Historisk arkiv

Innlegg i Adresseavisen om Nasjonal transportplan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

11. juni 2009

Innlegg i Adresseavisen av samferdselsminister Liv Signe Navarsete om Nasjonal transportplan, 11. juni 2009.

Brei semje om å ruste opp transportsystemet

Torsdag behandlar Stortinget regjeringa sitt framlegg til Nasjonal transportplan 2010-2019. Alt tyder på brei politisk semje om ei kraftig opprusting av transportinfrastrukturen i Noreg. Det er eg særs nøgd med.

Medan tidlegare NTP-framlegg har signalisert forsiktig auke i rammene, varslar me no ei auke på heile 45 prosent! Dei føreslåtte tiltaka vil gjere reisetida på strekninga Oslo – Trondheim 30-35 minutt kortare, og på kyststamvegen E39 Stavanger –Trondheim blir innsparinga på ein heil time. Totalt vil dei planlagde tiltaka redusere transportkostnadene til næringslivet med 31 milliardar kroner dei neste ti åra – og vere eit stort framsteg for alle vanlege reisande.

Nye prosjekt hjelper lite om resten av nettet forvitrar. I NTP 2010-2019 føreslår me å auke innsatsen på drift- og vedlikehald ytterlegare. I dette inngår fjerning av flaskehalsar, kapasitetsaukande tiltak, breiddeutviding, og ikkje minst viktige trafikktryggingstiltak – tiltak som ikkje er så prangande – men gir mykje igjen på viktige område. Eg er òg glad for at me har funne rom for å satse ein milliard kroner kvart år på rassikring.

Regjeringa meiner det er naudsynt å utgreie vidare korleis høgfartsbaner best kan tilpassast norske tilhøve før me tar stilling til om det skal byggast slike banar i Noreg. Eg er glad for at eit breitt fleirtal i komiteen sluttar seg til ønsket om ei slik utgreiing.

I byane vil me satse på jernbane, kollektivtrafikk, innfartsparkering som gjer innreise effektiv og ringvegar som gjer gjennomfart effektiv – snarare enn generelt auka vegkapasitet som bidreg til ytterlegare vekst i biltrafikken. Ei viktig oppgåve blir å snu transportsektoren i meir miljøvennleg retning, blant anna gjennom satsing på jernbane og andre kollektivtiltak, gang- og sykkelvegar og ei dobling av godskapasiteten på jernbane og av Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda. Også rask innfasing av køyretøy med låge eller ingen utslepp viktig – og det vil me støtte gjennom bruk av avgiftssystemet, Trondheimsbaserte Transnova og midlar til forsking.

Samstundes har me eit overordna mål om å kome eit godt steg vidare mot nullvisjonen for trafikktryggleik. Me vil gjennom tilrettelegging av transportsystemet bidra til at samfunnet blir meir inkluderande og tilgjengeleg for alle.

Målet er eit transportsystem som gir ein betre og tryggare kvardag for folk i heile landet.