Historisk arkiv

"Samferdselsløftet til beste for folk og næringsliv i heile landet"

Innlegg for Norsk Landbrukssamvirkes temakonferanse på Hell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

23. januar 2009

Statssekretær Geir Pollestads innlegg for Norsk Landbrukssamvirkes temakonferanse på, Hell 23. januar 2009.

Statssekretær Geir Pollestad (Sp)
Innlegg for Norsk Landbrukssamvirkes temakonferanse på Hell 23. januar:
"Samferdselsløftet til beste for folk og næringsliv i heile landet"

Takk for invitasjonen, det er hyggeleg å vere her i dag.

Før eg går over til å snakke om samferdsle vil eg gjerne prate litt om nokre andre sentrale saker i tida. Eg går rett på sak. Sp har lukkast i regjering, fordi me held det me lova veljarane før valet i 2005. Me har fått til eit løft for lokal velferd, samferdsel og kultur slik me lova. Me har brukt 30 mrd kr på å styrkje det lokale velferdstilbodet til folk i heile landet. Kvar dag har det blitt tilsett 10 nye menneske innanfor pleie- og omsorg. Det har gitt mange eit betre omsorgstilbod. Kvar dag er det oppretta ei ny barnehageavdeling med 25 ungar. Mange familiar har med det fått ein tryggare og enklare kvardag. Det er ingen tvil om at kommunane ikkje ville fått 30 milliardar nye kroner utan Senterpartiet i regjering! Me skal fortsetje – kommunane treng mange nye milliardar i neste periode òg!

Dessutan har folk som produserer mat i dette landet fått meir å leve av med den raudgrøne regjeringa. Me har auka inntektsmoglegheitene til den norske bonden med i gjennomsnitt 60 000 kr pr årsverk. Om det er nok? Nei, det er det ikkje. Me skal vidare.

Etter at Senterpartiet fekk handa på rattet i landbrukspolitikken har altså inntektsmoglegheitene i næringa auka med gjennomsnittleg 60 000 kr per årsverk. Det er bra, men det var også på tide! Den norske bonden skal sjølvsagt ta del i den same velstandsutviklinga som resten av det norske samfunnet opplever. Den beste garantien for at det skjer er at Senterpartiet framleis har styringa på norsk landbrukspolitikk. Norske bønder har ikkje råd til at FrP eller Høyre får auka innverknad.

Me byrjar no å sjå resultata av tre år med raudgrøn landbrukspolitikk. Så skal me gjennom eit siste jordbruksoppgjer i denne perioden i vår – der skal me byggje vidare på det som allereie er gjort. Ingen skal vere i tvil om at Senterpartiet kjem til å førebu seg godt og ha klare ambisjonar i samband med oppgjeret.

Jordbruksavtalane legg til rette for ein inntektsvekst over 3 år på 60.000 kr/årsverk. Sjølv om utgangspunktet var lågt, inneber det trass alt ei inntektsauke på 40 prosent i løpet av 3 år. Me må òg hugse på at dette skjer i ein periode der kostnadane har auka kraftig. Kostnadar som per definisjon er dekka inn, men som mange kjenner på kvar gong rekningane skal betalast.

I tillegg til at me gjennom denne avtala sikrar ei betre inntektsutvikling, har den òg ein god distrikts- og strukturprofil. Dette kjem blant anna til uttrykk ved at me har prioritert det grovforbaserte husdyrhaldet. Økonomien i sauehaldet er forbetra over fleire år. Me har no ei forventning for 3 års perioden frå 2007-2009 om eit pluss i sauehaldet på 83 000 kr. per årsverk. For sauehaldet er viktig både for å forsyne marknaden med norsk lammekjøt, men òg for å oppretthalde kulturlandskapen. Difor er òg rovdyrpolitikken så viktig. Me vel menneske og busetnad framfor rovdyr.

Me har altså i løpet av tre år fått til ein viktig skilnad, men det er framleis mykje som står att. Og det vil ta tid før me igjen dekkar innanlandsk etterspurnad etter kjøt av grasetande dyr. Difor er det viktig at det vert skapt ein tryggleik i næringa for at inntektsauka blir reell.

