Historisk arkiv

Kronikk - "Meir utrygge vegar med Frp"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Kronikk av samferdselsminister Liv Signe Navarsete; "Meir utrygge vegar med Frp". Kronikken er mellom anna publisert i Nettavisen.

Meir utrygge vegar med Frp

Frp-leiar Siv Jensen tek kraftige ord i bruk når ho kritiserer regjeringa sin innsats for å få ned talet på ulukker på norske vegar. Hennar mektige våpendragar, generalsekretær Geir Mo, meiner ein bør vurdere å kalle underteikna for mordar, sidan så mange døyr i trafikken. Det som er verkeleg leit med slik personomtale er at den viktige debatten om korleis vi får ned talet på hardt skadde og drepne i trafikken, gjerne druknar i dei dramatiske  orda.

Eg er glad for at Fremskrittspartiet støttar arbeidet med å få bygd ut vegnettet i eit høgare tempo og få fleire midtdelarar på vegane. Å gjennomføre fysiske tiltak for å gjere vegane tryggare er heilt naudsynt. Alle parti som har site i regjering i Noreg må ta sin del av ansvaret for at det ikkje er brukt meir ressursar på å gje landet eit moderne og tryggare vegnett. Heller ikkje Fremskrittspartiet har prioritert veg høgt nok når dei har hatt makt. I dei tre budsjetta der Frp sikra Bondevik II-regjeringa fleirtal, blei det plussa på mindre enn 0,5 milliardar kronar til vegane våre.

Det store taktskiftet i norsk samferdselspolitikk kom med den raudgrøne regjeringa. Ikkje minst på trafikktryggleiksområdet er taktskiftet synleg. I 2009 vil det bli brukt 1,2 statlege milliardar kroner til særskilde trafikktrykkleikstiltak, medan det i 2005 blei brukt 446,5 millionar kroner. I den nye transportplanen som er lagt fram vil den målretta trafikktryggleiksinnsatsen vere auka med 159 prosent samanlikna med førre NTP.

Men tryggare vegar er ikkje nok. Korleis kvar enkelt av oss ferdast på vegane er heilt avgjerande for å få ned ulukkestala. Fremskrittspartiet er mot nesten alle tiltak som rettar seg mot den enkelte trafikant. Frp vil legga ned Utrykkingspolitiet (UP) og innføre sal av alkohol på bensinstasjonar. Frp er mot haldningskampanjar i trafikken og  mot å auke gebyret for manglande bilbeltebruk til 1500 kroner – sjølv om vi veit at nesten 50 prosent av dei som døyr i trafikken ikkje brukar belte. Og Frp vil ikkje at vi skal ha særskilt tett og streng oppfølging av yngre bilførarar – endå vi veit at desse er dramatisk overrepresentert blant dei som døyr i trafikken.

Kort oppsummert: Fremskrittspartiet ynskjer høgare fart og mindre kontroll. Dei vil ha bort ”den moralske peikefingeren” og det  individuelle ansvaret – og få  alkohol inn på  bensinstasjonane.

Siv Jensen varslar ei kraftig nedbygging av UP straks partiet eventuelt kjem i regjering. Dersom  målet er færre ulukker på vegane, tykkjer eg det er ein svært uklok strategi. UP er ikkje på vegane for å ”ta folk”, men for å ”ta vare på” liv og helse. Berre i juli blei 1277 førarkort inndregne, ein auke på 26 prosent frå 2007 – det viser med all mogleg tydelegheit at det er bruk for UP.

Eg meiner politikken til Fremskrittspartiet på dette området vil gje fleire ulukker og større menneskelege lidingar  Sjølv om det no skal gjerast veldig mykje meir for å gjere  infrastrukturen vår tryggare i åra som kjem, er det heilt naudsynt at me samstundes jobbar for å påverke korleis kvar enkelt av oss opptrer i trafikken.