Historisk arkiv

Innlegg for Transportbrukernes Fellesorganisasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

29. januar 2009

Statssekretær Geir Pollestads innlegg for Transportbrukernes Fellesorganisasjon, 29. januar 2009.

Statssekretær Geir Pollestad
Innlegg for Transportbrukernes Fellesorganisasjon
29. januar 2009

Fyrst vil eg gjerne seie takk for invitasjonen til å kome hit og snakke om regjeringas tiltakspakke, populært kalla tiltakspakka, og kva den får å seie for transportbrukarane. Eg skulle helse så mykje frå samferdselsministeren som eigentleg skulle vore her i dag. Ho var veldig lei seg for at det skar seg, men det var jo kjekt for meg at eg fekk kome hit til dykk, sjølv om eg veit – og har erfart – at me statssekretærar gjerne blir sett på som såkalla vandrande skuffelsar når det er me som dukkar opp i staden for statsrådane. Eg skal i allfall gjere så godt eg kan.

Tiltakspakka er ein dugnad, ei grønopprustning og eit løft for å gje arbeid til folk i heile landet. Regjeringa tykkjer det no er viktig å bruke situasjonen vi no står oppe i til å byggje landet og ta eit krafttak for å ruste opp bygg, vegar og jernbane. Det ber også tiltakspakka preg av, dei to heilt sentrale delane i tiltakspakka er nemleg ei styrking av kommunane med 6,4 milliardar kroner og ei tilleggsløyving til samferdsle på 3,8 milliardar kroner. Pengane er godt geografisk fordelt over heile landet, sjølv om det sjølvsagt – som alltid – er nokon som meiner at andre har fått for mykje og dei sjølve for lite.

Eg kan kort nemne den delen som ikkje går til samferdsel – men til kommunane, før eg går over til samferdsel. Me har vald å lytta til kommunane. Difor får kommunane fire milliardar kroner til å investere for, samstundes som dei får to milliardar kroner i frie inntekter – for desse pengane kan dei sjølve avgjere om dei vil ruste opp skulebygg, kommunevegar, sjukeheimar eller anna.

Når det gjeld samferdsle gjer tiltakspakka at saman med auken i ordinært budsjett for 2009 er samferdslebudsjettet no auka med heile 25 prosent frå 2008. Det er den største aktivitetsauken nokon sinne på samferdslesektoren og betyr at me får sett hender og maskiner i arbeid og rusta opp ei mengd veg- og jernbaneprosjekt som gjev oss ein tryggare, meir miljøvenleg og effektiv transport for folk og næringsliv i heile landet. Dessutan tek me no eit stort løft for å få på plass fleire gang- og sykkelvegar.

Tiltakspakka - jernbane
Tiltakspakka gir 1,3 milliardar kroner til opprusting og utbygging av jernbanen. Det gir eit betre og meir punktleg jernbanetilbod for folk og næringsliv rundt i landet – og får fleire hender i arbeid raskt. Midlane vil bli nytta til å framskunde utbygging og planlegging av fleire større prosjekt på jernbanenettet, tiltak for meir punktleg tografikk, betre publikumsinformasjon og å gjere stasjonane betre tilgjengeleg for alle grupper av reisande.

Med den varsla auken i tiltakspakka vil jernbaneformål få 2,6 milliardar kroner meir i 2009 enn i 2008. Eit jernbanebudsjett på over 10 milliardar kroner varslar ei ny tid for jernbanen og gjer det mogleg å få til naudsynt opprusting av jernbanen. Tidspunkt for starte dei føreslåtte tiltaka vil variere noko, men arbeida vil i hovudsak kome i gang frå februar/mars og utover våren  2009.

Tiltakspakka – veg
Tiltakspakka betyr at me vil bruke 2,3 milliardar kroner til opprusting og utbygging av vegnettet rundt i landet. I budsjettet for 2009 kom ei auke på 1,6 milliardar kroner til veg. Til saman vil dette gi stor aktivitet i anleggsbransjen. Med den føreslåtte auken vil løyvingane til Statens vegvesen i 2009 bli 19,3 milliardar kroner eller 25,3 prosent høgare enn i 2008.

