Historisk arkiv

Brei semje om å ruste opp transportsystemet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg i Nationen 11. juni 2009

Innlegg i Nationen av Samferdselsminister Liv Signe Navarsete, 11 juni 2009: "Brei semje om å ruste opp transportsystemet".

Torsdag behandlar Stortinget regjeringa sitt framlegg til Nasjonal transportplan (NTP) 2010-2019. Alt tyder på brei politisk semje om ei kraftig opprusting av transportinfrastrukturen. Det er eg særs nøgd med.

Medan tidlegare NTP-framlegg har signalisert forsiktig auke i rammene, varslar me no ei auke på 45 prosent! Me har føreslått tiltak som vil gjere reisetida mellom landsdelane våre 30-35 minutt kortare. På kyststamvegen E39 Stavanger –Trondheim blir innsparinga på ein heil time. Totalt vil dei planlagde tiltaka redusere transportkostnadene til næringslivet med 31 milliardar kroner dei neste ti åra – og vere eit stort framsteg for alle vanlege reisande.

Nye prosjekt hjelper lite om resten av nettet forvitrar. I Nasjonal transportplan 2010-2019 føreslår me å auke innsatsen på drift- og vedlikehald, som fjerning av flaskehalsar, kapasitetsaukande tiltak, breiddeutviding og viktige trafikktryggingstiltak. Me har òg funne rom for å satse ein milliard kroner kvart år på rassikring.

Regjeringa meiner det er naudsynt å utgreie vidare korleis høgfartsbaner best kan tilpassast norske tilhøve før me tar stilling til om det skal byggast slike banar i Noreg. Eg er glad for at eit breitt fleirtal i komiteen sluttar seg til ønsket om ei slik utgreiing.

Ei viktig oppgåve blir å snu transportsektoren i meir miljøvennleg retning, blant anna gjennom satsing på jernbane og andre kollektivtiltak, gang- og sykkelvegar. Me vil doble godskapasiteten på jernbane og Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda. Også rask innfasing av køyretøy med låge eller ingen utslepp viktig – det vil me støtte gjennom bruk av avgiftssystemet, støtteordningar som Transnova og midlar til forsking.

Samstundes ynskjer me å kome eit godt steg vidare mot nullvisjonen for trafikktryggleik. Me vil legge transportsystemet til rette slik at samfunnet blir meir inkluderande og tilgjengeleg for alle. Målet er eit transportsystem som gir ein betre og tryggare kvardag for folk i heile landet.