Historisk arkiv

Innlegg på årskonferansen til Postkom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Oslo, 22. april 2009

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete på årskonferansen til Postkom, halde i Oslo, 22. april 2009.

Kjære postvener!

Takk for invitasjonen til å kome hit i dag. I desse utfordrande tidene for Posten tykkjer eg det er ekstra viktig å møte dykk, få fortalt kva eg tenkjer og få innspel om kva de tenkjer og ynskjer.

Det er de som veit kvar skoen trykkjer, og det gjer at de er ein viktig samarbeidspartnar både for Posten si leiing og for oss som styresmakter i postsaker.

Eg er som samferdselsminister oppteken av at me skal ha eit velfungerande postvesen i Noreg. Eg ser på posttenestene som ein grunnleggjande infrastruktur som er særs viktig for at folk og bedrifter skal kunne kommunisere godt med kvarandre – og  Samferdselsdepartementet står som eigar av Posten nettopp for å synleggjere den viktige rolla selskapet har som ein kanal som skal bidra til eit fungerande næringsliv og busetnad i heile landet.

Regjeringa vil behalde 100 prosent statleg eigarskap i Posten Norge. I ein marknad prega av ustabilitet er det viktig å sikre arbeidsplassane og statleg styring med posttenestene.

Soria Moria står støtt, og eg og regjeringa står fast på at dagens tenestetilbod ikkje skal bli dårlegare, og at Posten i framtida skal ha det same grunnleggjande tenestetilbodet som i dag. Eg vil leggje til rette for at folk i heile landet får tilgang til rimelege og framtidsretta posttenester av god kvalitet òg i framtida. Det inneber framleis krav til omdeling av post 6 dagar i veka i heile landet – med krav til framsendingstider, tilbod om bank- og billettenester  og andre krav knytt til omdelingsstruktur etc. Meirkostnadane ved desse pålagte tenestene skal betalast for gjennom statleg kjøp over statsbudsjettet.

Me arbeider no med ei ny postlov. Der vil den overordna postpolitiske målsetjinga stå fast. Den nye postlova skal bidra til å sikre eit likeverdig tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester. Det betyr at lova skal sikre at alle brukarar får tilgang til ei rekkje førehandsbestemte basistenester. Kva som blir definert som leveringspliktige posttenester omfattar i dag blant anna krav til innsamlingspostkassar, faste ekspedisjonsstader og talet på omberingsdagar.


Økonomisk status


Posten er no inne i ein svært vanskeleg finansiell situasjon. Dette har kome ekstra tydeleg fram dei siste månedane, sidan Posten har fått merke lågkonjunkturen i økonomien sterkt. Spesielt gjeld dette innan postsegmentet, med dramatiske fall i voluma. Problema har òg vist seg innanfor logistikk. Eg skjønar veldig godt at dette er tungt for dykk som er tilsette i Posten og skapar uro for framtida.

Lat meg med ei gong seie: eg tykkjer ikkje det er eit godt alternativ å redusere servicenivået. Landet treng dei tenestene Posten tilbyr i dag. Det er viktig at folk dagleg får posten sin og at avisa kjem òg på laurdagar. Sjølvsagt kan eg forstå at de er bekymra for framtida når brev- og pakkevoluma går så drastisk ned, og reklamen forsvinn. Og eg forstår at leiaren i Postkom no stiller krav om at staten betaler for formidling av dei ulønsame posttenestene eller vurdere kva tenestenivå me ynskjer at Posten skal ha. For det kostar pengar å yte god service over heile landet. Til dette vil eg seie at Postens pålagde oppgåver ligg fast, og at eg difor vil sjå til at Posten har dei naudsynte økonomiske rammevilkåra  til å vareta desse oppgåvene. 

Eg er klar over at Posten dei siste åra ikkje har fått kompensert meirkostnadane sine, mellom anna fordi det har vore overskot i andre deler av verksemda som har dekt opp for underskot i postsegmentet og dei leveringspliktige tenestene. Posten gjekk frykteleg godt nokre år! De som tilsette bidrog i stor grad til dette. At selskapet no har kome i ein svak finansiell situasjon kjem i stor grad av den lågkonjunkturen me no ser. Ei tenestebedrift som Posten med høge, faste kostnadar knytt til produksjon og distribusjon blir diverre ramma hardt. Difor meiner eg det no er viktig at staten oppfyller sine forpliktingar som kjøpar av ulønsame tenester. Dette meiner eg både som samferdselsminister og som leiar av Senterpartiet.

Eg meiner det er avgjerande for kva slags selskap Posten skal vere i framtida og for kvaliteten på posttilbodet her i landet at det blir gitt statlege løyvingar, og lovar å kjempe hardt i budsjettprosessen for å få til dette. Eg vil ha eit av dei beste postvesena i verda!