Pessimisme er snudd til optimisme i distrikta. Folk i distrikta har retta ryggen. Folk opplever at dei har ei regjering som jobbar med dei – og ikkje mot dei. Mykje er gjort – men me kjem til å gå til val på nye grep for å styrkje distrikta. Me vil gjere det enklare for folk og næringsliv å etablere seg i distrikta. Mange drøymer om å bu på bygda – me skal gjere det mogleg å realisere draumen for folk. Det handlar blant anna om fiber til heile landet, betre transportmoglegheiter til og frå distrikta og å sikre arbeidsplassar i hele landet. 

Sp er eit næringsparti. Det skal me dyrke framover. Hjarta til Senterpartiet bankar for alle små og mellomstore bedrifter rundt i landet. Det skal bli lettare å starte eiga bedrift, me vil fjerne byråkrati, gje betre rettar til sjølvsstendig næringsdrivande med omsorg for barn og me vil ha målretta skatte- og avgiftsletter for næringslivet.  Sp vil blant anna fjerne formueskatten på arbeidande kapital og auke botnfrådraget. Det skal løne seg å leggje ned arbeid i eiga bedrift og me vil stimulere til å vidareutvikle allereie eksisterande bedrifter og arbeidsplassar. Her ser me at me skil oss noko frå  partnerane våre, Ap og SV.

Krise og krisepakka
Me må få ei krisepakke som blir eit pluss for heile landet og der kommunar og samferdsle kjem til å stå sentralt. Me kjenner neppe dei fulle konsekvensane av den økonomiske stagnasjonen, og det gjer heller ikkje opposisjonspartia. Ingen andre land har heller kome så kolossalt langt med sine pakkar. Det viktigaste har vore å få bankane i funksjon – eit arbeid som no ser ut til å lukkast.

Sp meiner det er naudsynt å setje ned ein kommisjon som skal granske kvifor det gjekk så gale, kven som har ansvaret, og kva førebyggande tiltak som må gjerast for å unngå nye systemkriser i framtida. Dette arbeidet må kome i gang raskt, og me meiner det er viktig at me ikkje set de same folka (økonomane) som førte oss ut i uføret til å gje oss råd om korleis vi skal kome oss ut av krisa og unngå nye kriser. Dei som førte oss ut i uføret kan gjerne vere stille no – dei som var kritiske og føresåg systemkrisa bør få sleppe til.
Som politikarar vil me ikkje gjere jobben vår om me ikkje no sørgjer for å evaluere grundig det som har skjedd, slik at me kan garantere at me ikkje får ei slike krise igjen og vanlege folk ikkje igjen hamnar i ein vanskeleg situasjon med arbeidsløyse og for høge lån. 

EU/Island
Folk som meiner me skal stå opp mot Brussel og kjempe for norske interesser bør vere opptekne av å ha Sp i regjeringsposisjon. Me vann heimfallssaka – det ville ikkje skjedd utan Sp. Eg kan garantera at EU-medlemsskap aldri vil vere aktuelt i ei regjering der me er med.

Ingen kan heilt utelukke at EU-saka kjem på dagsorden i neste stortingsperiode. Eg har ikkje tru på noko ”Islands-sug” i kjølvatnet av finanskrisa. Sjølv om ein EU-debatt på Island – pressa fram av at dei har ”hamna i ulukka”, vil kunne setje saka på dagsorden i Noreg også, vil eg presisere at det ikkje finst nokon god grunn til at den situasjonen  Island no er i skulle gjere det norske folket meir positive til EU-medlemsskap. Eit eventuelt islandsk EU-medlemsskap vil uansett ikkje verke inn på kva eit EU- medlemskap ville bety for Noreg.

Uavhengig av kva Island måtte velje å gjere vil EU ha behov for avtalar med Noreg. Noreg og EU har sjølvsagt gjensidig interesse av gode handelssamband. Sveits sa i si tid nei til EØS, men har no eit godt utvikla avtalesystem med EU basert på meir demokrati enn i EØS-avtala.

