Historisk arkiv

Gode vegar i bygd og by

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Innlegg i Aftenposten 26. februar 2009 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete om vegutbygging.

Avisinnlegg - Aftenposten 26. februar 2009

Aftenposten skriv mykje om norsk samferdselspolitikk. Ikkje alt er rett. Regjeringa sitt mål er eit moderne transportsystem i heile landet. Vi har brukt 15 milliardar meir på veg og jernbane enn førre regjering – og brukar meir pengar enn nokon gong i moderne tid.

Det er difor misvisande når Aftenposten skriv at staten brukte 23 prosent mindre på veg i 2007 enn i 1995. Eg meiner debatten om vegbudsjettet sin del av BNP er ei avsporing, det er kroner og milliardar brukt på konkrete prosjekt som er viktig.

I motsetnad til Aftenposten, som er mest oppteken av Austlandet, vil regjeringa skape aktivitet i heile landet. I førre veke hevda to BI-forskarar at vegpolitikken blir styrt av ønsket om å kapre vippeveljarar.

Det er sjølvsagt ikkje slik vi styrer landet. Men ulike parti vektlegg næringsutvikling og busetnad i heile landet ulikt. Senterpartiet vil byggje heile landet. Regjeringa vil både ha jernbane og motorveg der det bur mest folk – og vi vil ha trygge og gode vegar i heile landet slik at til dømes fisken frå nord kjem fram til marknaden i Europa. Vi vil sikre at folk  kan velje kvar dei vil bu.

Vi driv ikkje med klattvis utbygging, slik det blir hevda. Vi har tvert i mot lagt om politikken slik at ressursane til veg og jernbane blir nytta mest mogleg effektivt for å sikre rask framdrift på prosjekta. I tillegg har vi teke unna flaskehalsar og dreia innsatsen mot vedlikehald og trafikktryggleik.

Som første regjering overoppfyller vi dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan. Vi er på rett veg, men mykje står att. Dette landet treng difor ei raudgrøn regjering som kan vidareføre politikken og trappe opp innsatsen ytterlegare.

Om kort tid skal regjeringa leggje fram ein ny Nasjonal transportplan for dei neste 10 åra. Det blir ein plan for å trappe opp innsatsen på veg og bane ytterlegare – i heile landet.