Tiltakspakka – miljø
Ein sterk vekst i jernbaneløyvingane, ei tung satsing på gang- og sykkelvegar, auka løyvingar til miljøtiltak på vegnettet og 50 millionar kroner til ladestasjonar for elbil, vil gje oss ein meir miljøvennlig transportsektor. Tilleggsløyvinga på 3,65 milliardar kroner vil gjere det lettare å redusere klimautsleppa frå transportsektoren.
Blant anna føreslår regjeringa 500 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelveger. Det er dermed sett av 1 milliard kroner til gang- og sykkelvegar for 2009, noko som vil styrke trafikktryggleiken og leggje forholda betre til rette for miljøvenleg ferdsel for gåande og syklande. 

Me har òg lagt inn 50 millionar kroner til utbygging av ladestasjonar for elbilar og plugg-inn-hybridar. Med ei kostnadsramme på om lag 10 000 kroner per stasjon vil det gje 5 000 nye ladestasjonar. Elektrifisering av transportsektoren er viktig for å redusere klimagassutsleppa og andre utslepp frå denne sektoren. I Noreg ligg forholda godt til rette for å utnytte elektrisitet som drivstoff, fordi så å seie heile elektrisitetsproduksjonen vår er basert på fornybare kjelder. Dette gjer bruk av elbil i Noreg særleg miljøvenleg, og utbygging av ladestasjonar vil gjere elbilar meir brukarvenleg.

Å få på plass ladestasjonar der folk ferdast er ein viktig del av regjeringas strategi for å elektrifisere transportsektoren raskare. Regjeringas har tidlegare tatt grep for å gjere det meir attraktivt å eige og leige elbil. Med mange ladestasjonar rundt i landet vil etterspurnaden etter bilar som kan gå på straum auke.

Eg har blitt beden om å seie korleis regjeringas tiltakspakke påverkar transportbrukarane. Det er ganske lett å svare på. I fjor la me fram tidenes samferdselsbudsjett, no får me eit ekstra løft i form av tiltakspakka, til saman gjer dette at det vil bli gjort meir for investering og vedlikehald av transportsystemet vårt enn nokon gong før. Det vil bli mykje anleggsarbeid rundt om i landet det neste året og transportbrukarane vil om ikkje lenge merke resultata av dette i form av betre, tryggare, meir effektive og meir miljøvenlege transportsystem.

Nasjonal transportplan 2010-2019
Likevel – det er mykje som gjenstår og me set oss stadig nye mål. Me trur det trengst ein del nye grep, nærast ein samferdslereform, for å få gjort dei store viktige tinga raskast råd. Me må ta grep for å vedlikehalde jernbanen, vegane og hamnene våre – men me må også samstundes bygge meir nytt. Me må tenkje rettferd og at heile landet skal med. Alle har rett til dei same goda – uansett kvar dei bur. Det er det som er distriktspolitikk i praksis: bygge landet, ta heile landet i bruk – og dei same goda uansett kvar ein bur.

I februar / mars skal me leggje fram ein ny nasjonal transportplan for de neste 10 åra – og sjølv om de veit at eg ikkje kan seie så mykje om innhaldet her i dag, kan eg love at me skal følgje opp satsinga i statsbudsjettet med eit ytterlegare løft på samferdsleområdet i nord, sør, aust og vest.

Dessutan veit me at det gjennom fleire tiår har vorte brukt for lite pengar både på investeringar og på vedlikehald. Difor er store deler av infrastrukturen nedsliten og lite oppdatert. Dette vedlikehaldsetterslepet kan me ikkje oversjå lenger. Nokon lyt ta ansvar, og det vil me ta. Transportetatane har i sitt forslag til NTP 2010-2019 føreslått ei vriding mot meir vedlikehald, og ei sterk auke av drifts- og vedlikehaldsinnsatsen vil nok bli ståande, også i endeleg NTP.

