Historisk arkiv

Innlegg om høgfartstog

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Hotel Bristol, Oslo, 17. november 2009

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa på eit frukostmøte om høgfartstog, halde på Hotel Bristol i Oslo, 17. november 2009.

God tysdag morgon alle saman!

Høgfartsbane eller eit spørsmål med så store dimensjonar at det kan gjere dei fleste svimle!

Alle som har køyrt høgfartstog veit at dette er ei sær behageleg måte å reisa på. Det er mykje positivt med høgfartstog. Utgreiinga som vart utarbeidd i forkant av Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP) viste at det vil vere mogleg å byggja ut høgfartsjernbane i Noreg. Ei reisetid på to-tre timar vil utan tvil gjera toget til eit svært attraktivt alternativ til flyet.

Samstundes vil eit slikt vedtak ha store konsekvensar. Berre planlegginga av ei høgfartsstrekning vil koste fleire milliardar kroner. Krevjande topografi og natur gjer at utbyggingskostnadane på dei aktuelle strekningane vil vera høge.

Difor treng vi meir kunnskap om høgfartsbane er eit eigna transportkonsept i Noreg før vi kan fatta vedtak. Det er behov for grundigare analysar der vi får belyst dei ulike alternativa. Det er òg viktig at Jernbaneverket får knytt til seg den beste faglege ekspertisen på området. 

Departementet vil innan utgangen av 2009 gje Jernbaneverket eit mandat og eit konkret oppdrag om utgreiing av høgfartsbanar i Noreg. Utgreiinga skal syna konsekvensar og moglegheiter ulike formar for høgfartsbanar kan gje. Regjeringa har sagt tydeleg i budsjettforslaget for 2010, i Nasjonal transportplan 2010-2019 og i Soria Moria II at vi vil gjennomføra ei slik utgreiing.

Eg er mellom anna oppteken av å få klarlagt om høgfartsjernbane i Noreg lar seg kombinera med all annan trafikk på jernbanenettet. Det vil truleg bli særs kostbart og ressurskrevjande å oppretthalda to parallelle jernbanenett i Noreg.

Det er eit stort engasjement i Samferdselsdepartementet kring dette temaet. Ein jobbar no for fullt med å få på plass eit vidare utgreiingsopplegget. Blant anna innhentar vi informasjon og erfaringar frå andre land.

Utgreiingsarbeidet må og sjåast i samanhang med det pågåande arbeidet med å vidareutvikla InterCity-strategien. Vi må òg sjå på det langsiktige behovet for banekapasitet i Osloområdet.

Ingen treng vera urolige for at satsinga på InterCity-triangelet skal bli skadelidande som følgje av ei eventuell høgfartsutbygging. Den vidare utbygginga med dobbeltspor mellom Skien, Halden og Lillehammer vil vera det viktigaste grepet på investeringssida dei neste åra. Dette står klart i Nasjonal transportplan. Eit fornuftig planlagd og utbygd IC-triangel vil uansett vera heilt naudsynt dersom ein seinare skal byggja ut eit høgfartsnett. 

Departementet og Jernbaneverket vil samarbeida tett om organiseringa av utgreiingsarbeidet. Utgreiingsprosessen skal gjennomførast i god tid før neste NTP.

Eg legg dessutan opp til ein svært open prosess. Det er viktig for meg, for departementet og for Jernbaneverket å møte spørsmålet om høgfartsjernbane med eit ope sinn.

Målet om bygging av høgfartsbanar har vi med oss. Dei komande utgreiingane vil visa om dette er eit realistisk mål.

Eg ser fram til å følgja det store og viktige arbeidet som Jernbaneverket om kort tid skal i gang med.

Takk for meg!