Historisk arkiv

Innlegg på Kystvegkonferansen, Vanylven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

18. august 2009

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg på Kystvegkonferansen i Vanylven 18. august 2009.

Godtfolk!

Takk for invitasjonen. Eg var med i Florø i fjor, og det er kjekt å vere med her i  Vanylven i år. Eg har stor forståing for ynska dykkar, og deler trua på at Kystvegen kan vere ein motor for vekst i regionen framover. Eg tykkjer det er viktig at ein torer løfte fram nokre saker, og ikkje minst at ein torer ha visjonar. Nå de løftar i flokk, løftar de heile regionen.

Sjølv om ein eventuell kystveg i all hovudsak vil gå langs fylkesveg som fylka har ansvar for, tykkjer eg likevel det er særs viktig å kome hit, lytte til kva de har å seie og fortelje litt om vegsatsinga vår. Då er det sjølvsagt umogleg å ikkje kome inn på Nasjonal transportplan 2010-2019, som vart lagt fram i vår.

Nasjonal transportplan
Planen viser med all mogleg tydelegheit at regjeringa verkeleg satsar på veg. Det gjer me fordi gode vegar og gode transportsystem handlar om velferd – me treng gode vegar og eit godt transportsystem elles for å kome til skule, barnehage, arbeidsplass, gamleheim. Og næringslivet treng sjølvsagt gode, effektive og trygge transportårer for å få fram varene sine!

Medan tidlegare nasjonale transportplanar har signalisert forsiktig auke i rammene, la i vår fram ein transportplan med ei auke på 45 prosent!

Mange av dei viktigaste vegane våre har per i dag ikkje gul midtstripe. Det betyr at dei er for smale og for dårlege til å fungere slik me vil dei skal fungere. Difor har me lagt inn i Nasjonal transportplan at 350 kilometer riksveg blir rusta opp slik at den får gul midtstripe. Når det gjeld korridoren Stavanger-Bergen-Ålesund-Trondheim, er regjeringa sitt langsiktige mål å få gul midtstripe på heile E39. I løpet av planperioden vil talet på kilometer utan gul midstripe i denne korridoren bli meir enn halvvert. 140 kilometer som i dag manglar gul midtstripe, vil få det.

Tiltaka i transportplanen vil gjere reisetida mellom landsdelane våre 30-35 minutt kortare. På kyststamvegen E39 Stavanger –Trondheim blir innsparinga på ein heil time. Totalt vil dei planlagde tiltaka redusere transportkostnadene til næringslivet med 31 milliardar kroner dei neste ti åra – og vere eit stort framsteg for alle vanlege reisande.

Nye prosjekt hjelper lite om resten av nettet forvitrar. I NTP 2010-2019 føreslår me å auke innsatsen på drift- og vedlikehald, som fjerning av flaskehalsar, kapasitetsaukande tiltak, breiddeutviding og viktige trafikktryggingstiltak. Me har òg funne rom for å satse ein milliard kroner kvart år på rassikring. Eg veit at mange av dykk sikkert kjenner denne planen særs godt, så eg skal ikkje gå nærare inn på den no, i staden vil eg snakke om det som er dagens tema.

Kystvegen
Som eg innleia med å seie: eg har stor forståing for ynsket dykkar.  Eg trur ein kystveg mellom Florø og Måløy vil vere ei drivkraft i verdiskapinga i Sogn og Fjordane – ikkje minst for dei framtidsretta næringane knytt til kysten og havet. Eg er samd med dei som meiner her finst eit stort uforløyst potensial når det gjeld utvikling både innan maritim industri, olje, fornybar energi og reiseliv. Med ein eventuell ny kystveg vil reisetida frå Måløy til Florø bli kraftig redusert – truleg til under halvparten av dagens reisetid, og eg skjønar difor godt ynsket om ein slik veg. Eit samband som vil binde saman kysten frå Bergen til Ålesund vil gje effekt for vekst og utvikling i regionen. Men: som de veit vil dei aktuelle vegstrekningane vil vere fylkesveg frå 1. januar.

Forvaltningsreforma
Fylkeskommunen vil frå 1. januar bli den nye store vegeigaren, med fire gonger så mykje veg som staten. Dette er spennande tider for alle oss som er opptekne av norske vegar. Fylkeskommunane vil etter overføringa få ansvar for om lag 44 000 kilometer veg, medan det statlege vegnettet vil vere på om lag 10 000 kilometer. Fylkeskommunane får frå same dato ansvaret for 78 riksvegferjesamband. Dermed vil det vere 106 fylkesvegferjesamband og 17 riksvegferjesamband. Det er med andre ord ei stor oppgåve fylka får – eg er sikker på at dei vil løyse den på ein god måte.


Reforma gjer at staten får ansvar for dei vegane som bind landet saman, medan fylkeskommunane vil få ansvar for det regionale – som dei kjenner best. Dette er noko fylkeskommunane har ynskt lenge. Overføringa vil gje fylka betre moglegheit for å sjå ulike verkemiddel som vegnettet og kollektivtransportsystemet i samanheng, og det blir lettare å gjere heilskaplege vurderingar. Reforma vil også styrke det regionale nivået og flytte oppgåver nærare folk – og inneber såleis ei demokratisering m.a når det gjeld samordna areal- og transportplanlegging. Det overordna målet er at dette skal gje eit betre vegnett enn dagens. Eg er sikker på at dei vil løyse oppgåva dei har fått på ein god måte.

Det er viktig for meg å få fram at det framleis vil vere staten sitt ansvar å setje fylkeskommunane i stand til å byggje, drifte og vedlikehalde trygge og effektive vegar. Her har me merka oss tydelege krav frå fylka. Me la i vår fram eit økonomisk opplegg som skal setje fylka i stand til å løyse den oppgåva dei har fått.

