Historisk arkiv

Feil frå Hoksrud

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Stavanger Aftenblad, 16. oktober 2009

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg i Stavanger Aftenblad 16. oktober 2009.

Bård Hoksrud (Frp) hevdar i eit lesarinnlegg at eg ikkje gjer jobben min. Han viser mellom anna til rapporten frå Riksrevisjonen som kom nylig. Der påpeikar Riksrevisjonen forhold eg tek på største alvor.

Vi har starta arbeidet for å endre mykje av det Riksrevisjonen peikar på. Eg har heilt sidan vi overtok hatt sterkt fokus på utføringa av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene. Blant anna har transportnæringa peika på at driftsstandarden på vegane har vorte meir ujamn. Eg har difor teke opp funksjonskontraktane med Vegdirektoratet.

Vilkåra i funksjonskontraktane, som entreprenørane har med Statens vegvesen, skal bli meir detaljerte. Oppfølginga og sanksjonane ved brot skal vere strengare, og det blir stilt strengare krav i dei funksjonskontraktane som no blir lyst ut. Dei økonomiske konsekvensane blir større for entreprenørar som ikkje oppfyller vilkåra i kontraktane. Nytt rapporteringssystem frå Statens vegvesen til Samferdselsdepartementet vert sett i verk frå 2010. Eg har òg sett behovet for ein meir djuptgripande gjennomgang, og varsla i mars ei evaluering av konkurranseutsetjinga av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene. Evalueringa blir ferdig i mars 2010, og eg vil ikkje utelukke at det då kan bli aktuelt å ta større grep.

Hoksrud viser også til tal frå ulukkesanalysegruppa (UAG) i Region øst og til eit svensk forskingsarbeid. Dei svenske tala har han tolka feil. Han hevdar vegen er årsak til 72 prosent av dødsulukkene. I realiteten viser dei svenske tala at vegen er ein av fleire medverkande årsaker i 72 prosent av ulukkene, men at hovudårsakene til dømes kan vere førarfeil. I 33 prosent av ulukkene er vegen hovudårsak. Uansett må det jobbast breitt og offensivt både mot infrastruktur, køyretøy og førar, slik regjeringa no gjer. Eg er glad for at  2009 ser ut til å bli eit år der ulukkestala går ned, og vi gjennomfører no ei sterk satsing på trafikktryggleik for å forsterke denne utviklinga.