Historisk arkiv

Feil igjen, Hoksrud

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Rogalands Avis, 11. desember 2009

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert i mellom anna Rogalands Avis 11. desember 2009

”Hvem har skylden?” spør Bård Hoksrud (Frp) i eit lesarinnlegg om trafikktryggleik mandag. Årsakene til trafikkulukkene er samansette. Difor må vi også ha eit breitt spekter av tiltak.  Bård Hoksrud vil ha fleire midtrekkverk. Det vil regjeringa også. Difor har vi i Nasjonal transportplan lagt opp til 250 ny kilometer med midtrekkverk og 500 kilometer med andre midtfeltstiltak langs vegnettet dei neste ti åra. I eit land som Noreg vil det likevel aldri vera mogleg å byggja midtrekkverk på alle vegar. Det veit også Bård Hoksrud.

Ferske ulukkesanalysar viser at om alle held fartsgrensene, vil vi få 50 færre drepne og 150 færre hardt skadde kvart år. Om alle brukar bilbelte, sparer vi 40 liv kvart år. Det er kombinasjonen av tryggare trafikantar, tryggare vegar og tryggare bilar som er det mest effektive. Vi må setja inn tiltak på alle tre områda for å lukkast i trafikktryggleiksarbeidet. Å vera ærleg om det, er å ta ansvar, ikkje å fråskriva seg ansvar. Når det gjeld dei svenske rapportane Hoksrud viser til, er tala hans framleis ikkje i tråd med det som faktisk står i rapportane. Det har vi påpeika før. Eg håpar Hoksrud snart byrjar sitera desse rapportane riktig.