Historisk arkiv

Ein stor innsats

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Jernbanemagasinet, nr. 5, 2009

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, publisert i Jernbanemagasinet, nr. 5, 2009

Kjære jernbanevenner!

Jernbana er inne i ei spennande tid. Fleire nordmenn reiser med toget enn nokon gong tidlegare, og engasjementet for jernbana er stort og aukande. Sjølv om løyvingane til jernbana har blitt auka systematisk sidan regjeringsskiftet  i 2005 er det framlegget av Nasjonal transportplan 2010-2019 som verkeleg stadfestar ei ny tid. Planen har blitt godt mottatt og det ser ut til å bli brei politisk tilslutnad til at vi i det neste tiåret skal gjennomføre ei satsing på jernbane i ein målestokk vi ikkje har sett sidan dei store jernbaneutbyggingane for over hundre år sidan. Løyvingane til jernbaneinvesteringar blir dobla. Blant anna vil vi satse massivt på Inter City og lokaltrafikken kring dei store byane. Dette vil gje plass til fleire tog og kortare reisetid. Vi er i gang med å byggje dobbeltspor på strekninga Barkåker-Tønsberg, og Holm-Holmestrand og Eidsvoll-Hamar står for tur. På Østfoldbana har vi sett av 11,6 milliardar til nytt dobbeltspor Oslo-Ski, der reisetida for dei raskaste toga vil blir halvert frå 22 til 11 minutt.

Det er eit paradoks at vi denne våren har sett flest negative oppslag om jernbana i media. Det er forståeleg, sidan signalfeil, køyreleidningar som fell ned og liknande har skapt store forseinkingar og mange innstillingar. Dette skapar store problem for folk, og vi må setje alle klutar til for å forbetre situasjonen også på kort sikt. Men det er lett å få inntrykk av at ingenting fungerer. Det er ikkje rett. Veldig mykje faktisk fungerer veldig bra, og det blir gjort ein stor innsats for at ting skal bli betre. Eg vil nytte høvet til å sende ein takk til alle dei som kvar dag jobbar med å vedlikehalde og fornye dagens jernbane slik at kundane skal kome seg trygt fram i rett tid. Medan nye prosjekt ofte får positiv omtale, gjeld det i for liten grad det jamne arbeidet som blir gjort for å halde jernbana i gang.

Det er eit problem at informasjonen ved avvika har vore for dårleg og at tilrettelegginga for dei reisande i disse tilfella ikkje er god nok.  Difor har departementet vore spesielt opptatt av at NSB og Jernbaneverket skal få på beina eit betre informasjonssystem overfor dei reisande, og samarbeide betre når problema oppstår. Staten bidreg òg med meir pengar, mellom anna til nye informasjonstavler og høgtalarsystem på mange stasjonar.

For at fleire skal reisa kollektivt,  må det leggjast til rette for enkle og smidige overgangar mellom dei ulike transportmidla.  I april hadde eg gleda av å stå for nyopninga av Jernbanetorget i Oslo. Jernbanetorget er den staden i landet flest menneske er innom i løpet av ein dag og det er difor flott  at det no er blitt enklare  å orientere seg og bytte mellom tog, buss, trikk og t-bane. I forslaget til Nasjonal transportplan føreslår vi ei større satsing på å gjere  jernbanestasjonar og knutepunkt universelt utforma og tilgjengelege for alle. Vi vil at folk uansett utgangspunkt skal kunne bevege seg enkelt, effektivt og trygt rundt, og at behovet for spesialløysningar skal vere minst mogleg. Alle nye prosjekt som blir sett i gang skal vere universelt utforma, noko som vil vere ein stor fordel for alle brukergrupper. Dette er ein stor og krevjande jobb – og det nye Jernbanetorget i Oslo er eit flott førebilete.
 
God sommar og god togtur!