Innlegg - Trengs inga opprydding
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 06.11.2009
Avisinnlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert i Haugesunds Avis 6. november 2009.
Stortingsrepresentant Bård Hoksrud frå Frp ber i Haugesunds Avis 26. oktober om at eg ryddar opp etter forgjengaren min, Liv Signe Navarsete.
Det trengst inga slik opprydding. Navarsete har gjort einsvært solid jobb som samferdselsminister. Dei konkrete resultata talar for seg. Etter at vi endra samferdselsbudsjettet til Bondevikregjeringa hausten 2005 har denne regjeringa løfta budsjettet med heile ni milliardar kroner. Dette veit Framstegspartiet.
Mitt mål er å fylgja opp taktskiftet i samferdselspolitikken med full kraft. Eg ønskjer å gjera landet mindre, tryggare og meir miljøvennleg. I dette viktige arbeidet håpar eg at representanten Hoksrud vil bidra til eit konstruktiv samarbeid.