Statsbudsjettet for 2009
Så – over på samferdsel. Eg trur folk no er meir opptekne av samferdsel enn nokon gong. Det er dei fordi dei ser at samferdsel er viktig, og fordi statsråd Navarsete har klart å setje samferdsel på dagsorden også i riksmedia. Samferdsel er med på å sikre at folk òg i framtida kan bu, arbeide og starte bedrifter i heile det langstrakte, landet vårt. Dermed er samferdsel ein av dei beste måtane å sikre velferd og verdiskaping på.

Me er stolte over at me har peika ut ein annan og langt meir offensiv kurs for å byggje heile landet. Budsjettet for 2009 er eit viktig skritt på vegen. Regjeringa har sett av 28 milliardar kroner til samferdsel i statsbudsjettet, me satsar på rassikring, me doblar potten til trafikktryggleikstiltak, og me har sidan me overtok løyva mange friske milliardar ekstra til både veg og jernbane. I budsjettet har me føreslått anleggsstart på seks større vegprosjekt på stamvegnettet og åtte større prosjekt på øvrig riksvegnett – i tillegg til anleggsstart på ei rekkje mindre prosjekt. Det vil bli mykje anleggsarbeid rundt i landet neste år! Og det vil bli ytterlegare arbeid ut over det som no ligg i statsbudsjettet når den varsla krisepakka kjem.
Nasjonal transportplan 2010-2019

Likevel – det er mykje som gjenstår og me set oss stadig nye mål. Me trur det trengst ein del nye grep, nærast ein samferdslereform, for å få gjort dei store viktige tinga raskast råd. Me må ta grep for å vedlikehalde jernbanen, vegane og hamnene våre – men me må også samstundes bygge meir nytt. Me må tenkje rettferd og at heile landet skal med. Alle har rett til dei same goda – uansett kvar dei bur. Det er det som er distriktspolitikk i praksis: bygge landet, ta heile landet i bruk – og dei same goda uansett kvar ein bur.

I februar/mars skal me leggje fram ein ny nasjonal transportplan for de neste 10 åra – og sjølv om de veit at eg ikkje kan seie så mykje om innhaldet her i dag, kan eg love at me skal følgje opp satsinga i statsbudsjettet med eit ytterlegare løft på samferdsleområdet i nord, sør, aust og vest.

Dessutan veit me at det gjennom fleire tiår har vorte brukt for lite pengar både på investeringar og på vedlikehald. Difor er store deler av infrastrukturen nedsliten og lite oppdatert. Dette vedlikehaldsetterslepet kan me ikkje oversjå lenger. Nokon lyt ta ansvar, og det vil me ta. Transportetatane har i sitt forslag til NTP 2010-2019 føreslått ei vriding mot meir vedlikehald, og ei sterk auke av drifts- og vedlikehaldsinnsatsen vil nok bli ståande, også i endeleg NTP.

Når det er sagt, vil eg også sjølvsagt ha størst mogleg rammer til investeringar. Det er stort behov for både strekningsvise investeringar og mindre tiltak. Me ønskjer ikkje berre å vedlikehalde landet, men òg å byggje det – og skal me få til det, må det meir pengar til. Me kan ikkje leve med at Noreg, som er på topp i det meste, har dårlegare infrastruktur enn nabolanda våre. Me har for mange alvorlege ulukker – om me aldri så mykje er blant dei i verda med best statistikk på området. Me har for mange flaskehalsar som forseinkar unødig både på veg og jernbane, me har for stor ras- og ulukkesfare, det tek for langt tid å kome seg gjennom eller forbi byane våre, og det er for liten kapasitet for transport av gods på bane. Slik kunne eg halde på.

