Historisk arkiv

Grøn transport og bompengerabatt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg i Dagens Næringsliv 30. september 2009

Samferdselsminister Navarsetes innlegg i Dagens Næringsliv 30. september 2009 om EU-direktiv og klimavenleg transport.

DN skriv på leiarplass 28. september at eg ikkje er ”grøn” når eg kjempar mot eit EU-direktiv som vil forby Noreg å gje bompengerabatt til næringslivet på opp til 50 prosent. Det er  oppsiktsvekkande at DN tek til orde for å gjere det langt dyrare å drive næringsverksemd i Noreg.

EU har ikkje innførd direktivet om ein maksimalsats på 13 prosent for å stimulere til meir miljøvenleg transport, men av omsyn til konkurranse. Hyppige brukarar skal ikkje oppnå konkurransefortrinn i høve til dei som trafikkerer meir sporadisk.

Vi må både satse på klimavenleg  transport – og  ta omsyn til næringslivet. Regjeringa gjennomfører no tidenes satsing på jernbane og  flyttar store mengder godstransport frå veg til bane.

Eingongsavgifta for bilar er lagt om for å premiere miljøvennlege bilar, vi har sterke incentiv for nullutsleppsbilar, vi byggjer ut ladestasjonar for elbil og vi har dobla belønningsordninga til storbyane som sikrar eit betre kollektivtilbod. Men i store deler av landet er vegen einaste alternativ. EU-direktivet høver ikkje for norske forhold og vil berre gjere det enda dyrare for næringslivet å transportere varene sine.

EU er ein viktig alliert fram mot klimatoppmøtet i København. Men eg skulle gjerne sett eit EU som tok grep for meir klimavenleg transport. EU-ideologien er tufta på at transport av varer er positivt . Eg har prøvd å få EU med på strengare utsleppskrav til bilindustri – utan å lykkast.  Noreg er på mange områder ”grønare” enn EU, så EU har mykje  å lære av oss.