Historisk arkiv

Gjennomslag i Bærumstunnelen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

26. juni 2009

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved markering av gjennomslag i Bærumstunnelen, 26. juni 2009.

Kjære jernbanevenner! Gratulerer med dagen!

Dette er ikkje berre i konkret – men også i overført tyding – ein gjennombrotets dag, og det er kjekt å vere her i dag for å markere at ei svært viktig brikke no er i ferd med å kome på plass i det store arbeidet for å ruste opp jernbana i Oslo og Akershus. Det er ein togrevolusjon som vil kome dei neste åra – og Bærumstunnelen er ein milepæl i dette arbeidet.

Ny Lysaker stasjon skal stå ferdig i 2009 og alt ligg til rette for at det nye dobbeltsporet mellom Lysaker og Sandvika vil vere ferdig i 2011. Desse milliardinvesteringane vil gje meir robust og driftsstabil togtrafikk på denne særs viktige togstrekninga – der det som kjent har vore mykje problem siste tida. Samstundes med nyinvesteringane blir det jobba hardt for å ruste opp eksisterande anlegg. Dei neste ti åra skal det brukast om lag 3 milliardar til vedlikehald og fornying av jernbaneinfrastrukturen i Osloområdet – 2 av desse i første fireårsperiode.  Alt dette vil få positive ringverknader for avviklinga av trafikken i heile landet.

Saman med 50 nye togsett til NSB gjer dette at me vil få eit nytt og mykje betre togtilbod frå 2012. Det blir altså jobba knallhardt både med investeringar, vedlikehald og materiell. Ferdigstillinga av Vestkorridoren og etableringa av eit velfungerande og forbetra togtilbod i etterkant, er på mange måtar den største eksamen for jernbanesektoren på mange tiår. Dette skal me få til – og eg er veldig glad for at så mange gode krefter jobbar saman for å få dette til.

Ferdig utbygd vil jernbana her i Vestkorridoren kunne redusere biltrafikken inn og ut av Oslo. Det vil vere mogleg å køyre 26 tog i timen i kvar retning mellom Asker og Oslo, mot 12 då eg skaut første salva her for to år sidan. I tillegg til auka kapasitet og betre regularitet, vil nytt dobbeltspor til Lysaker gi ei reisetid med de raskaste toga frå Asker til Oslo på 18 minutt mot i dag 23 minutt. Til samanlikning bruker ein bilist i dag i rushtida i gjennomsnitt 54 minutt på same strekninga. Færre bilistar og fleire togreisande gir betre framkome, mindre køar, mindre forureining og hyggelegare byar.

Fleire nordmenn reiser med toget enn nokon gong tidlegare, og engasjementet for jernbana er stort og aukande. Løyvingane til jernbana har auka systematisk sidan regjeringsskiftet i 2005. Gjennom Nasjonal transportplan 2010-2019 er det verkeleg stadfesta ei ny tid. Det er no brei politisk tilslutnad til ei satsing på jernbane i ein målestokk me ikkje har sett sidan dei store jernbaneutbyggingane for over hundre år sidan. Likevel har me denne våren og sommaren nesten berre sett negative oppslag om jernbana i media.

Det er på den eine sida sett forståeleg, sidan signalfeil, køyreleidningar som fell ned og liknande har skapt store forseinkingar og mange innstillingar. Dette skapar store problem for folk, og me må setje alle klutar til for å forbetre situasjonen også på kort sikt. Men det er lett å få inntrykk av at ingenting fungerer. Det er ikkje rett, og kjennest sikkert urettvist for dykk som jobbar så hardt for jernbana.

Veldig mykje faktisk fungerer veldig bra, og det blir gjort ein stor innsats for at ting skal bli betre. Eg vil nytte høvet til å rette ein stor takk – mest av alt til dykk som har jobba og slitt for at me i dag kan feire dette gjennomslaget, men også til alle dei som kvar dag jobbar med å vedlikehalde og fornye dagens jernbane slik at kundane skal kome seg trygt fram i rett tid.

Dette er som sagt ledd i ei større satsing. I 2005 blei 9,5 km med ny og moderne dobbeltspora jernbane opna mellom Sandvika og Asker. Nytta av denne vil først kunne innkasserast i fullt monn når me og får på plass ein ny og større Lysaker stasjon og ei ny parallell banestrekning Lysaker-Sandvika til fire spor. Då regjeringa overtok stod dette i ferd med å stoppe opp. Takka vere store årlege løyvingar dei siste åra, nærmar me oss no, folkens – og det er det all grunn til å feire. 
Bærum er eit område med uvanleg høg folketettleik. Det har gjort denne utbygginga både utfordrande og ressurskrevjande – men sjølv om utbygginga har vore omdiskutert i nabolaget, er eg glad for at dette ser ut til å ha gått tålig greitt.

Så må eg seie at eg veldig imponert over at drivinga av tunnelen blir avslutta nesten seks månader tidlegare enn opprinneleg planlagt. Slikt er musikk i øyro til samferdselsministeren!  

Då vil eg berre takke alle involverte for det strålande arbeidet som er gjort til no, og ynskje dykk lukke til vidare med jobben som ligg framfor dykk. Takk for meg!