad. For Posten har det blitt viktig å ha ein solid posisjon på nordisk nivå, ikkje minst fordi dei store kundane vil ha løysingar som dekkjer heile Norden. Det er ikkje lenger nok å tilby gode tenester på heimebane. Eg ser at eit lønnsamt og offensivt konsern som òg har verksemd på nordisk nivå, er den beste garantien for å oppretthalde høg kvalitet på dei samfunnspålagte posttenestene i Noreg – noko som alltid vil vere det viktigaste for meg. Ikkje minst er det ein fordel for norsk næringsliv at Posten er konkurransedyktig på nordisk nivå.

Desse krava gjer at Posten har teke grep og gjort nokre endringar. Posten-konsernet får no to familienamn. ”Posten” - med den tradisjonelle postverksemda - held fram med sin opphavlege raude farge, medan ”Bring” er namnet på den nye, bedriftsretta verksemda. Bring vil få ein grøn logo. Saman vil dei to profilane framstå som ei heilskapleg merkevare. Dei får to ulike logoar, men vil ha same visuelle utforming, berre i ulike fargar. Føremålet med ei dette er å få synt fram heile Posten sitt norske og nordiske post- og logistikktilbod. Posten sine dotterselskap har til no vore ein litt uoversiktleg skog av små og store selskap med ulike namn. At den bedriftsretta, nordiske satsinga no blir samla under eit felles merkenamn, tykkjer eg er ei god opprydding. Eg trur òg dette vil styrkje dei tilsette si kjensle av å høyre til i Posten-familien, og at dette vil vere med på å skape både samhald og endå meir effektivitet.

Når det er sagt, har det i denne prosessen vore viktig for meg å ta vare på Posten sine tradisjonar. Eg er difor glad for at namnet, raudfargen og posthornet framleis inngår i den nye logoen. Slik håpar eg Posten vil klare å få fram fornyinga av selskapet og den nye, meir bedriftsretta verksemda – samstundes som det ikkje blir skapt tvil om at den tradisjonelle verksemda framleis står sterkt. Eg tykkjer ”Bring” er eit velklingande, og godt namn som vil fungere både i Noreg og internasjonalt. Namnet symboliserer i seg sjølv ein del av kjerneoppdraget til Posten, nemleg å bringe brev og varer frå menneske til menneske - og dermed knyte folk, landsdelar og land tettare saman.

Det viktigaste for meg vil likevel, no som før, vere at Posten leverer tenester som oppfyller både dei forventningane Ola og Kari nordmann har og dei krava staten og eg som eigar har. Dette er ei spennande tid for Posten, men eg kjenner meg trygg på at dei moderniseringsgrepa som no er tekne vil vise seg å vere til beste for den økonomiske framtida til Posten i Noreg. Slik håpar eg den nye strategien kan bidra til målet om at folk i Noreg skal ha gode og fleksible posttenester òg i framtida, uansett kvar i landet dei bur.