Historisk arkiv

Innlegg - Alle må bidra til trafikktryggleik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Avisinnlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa om trafikktryggleik, publisert i Haugesunds Avis 28. november 2009.

Trafikkulukker er eit stort samfunnsproblem. Her er store personlege lidingar for alle involverte. Noreg ligg på verdstoppen i trafikktryggleik. Det er diverre ikkje godt nok, ei ulukke er ei for mykje. Regjeringa arbeider etter ein nullvisjon om at det ikkje skal vera drepne eller hardt skadde i transportsektoren.

Alle kjenner vi nokon som er råka på ein eller anna måte. Alle fryktar vi meir enn noko anna at ei ulukke skal ramma ein av våre nære og kjære.

Ulukkesanalysar
Denne veka fekk eg overlevert ein rapport frå Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe. Gruppa har sett på kva som er årsakene til alle dødsulukkene i trafikken dei siste fire åra. Dette er viktig kunnskap for oss. For å setja inn dei rette tiltaka, må vi vita kva årsakene er. Det er sjeldan berre ein årsak til ei ulukke.

Rapporten frå ulukkesanalysegruppa viser at fart, rus og manglande bilbeltebruk medverkar til det høge talet på ulukker. Desse faktorane gjer også at mange av ulukkene får dødeleg utgang. Dersom alle hadde halde fartsgrensene, ville vi hatt 50 færre drepne og 150 færre hardt skadde kvart år. Hadde alle brukt bilbelte, ville 40 liv vore sparte kvart år. Dette er enkle tiltak som ikkje kostar oss trafikantar noko. Tala viser oss at vi ikkje kan byggja oss ut av problemet. Alle må ta ansvar for trafikktryggleiken.

Etter ein auke i talet på drepne i vegtrafikken i fjor, ser vi til no i 2009 ein reduksjon i ulukkestala. I løpet av årets første ti månader har 177 personar mista livet. Det er altfor mange, men likevel 50 færre enn i 2008. Det er gledeleg at det breie trafikktryggleiksarbeidet ser ut til å gje resultat. Vi vil at nedgangen skal halda fram og bli kraftig forsterka.

Tryggare vegar
Styresmaktene  skal sjølvsagt ta ansvar for å gjera vegane tryggare. Regjeringa har dobla midlane til trafikktryggleik på vegnettet i 2009. Dette høge nivået blir vidareført i 2010, og skal ytterlegare opp utover i komande tiårsperiode. I Nasjonal Transportplan 2010-2019 har vi som etappemål at talet på drepne eller hardt skadde skal reduserast med minst ein tredel innan 2020. Bygging av midtrekkverk og andre infrastrukturtiltak er ein viktig del av dette arbeidet.

Midtrekkverk er viktig fordi møteulukker saman med utforkøyringsulukker er den ulukkestypen som krev flest liv i vegtrafikken. Vi vil auka innsatsen betrakteleg for å redusera talet på drepne og hardt skadde i møteulukker. Fysisk skilje mellom køyrefelta, etablering av merka sperreområde og anna midtmarkering er ei viktig del av denne satsinga. Dei neste ti åra vil vi bruka 6 milliardar kroner til å utbetra 750 km riksveg med midtrekkverk eller merka sperreområde/ midtmarkering. Av desse er 250 km midtrekkverk.

Midtrekkverk åleine løyser likevel ikkje alle problem. Andre land med betydeleg meir midtrekkverk ligg langt etter Noreg når det gjeld trafikktryggleik, målt i talet på drepne og skadde. Det er også viktig å vere klar over at det blant dei drepne no er like mange som døyr  i utforkøyringsulukker som i møteulukker. Denne ulukkestypen har hatt ein dramatisk vekst dei siste åra. Difor er det òg viktig å ha fokus på tiltak mot desse ulukkene, som til dømes mjukgjering av sideterreng.

Tryggare trafikantar
Sidan 1970 har ulukkene blitt halvert, medan trafikken har blitt tredobla. Det sterke fokuset som har vore på trafikktryggleik i Noreg gjennom fleire tiår gjer at dei billigaste, enklaste og meste effektive tiltaka allereie er tekne i bruk. Difor må vi no arbeida endå hardare for å ned ulukkestala. Regjeringa tek viktige grep ved å innføra strekningsvis automatisk trafikkontroll og skjerpa prikkbelastingsordninga. Vi skal også ha på plass faste grenser for køyring under påverknad av andre rusmiddel enn alkohol, og gje tilgang til bruk av såkalla ”narkometer” på line med dagens ”alkometer”.

Sjølvsagt skal vi utbetra den fysiske vegen. Sjølvsagt skal vi byggja mest mogleg midtrekkverk. Men skal vi få bukt med trafikkulukkene, må vi satsa breitt. Den ferske ulukkesanalyserapporten viser at vi må halda fram den breie satsinga vår. Det er naudsynt både med betre og tryggare vegar og betre og tryggare førarar.

Eg ynskjer folk på Haugalandet ei god adventstid. Hugs å køyra forsiktig i vintermørket, og bruk refleks når de ferdast til fots!