Framlegginga av Statsbudsjettet 2010
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 13.10.2009
Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes presentasjon av Statsbudsjettet 2010 på pressekonferanse 13. oktober.
Godtfolk!
Forslaget til statsbudsjett for 2010 inneber eit nytt stort løft i satsinga på samferdsel. Budsjettforslaget for 2010 er på 27 milliardar kroner – ein vekst på 4,7 milliardar kroner eller 21 prosent samanlikna med 2009 – og er dermed eit nytt stort løft for veg- og jernbanenettet i landet. Innsatsen vil betre framkoma for folk og næringsliv, redusere talet på drepne og hardt skadde i transportsektoren og leggje til rette for at fleire kan reise kollektivt. Vi har auka løyvingsnivået til veg- og baneformål med vel 9 milliardar kroner - det er ein vekst på nærare 50 prosent samanlikna med nivået i 2005!
I budsjettet har vi lagt sterk vekt på klima- og miljøtiltak og på å ha ein tydeleg distriktsprofil. Vi legg til rette for at folk og næringsliv i heile landet skal få eit endå betre tilbod når det gjeld veg, jernbane, ferjer, kollektivtransport, fly, post- og teletenester.
I statsbudsjettet understrekar me at me legg opp til ei opptrapping utover i første fireårsperiode, i tillegg til opptrappinga som ligg inne frå første fireårsperiode til seksårsperioden. Dei komande åra vil me ha ei opptrapping etter kvart som planlegginga av nye store prosjekt – som t.d nytt dobbeltspor Oslo-Ski er ferdig – og prosjekta klare til oppstart. Eg vil likevel påpeike at eg er særs nøgd med at me allereie første året av perioden innfasar ein stor del av auken i midlar. På fleire område betyr det stor vekst frå 2009- nivå, som også låg historisk høgt.
Alnabru og godstransport frå veg til bane
Eg kjem straks tilbake til alt dette, men eg har først lyst å seie litt om staden me er i dag / staden der me skal ha pressekonferansen seinare i dag. At me er på Alnabru, er ikkje tilfeldig. Regjeringa vil overføre mest mogleg transport frå veg til sjø eller bane – og Alnabru godsterminal er det sentrale knutepunktet for godstransporten med jernbane i Noreg, og til og frå utlandet. Me satsar no tungt på blant utviding av terminalar og betre riksvegtilknyting til jernbaneterminalar og hamner.
I Nasjonal transportplan har me eit ambisiøst mål om dobling av kapasiteten ved Alnabru godsterminal. Det gjer at det er behov for ei større terminalutviding, i tillegg til dei kapasitetsaukande tiltaka. Dette skal få ned klimagassutsleppa, og er dermed ein viktig del av regjeringa si satsing for å vri transportpolitikken i meir klimavenleg retning. Dessutan: meir næringstransport over på bane gir betre kapasitet og dermed betre framkome på vegane for både folk og næringsliv.
I NTP er det førebels avsett ein milliard kroner til utbygging av Alnabru godsterminal. . Arbeidet med planlegginga av Alnabru godsterminal skal vidareførast i 2010 med sikte på oppstart av 1. byggetrinn i 2011.
Og: i budsjettet for neste år føreslår me 446 millionar kroner til kapasitetsaukande tiltak på jernbanenettet. Dette skal gi ei dobling av godskapasiteten og køyring med inntil 600 meter lange tog. Utbygginga omfattar både forlenging av eksisterande kryssingsspor og bygging av nye kryssingsspor.
Jernbaneføremål: Meir på skinner
Men me satsar på jernbana på fleire frontar. Sidan me overtok i 2005, har me auka investeringane til jernbana med heile 180 prosent. Fordi me ser det som heilt avgjerande å få togtrafikken meir påliteleg, føreslår me i 2010 drygt 10 milliardar kroner til jernbaneføremål. Det er ein auke på 1,34 milliardar eller om lag 15 % frå 2009.
Me er i ferd med å føre jernbana inn i ein heilt ny tid, noko passasjerane for alvor vil merke frå 2012. Den satsinga me no gjer på drift og vedlikehald, kombinert med at Vestkorridoren vil stå klar og NSB får dei nye toga sine på plass, gjer at eg kan love at norsk jernbane vil fungere med betre driftsstabilitet alt frå 2010.
Og dei Intercitysambanda som no strekkjer seg nedover på kvar si side av Oslofjorden – og med ein arm til Lillehammer – vil bli svært viktige. Som ei endring av Nasjonal Transportplan har vi vald å oppgrade strekninga Holm-Holmestran-Nykirke for at det i framtida skal vere mogleg å køyre med høghastigheitstog på desse strekninga.
Det såkalla Oslo-prosjektet, der me gjer grep for å få togavviklinga i Osloområdet meir stabil, er kjempeviktig – ikkje berre fordi det har vore mange problem med avviklinga av togtrafikken i Osloområdet – men også fordi det som skjer ved denne stasjonen og i området rundt, er avgjerande for avviklinga av togtrafikken i resten av landet. Når me no skal ta att fleire tiårs forsømming av jernbanen, må det satsast mykje over tid. Det er difor foreslått nærare 4,4 milliardar kroner til drift og vedlikehald av jernbana neste år. Dette betyr full oppfølging av planramma i NTP. Og me satsar også utanfor IC-området.