Posten har ein nordisk strategi der oppkjøp og ekspansjon har vore viktig for å sikre total lønsemd i konsernet. Eit Posten som er totalleverandør til kundane vil gje betre tenester for disse storkundane, men òg bidra til å betre tenestenivået for norske postkundar. Eg trur og håpar at den lågkonjunkturen som no rammar Postens post- og pakkeverksemd vil ta seg opp att innan relativt kort tid. Me må likevel innsjå at ein god del av volumfallet er knytt til varige endringar i etterspurnaden, mellom anna på grunn av overgang til elektroniske kommunikasjonskanalar. 


Omstilling, nedbemanning, konsekvensar av økonomisk situasjon


Det er viktig for ei bedrift som Posten å tilpasse seg den endra verkelegheita me no er i. Posten må sjølvsagt vurdere både tenestenivået, den strukturelle organiseringa av bedrifta og behovet for tilsette etter kva som er hensiktsmessig. Samstundes er det ingen tvil om at omstillingar er krevjande for alle bedrifter – òg for Posten. Det positive er at Posten har utvikla ein god ’omstillingkultur’ gjennom mange år med hyppige effektiviseringar og omorganiseringar. Eg ser positivt på at Postkom er med i alle prosessar som gjeld store nedbemanningar og omstillingar.

Spinnaker-programmet som blei sett i verk i fjor ser ut til å ha mange gode økonomiske og strukturelle effektar, og er nok naudsynt for å kompensere for fallande volum og dei økonomiske konsekvensane av det, men eg har ingen problem med å sjå at nokon av tiltaka kan opplevast som negative for dei tilsette sin arbeidskvardag – særleg i oppstarten.

Det har vore godt å sjå kor bra omlegginga til fleire Post i Butikk og nedbemanningane i blant anna stabs- og støtte apparatet har blitt gjennomført. Eg er imponert over evna de har vist til å tilpasse dykk nye og krevjande situasjonar, og eg er òg imponert over den evna leiinga dykk i selskapet har vist  til å gjennomføre omstillings- og nedbemanningsprosessar i samarbeid med Postkom og tilsette. Eg meiner at Postkom har hatt ei viktig rolle her som pådrivar for gode prosessar.

Eg er som eigar av Posten særs godt nøgd med framsendingskvaliteten på A-post og øvrige framsendingskrav i 2008. Leveringskvalitet på 87,1 % på A-post er imponerande, og viser at dei tiltaka som vert sette i verk frå byrjinga i 2007 gav resultat.  Eg er òg tilfreds med at kundane er godt nøgd med Post i Butikk-tilbodet.


Liberalisering


Så veit eg at de er særs interessert i Postdirektivet. EU-direktivet om postliberalisering seier at EU-landa ikkje kan oppretthalde eineretten på posttenester etter 1. januar 2011. Om me vel å ta inn direktivet er som kjent framleis ikkje avgjort, men om me gjer det vil me heller ikkje lenger kunne ha ei ordning med at ulønsame posttenester vert finansierte av overskotet frå eineretten, slik me har det i dag.

Regjeringa har overfor EU uttrykt skepsis til vidare liberalisering av postsektoren. Før det freista me òg å hindre at forslaget vart vedteke i EU. No er vedtaket gjort, me er nøydde til å forhalde oss til det, og det inneber at me må finne ut korleis me skal handtere det.

Nokre land har fått utsetjing til 2013, og det er sjølvsagt eit spørsmål som òg kan vere relevant for Noreg. Men uavhengig av tidspunktet for implementering må me no arbeide med å sjå på korleis direktivet vil kunne påverke tilhøva i Noreg, dvs. om det er mogleg å leggje om postpolitikken og framleis sikre eit godt posttilbod i heile landet – om me vedtek  direktivet.

Om det er rett og viktig å søke om å få gjennomslag for å vente til 2013 med liberalisering, vil avhenge litt av dei vurderingane som me no vil gjere. Posten er òg inne i andre marknader, og det er eit moment me er nøydde å ta på alvor. Me må vurdere om utsetjing vil gje overhengande fare for at desse landa vil nytte seg av klausulen som gir dei moglegheit til å stengje Posten ute. Det vil i så fall få ganske store konsekvensar for Posten si drift, ikkje minst på den nordiske marknaden.

Me ser no nærare på kva konsekvensar ei liberalisering vil ha, særleg med omsyn til tenestetilbodet i distrikta og Posten si verksemd. Me har som de veit bestilt ein rapport frå Samfunns og næringsforsking AS (SNF) om dette. Rapporten har no vore ute på høyring, og høyringsfristen går ut i dag. Eg set pris på å få Postkom sine kommentarar, som eg vil studere nøye saman med dei andre høyringssvara. Eg er glad for at me har eit tett og godt samarbeid med Posten om dette, slik eg òg føler me har om dei andre vanskelege utfordringane me står overfor.

Ein ting er sikkert: Det vil bli svært viktig å sikre dei tilsette i Posten sine rettar i denne prosessen. Me ynskjer å bruke det lovverket me har i Noreg til det, og me kjem til å vere svært lydhøyre overfor alle innspel frå dykk. Saman skal me sikre at me framleis har eit levedyktig, velfungerande og livskraftig postvesen her i landet!

Takk for meg!