Samstundes skal det ikkje stikkast under ein stol at å overføre 17000 kilometer veg og 78 ferjesamband ER ein krevjande prosess, men det skal me klare å handtere gjennom godt samarbeid. Det opplever eg at fylkeskommunane har vist vilje til  – og eg skal syte for at departementet og Statens vegvesen gjer det dei kan for at reforma vert velluka.

Økonomiske rammer
Det er store utfordringar på vegnettet fylkeskommunane får ansvaret for.

1: Difor vil fylka bli tilført midlar tilsvarande det staten brukar på dette vegnettet i 2009.  Det er viktig å hugse på at staten i år brukar meir pengar på veg enn nokon gong. Det er altså dette nivået som ligg i botn.

2: I tillegg er det lagt inn ei auke i dei frie midlane til fylkeskommunane på 1,5 milliardar kroner. I beløpet inngår ein milliard kroner som regjeringa foreslår for å styrkje fylkesvegane utover dagens nivå. Fylka vil også kunne bruke av resten av veksten til å satse på samferdsel, men her veit eg at fylka òg har andre viktige oppgåver å ta omsyn til

3: Me innfører ei rentekompensasjonsordning for fylkeskommunane med ramme på 2 mrd årleg.

4: Me har i NTP varsla ein halv mrd årleg til rassikring på det som no blir fylkesvegnett. Dette er pengar som blir løyvd over statsbudsjettet og kjem vegnettet til gode.

I motsetnad til NTP er det ikkje ein tiårsplan me no legg fram. Dette gjeld  2010, og nivået me har lagt oss på no vil vere eit minimumsnivå for neste fireårsperiode. Gjennom auka løyvingar, rentekompensasjonsordninga, og statlege midlar til turistvegar og rassikring på fylkesvegnettet vil fylka ha gode føresetnadar for å løyse oppgåva dei har fått. Dei vil dessutan ha moglegheit til å bruke prosjektfinansiering og andre finansieringsformer. Dette opplegget legg dermed grunnlaget for høg vekst i aktiviteten på fylkesvegane.

Fylkesfordelinga
Å fordele midlar til investering mellom fylka har vore krevjande. Me har gjort ei fordeling etter desse kriteria: veglengde, vegstandard, befolkning og bindingar.

I tillegg har ein etter skjønn fordelt om lag 200 millionar for å rette opp uønska utslag i fylkesfordelinga. Ein har mellom anna teke omsyn til at Oslo har særlege utfordringar knytt til  kollektivtiltak og at Hordaland har ønske om å vidareføre Bergensprogrammet. 
Fylkesfordelinga vil gjelde for dei neste fire åra. Det vil bli utarbeidd ein eigen kostnadsnøkkel i inntektssystemet som vil gjelde frå 2014. Midlar til drift og vedlikehald er fordelt mellom fylka ved hjelp av Statens vegvesens modell for berekning av behov for midlar til drift og vedlikehald. Midlar til ferjedrift er fordelt på grunnlag av eksisterande kontraktsforhold for anbodssamband og rekneskapstall for samband på rammetilskot i 2010.


Nokre fylkeskommunar – her snakkar eg særleg om Sogn og Fjordane, har store bindingar knytt til oppstarta prosjekt som ikkje er ferdige. Dette har ein teke høgde for i fylkesfordelinga, og det vil òg bli tatt omsyn til når  nærare retningsliner for rentekompensasjonsordninga skal utformast.  Det er viktig for meg å få fram at Sogn og Fjordane blir tilført ekstra midlar på grunn av bindingane med Dalsfjordsambandet og Bremangersambandet.

Dalsfjordsambandet og Bremangersambandet
Det er gitt oppstartsløyvingar for Dalsfjordsambandet og Bremangersambandet på det som i dag er øvrig riksvegnett. Som ei følgje av at staten per i dag framleis er ansvarleg for dette vegnettet og tilhøyrande prosjekt, har me vald å vidareføre dei byggeførebuande prosessane.

På bakgrunn av dette har Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet Dalsfjordbrua. Det er starta opp ein tilsvarande KS2-prosess for Bremangersambandet.

Dalsfjordsambandet og Bremangersambandet vil inngå i det framtidige regionale vegnettet etter forvaltningsreforma og at fylkeskommunen blir ansvarleg for finansieringa frå 2010.

E 39 Kvivsvegen
Eg vil også trekke fram Kvivsvegen. Prosjektet omfattar omlegging av E39 i ny trase gjennom Kviven med bygging av  ny veg frå Grodås i Hornindal kommune til Geitvika i Volda kommune. Prosjektet vil gje ferjefri stamveg mellom Nordfjord og Sunnmøre og knytte saman ein større bu- og arbeidsmarknadsregion. Prosjektet skulle opphavleg vore finansiert med bompengar, men bompengedelen var låg i forhold til kostnadene for prosjektet, og innkrevjinga av bompengar ville ført til høg avvising av trafikk. Prosjektet gjekk – som de sikkert hugsar – frå å vere bompengefinasiert, til å bli fullt ut statleg finansiert. Eg meiner det er viktig å ta grep for å få viktige strekningar raskt på plass, med størst mogleg samfunnsøkonomisk gevinst.

Eg tykkjer det er viktig at det blir arbeidd vidare med dette prosjektet. Det vil truleg bli viktig for dykk å få i stand ein god dialog med fylkeskommunen,  som altså  står ansvarleg for framtidige prioriteringar på dette vegnettet. Høge, tydeleg røyster er viktig, skal ein få til noko – og hugs at bompengeprosjekt gjerne stiller lenger framme i køen enn andre prosjekt. Og sjølvsagt – bruk stemmene dykkar – og stå samla! Lukke til, og takk for meg!