Det vert blant anna lagt opp til fornyingstiltak på Dovrebana med 174 millionar kroner og på Bergensbana med 100 millionar kroner.
Til investeringar i jernbaneinfrastrukturen har regjeringa føreslått 3,9 milliardar kroner, ein auke på 22,5 prosent. Me vil prioritere rasjonell framdrift og gjennomføring av oppstarta prosjekt som dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger, nytt dobbeltspor Lysaker-Sandvika, nytt dobbeltspor mellom Barkåker og Tønsberg, Gevingåsen tunnel, ferdigstilling av dobbeltspor mellom Bergen stasjon og Fløen og fjernstyringsprosjektet Mosjøen - Bodø. Det er også sett av midlar til planlegging av nytt dobbeltspor Oslo-Ski, det gigantiske jernbaneprosjektet me fekk på plass i NTP.
Me har og sett av om lag 32 millionar kroner til drifta av Norsk Jernbaneskole slik at vi mellom anna får utdanna fleire lokomotivførarar.
Veg
Til veg er det føreslått drygt 14 milliardar kroner, ein auke på 2,64 milliardar eller 23 prosent frå saldert budsjett for 2009. Talet er korrigert for at ein stor del av riksvegnettet blir overført til fylkeskommunane frå 1. januar neste år. Før eg går vidare, vil eg seie litt om dette med forvaltningsreforma.
Me er opptekne av å setje fylka best mogleg i stand til dei nye oppgåvene dei har fått. Difor har me i budsjettet for 2010 fått på plass ei ny ordning med rentekompensasjon for transporttiltak i fylka. Ordninga vil utløyse nye investeringstiltak på fylkesvegnettet og i kollektivtransporten i størrelsesorden 2 milliardar kroner årleg. I tillegg har regjeringa i samband med overføringa av deler av riksvegnettet til fylkeskommunane styrka desse med ein ekstra milliard. I tillegg kjem rassikringsmidlane, der det er varsla at 500 millionar blir sett av til rassikringstiltak på fylkesvegnettet. Samla er dette ei pakke som gjer fylkeskommunane godt i stand til å trappe opp innsatsen på fylkesvegane og til eit betre kollektivtilbod.
Så, over til dei vegane staten har ansvar for. For 2010 har me budsjettert med 5,6 milliardar kroner til riksveginvesteringar, ein auke på 29 prosent frå 2009. For å sikre effektiv og rask utbygging vil investeringsmidlane bli nytta til alt oppstarta prosjekt, eller til prosjekt som nyleg er vedtekne. Dette fører til at ei rekkje viktige prosjekt over 100 millionar kroner kan opnast for trafikk neste år:
• E18 Krosby – Knapstad (i Østfold)
• E39 Stangeland – Sandved (i Rogaland)
• E39 Tjensvollkrysset, Stavanger (i Rogaland)
• E6 Nordre avlastingsveg i Trondheim (i Sør-Trøndelag)
• E39 Renndalen – Staurset( i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag)
• E6 Majavatn (i Nordland)
Opninga av desse og andre vegprosjekt fører mellom anna til at talet på kilometer med firefelts veg aukar med 12 kilometer i løpet av neste år, frå 490 til 502 kilometer.
Men me startar også opp heilt nye prosjekt. Her er dei nye store riksvegprosjekta (over 100 millionar kroner) der det er føreslått midlar til prosjektering, førebuande arbeid og anleggsstart:
• E18 Sydhavna (i Oslo)
• E18 Melleby – Momarken (i Østfold)
• Rv 2 Kongsvinger – Slomarka (i Hedmark)
• E18 Gulli – Langåker (i Vestfold)
• E39 Svegatjørn – Rådal (i Hordaland)
• E16 Fønhus – Bagn – Bjørgo (i Oppland)
• E6 Sentervegen – Tonstad (i Sør Trøndelag)
• E39 Lavik ferjekai (i Sogn og Fjordane)
• Rv 3 Åsta bru med tilknytingsvegar (i Hedmark)
• E6 Harran – Nes bru (i Nord Trøndelag)
I tillegg kjem to større prosjekt med rassikringsvinst som blir føreslått igangsett i 2010:
• Rv 70 Oppdølsstranda (Møre og Romsdal)
• Rv 80 Løding – Vikan (Nordland)
Rassikring er viktig for å gjere vegane tryggare, og er eit område regjeringa prioriterer høgt. Det er budsjettert med 850 millionar kroner til rassikring i 2010, ein auke på 92 prosent frå 2009. Eg nemner også at det er føreslått 150 millionar kroner til gang- og sykkelvegar innan vegbudsjettet.
