Historisk arkiv

Innlegg på Kulturminnekonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg på Kulturminnekonferansen, Oslo, 16. april 2009.

Samferdsel er kulturminne

Godtfolk!

Det er kjekt å få lov å opne denne flotte konferansen. Eg er glad for at Statens vegvesen og Kulturminneåret har teke initiativ til dette treffpunktet – for samferdsel er i høgaste grad viktige kulturminne som me skal ta vare på og bruke for alt dei er verd blant anna i marknadsføringa av landet vårt – og det er fint å få dette høvet til å minne oss sjølve på dette. Det er viktige kulturskattar me forvaltar, og det må me gjere på ein god måte – samstundes som det ikkje må kome i vegen for trygg, effektiv og miljøvenleg transport. 

Viktige kulturminne må takast godt vare på. Dette gjeld sjølvsagt også kulturminne i samferdselssektoren. Hugs at sjølve namnet på landet vårt har med samferdsle å gjere: nord - vegen. Det seier sitt!

Eg skal mest snakke om veg i dag, men som minister for heile sektoren, har eg lyst å nemne at me har kulturminne innan alle transportgreiner. Blant anna har både jernbane og veg sitt eige museum. I år fyller Bergensbana 100 år, og på desse hundre åra har Bergensbana opparbeida seg ein heilt spesiell status i Noreg og blitt eit nasjonalt ikon som i høgaste grad er både oppegåande og samfunnsmessig viktig. Bana er den mest trafikkerte fjerntogstrekninga i Noreg. I fjor reiste 702 000 menneske med regiontoget på Bergensbana, 1 405 000 passasjerar reiste mellom Bergen og Myrdal. Bana er lista opp blant verdas mest fantastiske togreiser og er både i seg sjølv og saman med Flåmsbana eit viktig trekkplaster for turistnæringa.
 
I dag er det likevel veg me skal snakke mest om. Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne var ferdig i 2002. Verneplanen skal sikre eit utval av vegminne og veghistoriske miljø frå reformasjonen og fram til i dag for ettertida. I samband med verneplanarbeidet blei over 1000 vegminne over heile landet kartlagt og registrer, og her har Statens vegvesen gjort ein god og viktig jobb. Også Jernbaneverket har ein slik verneplan, og i februar la Avinor fram ein landsverneplan for kulturminne på norske lufthamner. Kystverket jobbar med ein slik plan.

I forvaltinga av kulturarven er det avgjerande at det vert sett av nok pengar. I Nasjonal transportplan 2010-2019 som me nylig la fram, seier regjeringa at transportetatane skal ta vare på dei kulturminna innan samferdselssektoren som er i statens eige, anten dei er i drift eller ei. Me vil avgrense inngrep i viktige kulturminne, kulturmiljø, kulturlandskap og dyrka jord. For kvart enkelt prosjekt skal ein freiste å gjere inngrepet minst mogleg og kompensere for dette.

I samband med vern av vegar og anlegg som er i bruk kan ein kome opp i situasjonar der ulike interesser står mot kvarandre. Her er det viktig med dialog for å finne løysingar som alle kan leve med, og som samstundes tek vare på kulturhistoria på ein god måte. Eg vil understreke at det må leggjast stor vekt på at freding ikkje skal vere til hinder for lokal utvikling. Vern treng ikkje nødvendigvis bety ei frysing av dagens situasjon, men ei styrt utvikling der ein tek vare på kulturhistoria – samstundes som anlegget skal fungere for trafikantane. Vernet skal difor ikkje vere til hinder for at det kan gjerast utbetringstiltak i framtida. Eg legg til grunn eit skilje mellom vegar som skal fungere som hovudferdselsåre i lokalsamfunne og vegar der det finst alternative ruter. På vegar som i dag er i dagleg drift vil det sjølvsagt vere behov for ulike tiltak også i tida framover. Det vil vere forvaltingsplanane som i kvart enkelt tilfelle legg føringar for kva som er lov og ikkje. Me er oppteken av å ha god dialog med dei berørte kommunane – det er ein prosess som pågår no. 


Mange nyare vegar og bruer har blitt turistattraksjonar – slik som Atlanterhavsvegen, Svinesundbrua og Tromsøbrua – for å nemne nokre som dei fleste kjenner. Nokre av vegane i verneplanen er samstundes del av prosjektet Nasjonale turistvegar, til dømes Gamle Strynefjellsvegen, Geirangervegen og Atlanterhavsvegen, og er med på å styrke Noreg som turistmål. På mange måtar er desse byggverka identitetsskapande – både lokalt og for Noreg som nasjon.

Noko av det første eg gjorde som samferdselsminister var å doble løyvinga til dei nasjonale turistvegane frå 50 til 100 millionar kronar. Det nivået har regjeringa halde, fordi me ønskjer å medverke til at turistvegane skal kunne stå ferdig til utgangen av 2015. Eg tykkjer dei nasjonale turistvegane er noko av det viktigaste som har skjedd innan norsk turisme dei siste åra, og er stolt og glad over å ha vore med på dette. Turistvegane kombinerer natur, historie, arkitektur, kunstuttrykk og opplevingar på ein måte som har vekt oppsikt langt ut over landegrensene. Målet er at turistattraksjonen Nasjonale turistvegar skal kunna marknadsførast samla frå 2012, og at ein fullført attraksjon skal vere på plass innan utgangen av 2015 – med kvalitet i alle ledd. Køyreturen, rasteplassane, informasjonssystemet, vertskapet, maten, overnattingane, aktivitetane og opplevingane – alt skal vere på topp.

Eit viktig aspekt me ikkje må gløyme er at nye vegar og gater skal utformast med god tilpassing til landskapet og god arkitektonisk teft. Dette er viktig – fordi transportanlegga våre er ein viktig del av folks kvardag og fordi dei er framtidas kulturminne, og kanskje også framtidas turistattraksjonar!

Einar Skjæraasen har eit vakkert dikt som heiter Gammelvegen, som eg tykkjer seier noko vakkert om gamle vegar. Siste verset lyder slik:

No kryp det skugge. No gror det glømsel.
De gamle farmenn er ingen stan.
Men lyer du inn i sommarnatta,
da syng det lell frå e måltrostgran.
Og har du enno e lita kvilstønn,
da ska du djupt frå det glømte kjenne:
Den gamle vegen er som en tanke
du aldri riktig får tenkt te ende.

Takk for meg og lukke til med kulturminneåret og det viktige arbeidet med å ta vare på kulturminna våre!