Historisk arkiv

Helsing ved Norges Luftsportforbunds 100-årsjubileum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statssekretær Geir Pollestad (Sp): Helsing ved Norges Luftsportforbunds 100-årsjubileum, Oslo, 28. april 2009.

Deres Kongelige Høyhet, kjære alle luftfartsvener!
Hjarteleg til lukke med dagen!

Det er flott å sjå så mange samla her i dag, og særleg er det gledeleg at HKH Kronprins Haakon – ein av luftsportens gode vener – hadde moglegheit til å vere med på denne feiringa. Eg skulle helse og overbringe dei varmaste helsingar frå statsråden – som veldig gjerne skulle vore her i dag, men diverre vart forhindra.

Eg vil gje honnør til Norges Luftsportforbund som i alle år har jobba jamt og trutt for luftsportens og luftfartens beste. Det er ei lang og rik historie NLF forvaltar og det gjer de på aller beste måte, ved å ivareta interessene til den ikkje-kommersielle delen av luftfarten.

Luftfart er ein så viktig del av transportsystemet vårt at det er nesten uverkeleg å tenkje på at det er berre hundre år sidan den første spede oppstarten her til lands. Utviklinga har vore eventyrleg. ”Start” heitte det første norske aeroplanet – og meir representativt namn kunne vel ikkje flyet hatt. Pionerane som stod bak dei første flygingane utviste både mot og eventyrtrong det er lett å la seg imponere av – og som me kanskje også kan la oss inspirere av.

Det er flott at me har dette høvet til å heidre både dei første flygarane og alle andre som har bidrege til utviklinga frå 1909 og fram til i dag. Det har vore mange heltar, også av typen kvardagsheltar, dei som ikkje var dei første med noko, som ikkje har fått så mykje merksemd, men som har vore utruleg viktige med tanke på å få hjula i samfunnet til å gå rundt. Berre tenk dykk korleis det hadde vore utan ambulansehelikopter og redningshelikopter!

Folk i Noreg bur spreidd, avstandane er lange og topografien vanskeleg. Det gjer at luftfarten særs viktig for Noreg, mange stader nærast for kollektivtrafikk å rekne. Sjølv pendlar eg kvar veke mellom Bryne og Oslo og veit kor viktig det er at det går eit fly for at kvardagen skal henge i hop. No lurer de kanskje på kva dette har med luftsport å gjere. Mykje, vil eg seie. Den organiserte luftsporten har vore ei kjelde både til rekruttering og entusiasme for luftfarten, og Samferdselsdepartementet har i alle år hatt eit godt samarbeid med NLF.

Det skjer veldig mykje på fagfeltet vårt, og då tenkjer eg både på teknologi, organisering og lovverk. Det gjer det til eit både spennande og krevjande fagfelt. I tillegg har bransjen fått merke finanskrisa på kroppen. Det er utfordrande, og me følgjer situasjonen tett. Det viktigaste for regjeringa vil alltid vere å oppretthalde det omfattande nettet vårt av samanhengande flyruter – slik at passasjerane kan reise mest mogleg ”saumlaust” frå A til B.

I fjor la me fram rapporten ”Strategi for norsk luftfart”. Samferdselsdepartementet fekk då breie innspel frå allmennflygarane som me sette stor pris på og hadde god nytte av i arbeidet med strategien. Denne prosessen har resultert i at me i løpet av 2009 vil setje i gang ei utgreiing av samfunnsnytte og utfordringar for denne delen av luftfarten. Då vil me sjølvsagt også inkludere aktørane innan allmennflyginga, som til dømes Norges Luftsportforbund, og eg kjenner meg viss på at me vil kunne vidareføre det utmerka samarbeidet me har hatt til no.

Då vil eg berre ynskje jubilanten til lukke med dei hundre første åra og dei hundre neste. Takk for meg, og gratulerer med dagen!