Den føreslåtte løyvinga på drygt 6 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald er ein auke med 6,6 prosent frå saldert budsjett for 2009. Løyvinga fører mellom anna til at det i 2010 kan leggjast om lag 800 kilometer nytt vegdekke med asfalt. Dette er ei vidareføring av det høge nivået frå budsjettet for 2009.
Trafikktryggleik
Regjeringa vil bruke 723 millionar kroner på trafikktryggleik i 2010. Me vil forsterke den positive utviklinga i 2009, der talet på drepne og hardt skadde i trafikken ser ut til å gå ned frå 2008, som var eit dårleg år. Me satsar breitt, på tryggare veg, kjørety og førarar, ei satsing som skal få talet på alvorleg skadde og døde i trafikken ytterlegare ned. Me prioriterer tiltak mot møte- og utforkøyringsulukker, utbetring av kryss og kurver og ulike tiltak for å gjere vegtrafikken tryggare i sentrumsområde. Satsinga for å redusere omfanget av fartsrelaterte ulukker blir også vidareført, og eg er glad for å kunne fortelje at det er lagt opp til å fullføre, starte opp eller vidareføre arbeid på i alt 35 kilometer midtrekkverk på to- og trefelts riksveg i 2010. Dessutan får 30 kilometer riksveg i løpet av 2010 sterkare midtoppmerking i form av oppmerka sperreområde, midtmarkering eller riller.
Luftfartsføremål
Vi har føreslått nærare 942 millionar kroner til luftfartsføremål, ein auke på 24,5 prosent samanlikna med 2009. Samanlikna med 2009 er tilskotet til regionale lufthamner føreslått mangedobla, frå 13,5 millionar kroner til nær 88 millionar kroner, for å møte dei store investerings- og finansieringsutfordringane Avinor står overfor dei næraste åra. Me legg også opp til at det i 2010 blir avdragsfritak på statslånet Avinor har – noko som tilsvarar 389 mill kr, og vil heller ikkje ta utbyte frå Avinor i 2010 – det betyr ytterlegare 558 mill kr i auka handlingsrom. Dette skal – saman med det direkte tilskotet – bidra til at Avinor kan gjennomføre naudsynte tryggleiksinvesteringar.
Post og telekommunikasjon
Til post og telekommunikasjon føreslår regjeringa nær 711 millionar kroner i 2010. Auken frå 2009 kjem i hovudsak av ei løyving på 497 millionar kroner til statleg kjøp av ulønsame post- og banktenester. Finanskrisa og konjunkturomslaget har påverka Posten, i tillegg til prispress og nedgang i volum i dei tradisjonelle posttenestene. Desse økonomiske utfordringane gjer det no naudsynt å løyve midlar for å sikre at vi framleis skal ha postombæring seks dagar i veka og likeverdige og gode posttenester over heile landet.
Fraktutjamning for drivstoff
Regjeringa føreslår 20 millionar kroner til ei ny tilskotsordning som skal redusere skilnadene i drivstoffprisar mellom distrikta og meir sentrale strok. Ordninga skal dekkje meirkostnader til frakt av drivstoff (bensin og autodiesel) til forhandlarar i det distriktspolitiske verkeområdet. Me kan ikkje akseptere at folk som bur der det er få alternativ til bilen, må betale langt meir for drivstoff enn folk i sentrale delar av landet. Eg er svært glad for at vi no får gjeninnført ei fraktutjamningsordning for å redusere skilnadene i drivstoffprisar. Dette vil bidra til å jamne ut skilnadane mellom by og land og redusere næringslivet sine transportkostnadar, og er dermed ei viktig prinsippsak.
Kollektivtransport og andre miljøtiltak
Transportsektoren står for ein stor del av klimagassutsleppa. Desse utsleppa skal ned! Potensialet for å få ned klimagassutsleppa frå transportsektoren er størst i byane, der både bilbruken og befolkningsveksten er størst. Jernbanesatsinga på 10 milliardar kr er særs viktig. Men me føreslår òg 333 millionar kroner til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane”, 250 millionar kroner til gang- og sykkelvegar og me satsar vidare på Transnova som vårt viktigaste organ for å få fleire låg – og nullutsleppskøyretøy på vegane.
Regjeringa lanserte hausten 2007 eit nasjonalt mål om at utslepp frå nye personbilar i snitt skal vere på 120 gram/km eller lågare innan 2010. Ei omlegging i avgiftssystemet, kombinert med informasjonstiltak og godt samarbeid med bilbransjen, har vist seg å vere særs vellukka. Det gjennomsnittlege utsleppet av klimagassen CO2 frå nyregistrerte bilar har blitt redusert frå 177 g/km i 2006 til 152g/km i perioden januar-august i år. I september i år hadde nye bilar i gjennomsnitt eit CO2-utslepp 145 gram/km. For å få til ein enda større nedgang foreslår regjeringa no at eingongsavgifta skal differensierast endå meir slik at det skal bli enda meir lønsamt å kjøpe bilar med lågt CO2-utslepp! Dessutan blir det no også CO2-differensiering på drosjer.