Viktige prinsipp for transportpolitikken

Differensiering
I tillegg til å få auka potten til samferdsel, har det vore viktig for oss å få til ei differensiering mellom by og land i samferdselspolitikken. Me må bruke andre verkemiddel i byane enn i distrikta. I byane ønskjer me å satse på jernbane, kollektivtrafikk, innfartsparkering som gjer innreise effektiv, og ringvegar som gjer gjennomfart effektiv, i staden for generell meir vegkapasitet som bidreg til ytterlegare vekst i biltrafikken.

All forsking og internasjonal erfaring viser at det ikkje er nok berre å satse på betre tilrettelegging for kollektiv, gang- og sykkel dersom ein vil dempe bruken av bil i byane. Skal me få god effekt, må me også gjennomføre effektive og restriktive tiltak i høve til biltrafikken. Statsråden har difor gjennomført møte med praktisk talt alle storbyområda for å drøfte behovet for meir effektive heilskaplege pakkar – som inneheld ein kombinasjon av pisk og gulrot. Her er til dømes køprising sentralt. I distrikts-Noreg er vegen ofte einaste alternativet, då må òg satsinga på gode transportløysingar dreie seg om nettopp vegen.

Det er viktig å sjå veg, jernbane og hamner i samanheng. Der utfordringar ikkje kan løysast med jernbane, må vegsatsinga aukast i staden. Me må arbeide for gul midtstripe på alle stamvegar, heile landet må få framkomelege hovudvegar – og det må satsast på rassikring.

Både i byene og distrikta må me nok innsjå at bompengar er komne for å bli om vi skal få til eit høgt investeringsnivå. Til og med FrP ser ut til å innsjå det, der dei ikkje er i kostnadsfri og bekymringsfri opposisjon. Det er reelt sett semje om bompengepolitikken i Norge. Me kan like det eller ei, men sånn er det per i dag.

Effektiv pengebruk
I tillegg til å bruke meir pengar, er me opptekne av å bruke pengane mest mogleg effektivt. Me ønskjer å fullføre oppstarta prosjekt raskast mogleg i staden for stadig å setje i gang nye prosjekt med små midlar. Slik får me raskare vinst – og dermed større samfunnsnytte. Då me overtok regjeringskontora var ei rekkje større samferdselsprosjekt starta opp med særs små midlar. Føresetnadane som vart lagt til grunn i førre nasjonale transportplan har ikkje slått til. Trafikkveksten har vore større enn venta, kostnadane har vorte høgare, og behovet for drift og vedlikehald var blitt kraftig undervurdert. Me har auka løyvingane markant. Hadde me ikkje gjort det, ville det blitt uråd å halde kostnadseffektiv framdrift på ein del av prosjekta, men endå er me ikkje nøgde. Det må satsast endå meir på samferdsel, og for at me skal kunne gjere det, må det meir pengar til sektoren, uavhengig om me meiner det er mest fornuftig å kjøpe på avbetaling – her tenkjer eg på dei mykje omtalte alternative finansieringsformene – eller ei. Til sjuande og sist kokar alt ned til den budsjettmessige prioriteringa av samferdsel. Dei årlege prioriteringane i budsjetta er avgjerande – det er det ikkje mogleg å organisere seg vekk frå. Framtidas infrastruktur krev vilje til å satse – ikkje berre ord, men pengar.

Næringslivets transportbehov
Næringslivet vårt har på grunn av lange avstandar og vanskeleg geografi dårlegare tilgang til dei internasjonale marknadane enn næringsliv i dei fleste andre land, både på grunn av lange avstandar, på grunn av fjordar og fjell, fordi me har eit næringsliv med mykje ”ferskvare”, blant anna landbruksprodukt, som skal reise langt. Det er store verdiar som dagleg blir flytta på norske vegar, og mange lager finst på vegen til kvar tid.  For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda gode, rasfaren så liten som råd, ferja gå med høg frekvens om ho ikkje kan avløysast av fast samband etc. Me vil aldri kunne bli kvitt avstandsskilnadane mellom Noreg og konkurrerande land tettare på marknadane, men me kan utjamne skilnadane slik at me framleis får eit livskraftig næringsliv i utvikling. For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda vere gode, rasfaren så liten som råd, ferja gå med høg frekvens om den ikkje kan avløysast av fast samband etc.

