Innlegg i VG - "Ei ny tid for jernbana"
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 01.09.2009
Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg i VG 1. september 2009 om jernebaneutbygging.
Ei ny tid for jernbana
VGs kommentator Frithjof Jacobsen omtalar i avisa torsdag 27. august 2009 det såkalla ”Skinnedemokratiet”. Både Jacobsen og Osmund Ueland – som han siterer – har rett i at det med dagens rammer vil ta lang tid å få ferdig Austfoldbana. Den gode nyhenda er at regjeringa har lagt fram ein nasjonal transportplan der vi nær doblar satsinga på investering på jernbane. Oslo-Ski, som står på eigen post på statsbudsjettet framover, skal byggjast samanhengande og kontinuerleg.
Vi har også sagt at vi skal byggje Mossetunnelen i løpet av komande tiårsperiode. Då må det vere jernbana sør for Ski som står for tur. Det vil bety at heile Austfoldbana blir ferdigstilt på langt kortare tid enn med dagens ramme, kanskje på tjue år.
Denne regjeringa har tatt grep for jernbana. Eg er stolt over at vi er i gang med prosjekt som dobbeltspora Lysaker-Sandvika, Sandnes-Stavanger og Barkåker -Tønsberg. Vi har òg fått fart på planlegginga av dobbeltspor Oslo-Ski og Eidsvoll-Hamar. Dessutan er vi godt i gang med å fornye gamle og nedslitne skinner og signalanlegg i Oslo-området for å få slutt på avviksproblema.
Vi har ambisiøse planar for framtida, og dei komande ti åra skal vi satse meir enn enorme 92 milliardar kroner på jernbane. Overføringane til Jernbaneverket blir dobla. Men når vedlikehaldet og fornyinga av norsk jernbane har ligge på eit for lågt nivå i godt og vel 30 år, tek det tid å bygge opp att jernbana.
Frithjof Jacobsen har rett i at det vil bli avgjerande at vi i åra framover får regjeringar som den raudgrøne, som er villige til å prioritere på samferdsel og jernbane.