Når det er sagt, vil me også sjølvsagt ha størst mogleg rammer til investeringar. Det er stort behov for både strekningsvise investeringar og mindre tiltak. Me ønskjer ikkje berre å vedlikehalde landet, men òg å byggje det – og skal me få til det, må det meir pengar til. Me kan ikkje leve med at Noreg, som er på topp i det meste, har dårlegare infrastruktur enn nabolanda våre. Me har for mange alvorlege ulukker – om me aldri så mykje er blant dei i verda med best statistikk på området. Me har for mange flaskehalsar som forseinkar unødig både på veg og jernbane, me har for stor ras- og ulukkesfare, det tek for langt tid å kome seg gjennom eller forbi byane våre, og det er for liten kapasitet for transport av gods på bane. Slik kunne eg halde på.

Viktige prinsipp for transportpolitikken

Differensiering
I tillegg til å få auka potten til samferdsel, har det vore viktig for oss å få til ei differensiering mellom by og land i samferdselspolitikken. Me må bruke andre verkemiddel i byane enn i distrikta. I byane ønskjer me å satse på jernbane, kollektivtrafikk, innfartsparkering som gjer innreise effektiv, og ringvegar som gjer gjennomfart effektiv, i staden for generell meir vegkapasitet som bidreg til ytterlegare vekst i biltrafikken.

All forsking og internasjonal erfaring viser at det ikkje er nok berre å satse på betre tilrettelegging for kollektiv, gang- og sykkel dersom ein vil dempe bruken av bil i byane. Skal me få god effekt, må me også gjennomføre effektive og restriktive tiltak i høve til biltrafikken. Statsråden har difor gjennomført møte med praktisk talt alle storbyområda for å drøfte behovet for meir effektive heilskaplege pakkar – som inneheld ein kombinasjon av pisk og gulrot. Her er til dømes køprising sentralt. I distrikts-Noreg er vegen ofte einaste alternativet, då må òg satsinga på gode transportløysingar dreie seg om nettopp vegen.

Det er viktig å sjå veg, jernbane og hamner i samanheng. Der utfordringar ikkje kan løysast med jernbane, må vegsatsinga aukast i staden. Me må arbeide for gul midtstripe på alle stamvegar, heile landet må få framkomelege hovudvegar – og det må satsast på rassikring.

Både i byene og distrikta må me nok innsjå at bompengar er komne for å bli om vi skal få til eit høgt investeringsnivå. Til og med FrP ser ut til å innsjå det, der dei ikkje er i kostnadsfri og bekymringsfri opposisjon. Det er reelt sett semje om bompengepolitikken i Norge. Me kan like det eller ei, men sånn er det per i dag.

Effektiv pengebruk
I tillegg til å bruke meir pengar, er me opptekne av å bruke pengane mest mogleg effektivt. Me ønskjer å fullføre oppstarta prosjekt raskast mogleg i staden for stadig å setje i gang nye prosjekt med små midlar. Slik får me raskare vinst – og dermed større samfunnsnytte. Då me overtok regjeringskontora var ei rekkje større samferdselsprosjekt starta opp med særs små midlar. Føresetnadane som vart lagt til grunn i førre nasjonale transportplan har ikkje slått til. Trafikkveksten har vore større enn venta, kostnadane har vorte høgare, og behovet for drift og vedlikehald var blitt kraftig undervurdert. Me har auka løyvingane markant. Hadde me ikkje gjort det, ville det blitt uråd å halde kostnadseffektiv framdrift på ein del av prosjekta, men endå er me ikkje nøgde.

Det må satsast endå meir på samferdsel, og for at me skal kunne gjere det, må det meir pengar til sektoren, uavhengig om me meiner det er mest fornuftig å kjøpe på avbetaling – her tenkjer eg på dei mykje omtalte alternative finansieringsformene – eller ei. Til sjuande og sist kokar alt ned til den budsjettmessige prioriteringa av samferdsel. Dei årlege prioriteringane i budsjetta er avgjerande – det er det ikkje mogleg å organisere seg vekk frå. Framtidas infrastruktur krev vilje til å satse – ikkje berre ord, men pengar.