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å gje næringslivet betre transportvilkår, ikkje minst for å flytte meir godstrafikk over frå veg til bane. Me er også opptekne av at vi må ha en rutevis gjennomgåande standard mellom by og land, tettbygde og meir grisgrendte strok og at me må ha velfungerande korridorar til (omlastings-)terminalar, knutepunkt og eksportmarkedane i utlandet.

Trafikktryggleik
Så kan eg ikkje unngå å nemne trafikktryggleik. Me opplevde i 2008 ei auke i talet på drepne i trafikken sjølv om talet på skadde har gått noko ned, og dei siste tre månedane har vore betre enn dei var i fjor. Det er ikkje utan grunn at me valde å doble potten til strekningsvise tiltak. Mindre tiltak som utbetring av kryss, fjerning av farleg sideterreng, vegbelysning, midtmarkering osv kan verke smått, men me veit at det er særs effektivt for å få redusert talet på ulukker. Fokuset på trafikktryggleik vil vere særs viktig for regjeringa også framover.

Klimaproblema
Sist, men ikkje minst, er eit viktig prinsipp for oss å føre ein transportpolitikk som tek omsyn til dei alvorlege klimaproblema me står overfor, noko me ikkje må gløyme sjølv om me no står oppe i ei krevjande økonomisk tid. Me må vere villige til å ta grep som gjer at me tek vare på jorda for barnebarna våre. Budsjettet for 2009 inneheld ei rekkje tiltak for å gjere samferdselssektoren meir miljøvennleg. Me gjennomfører ei historisk satsing på jernbane, me doblar Belønningsordninga for betre Kollektivtrafikk i byene – og me gjennomfører ei ytterlegare differensiering av eingongsavgifta. Me er dessutan glade for at me no får på beina eit såkalla Transnova, som skal liggje i Trondheim vere transportsektoren sitt svar på Enova, og gjennom økonomisk stønad og rådgjeving skal bidra til at fossilt og forureinande drivstoff blir bytt ut med fornybare og utsleppsfrie drivstoff.

Det er tøffe tider landet vårt er inne i for tida, med finanskrise, klimakrise og matkrise, men det er som kjent i motbakke det går oppover, og me er i tillegg så heldig stilt her i landet at me har store ressursar og stor handlefridom. Likevel må me ta val, me kan ikkje gjere alt på ein gong. Me må ta ein og ein avsats, ein og ein etappe. Difor må me gjere det viktigaste først.

Senterpartiet meiner Noreg har ein historisk moglegheit – no før eldrebylgja slår inn – til å investere i infrastruktur og kunnskap som vil gje velferd for framtidige generasjonar. Det er den beste måten å byggje landet vidare på. Me er nøgde med det vi har fått til på mange område – men me håpar og trur folk vil gje oss tillit til å fortsetje med full kraft og fart i den retninga me har meisla ut. Me trur på valsiger og på ei ny periode med ei raudgrøn regjering. Dersom folk vil at me skal halde fram å byggje og utvikle heile landet, styrke den lokale velferda og vidareføre samferdslesatsinga – då må dei gje oss tillit til å halde fram. Eg vil våge den påstanden at det ikkje finst nokon regjeringskonstellasjon som ville vere betre for norsk landbruk enn den me har i dag. Me har greidd å regjeringspartnarane våre langt i retning av Sp, og dermed i retning ein landbrukspolitikk som skal sikre eit aktivt landbruk i heile landet.

Med dei orda vil eg seie takk for meg – eg gler meg til å samarbeide med dykk både fram mot 2009-valet og i åra som kjem etter det, til beste for landbruket vårt og landet vårt. Me er to ulike organisasjonar – de er ein interesseorganisasjon som tek vare på næringa sine behov – me er eit politisk parti som femner breitt. Men me har nokre felles verdiar som me står saman om – og som vil vere der sjølv om me er usamde i enkeltsaker.

Og med det seier eg takk for meg, no ser eg fram til å få spørsmål og innspel frå dykk!