Næringslivets transportbehov
Næringslivet vårt har på grunn av lange avstandar og vanskeleg geografi dårlegare tilgang til dei internasjonale marknadane enn næringsliv i dei fleste andre land, både på grunn av lange avstandar, på grunn av fjordar og fjell, fordi me har eit næringsliv med mykje ”ferskvare”, blant anna landbruksprodukt, som skal reise langt. Det er store verdiar som dagleg blir flytta på norske vegar, og mange lager finst på vegen til kvar tid.  For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda gode, rasfaren så liten som råd, ferja gå med høg frekvens om ho ikkje kan avløysast av fast samband etc. Me vil aldri kunne bli kvitt avstandsskilnadane mellom Noreg og konkurrerande land tettare på marknadane, men me kan utjamne skilnadane slik at me framleis får eit livskraftig næringsliv i utvikling. For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda vere gode, rasfaren så liten som råd, ferja gå med høg frekvens om den ikkje kan avløysast av fast samband etc.

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å gje næringslivet betre transportvilkår, ikkje minst for å flytte meir godstrafikk over frå veg til bane. Me er også opptekne av at vi må ha en rutevis gjennomgåande standard mellom by og land, tettbygde og meir grisgrendte strok og at me må ha velfungerande korridorar til (omlastings-)terminalar, knutepunkt og eksportmarkedane i utlandet.

Trafikktryggleik
Så kan eg ikkje unngå å nemne trafikktryggleik. Me opplevde i 2008 ei auke i talet på drepne i trafikken sjølv om talet på skadde har gått noko ned, og dei siste tre månedane har vore betre enn dei var i fjor. Det er ikkje utan grunn at me valde å doble potten til strekningsvise tiltak. Mindre tiltak som utbetring av kryss, fjerning av farleg sideterreng, vegbelysning, midtmarkering osv kan verke smått, men me veit at det er særs effektivt for å få redusert talet på ulukker. Fokuset på trafikktryggleik vil vere særs viktig for regjeringa også framover.

Klimaproblema
Sist, men ikkje minst, er eit viktig prinsipp for oss å føre ein transportpolitikk som tek omsyn til dei alvorlege klimaproblema me står overfor, noko me ikkje må gløyme sjølv om me no står oppe i ei krevjande økonomisk tid. Me må vere villige til å ta grep som gjer at me tek vare på jorda for barnebarna våre. Budsjettet for 2009 inneheld ei rekkje tiltak for å gjere samferdselssektoren meir miljøvennleg. Me gjennomfører ei historisk satsing på jernbane, me doblar Belønningsordninga for betre Kollektivtrafikk i byene – og me gjennomfører ei ytterlegare differensiering av eingongsavgifta. Me er dessutan glade for at me no får på beina eit såkalla Transnova, som skal liggje i Trondheim vere transportsektoren sitt svar på Enova, og gjennom økonomisk stønad og rådgjeving skal bidra til at fossilt og forureinande drivstoff blir bytt ut med fornybare og utsleppsfrie drivstoff.

Avslutning
Det er tøffe tider landet vårt er inne i for tida, med finanskrise, klimakrise og matkrise, men det er som kjent i motbakke det går oppover, og me er i tillegg så heldig stilt her i landet at me har store ressursar og stor handlefridom. Den dugnaden me no har framfor oss vil utan tvil gje eit løft for transportsystema våre og gjere dei meir framtidsretta, men også etter tiltakspakka vil det vere store utfordringar å ta tak i. Samferdsel er med på å sikre at folk òg i framtida kan bu, arbeide og starte bedrifter i heile det langstrakte, landet vårt. Dermed er samferdsel ein av dei beste måtane å sikre velferd og verdiskaping på – me er stolte av det me har fått til, men det er viktig at området blir prioritert politisk, også i framtida. Den oppgåva er den raudgrøne regjeringa klar for å ta – om me får fornya tillit til hausten!

Og med det seier eg takk for meg, no ser eg fram til å få spørsmål og innspel frå dykk!