Historisk arkiv

Innlegg på luftfartskonferansen til Parat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete på luftfartskonferansen til Parat, halde på Gardermoen 14. oktober 2009.

Kjære alle saman!

Takk for invitasjonen til å vere her i dag. Det er flott for meg – som rett nok har ei dotter blant dykk og difor får rapportar frå ”den verkelege verda” i blant – å møte dykk som er ute i felten – eller rettare sagt oppe i lufta – og kjenner norsk luftfart betre enn dei fleste.

Eg er særs oppteken av luftfart. Noreg er eit land langt nord, med spreidd busetnad, lange avstandar, hardt klima og ein vanskeleg topografi. For oss er difor luftfarten  viktigare enn for dei aller fleste andre europeiske land, og gjer at nordmenn flyr meir innanriks enn dei fleste folkeslag. Me har også fleire flyplassar per innbyggjar enn elles i Europa. Mange stader er luftfart nærast for kollektivtransport å rekne. Også når det gjeld frakt av varer og post med fly, ligg Noreg på Europa-toppen.

Dei regionale lufthamnene og det regionale flyrutetilbodet spelar dessutan ei svært viktig rolle for at me skal kunne ha eit konkurransedyktig næringsliv i distrikta. Eit godt flytilbod er med på å sikre ein fungerande arbeidsmarknad og ikkje minst moglegheit for langpendling – noko eg sjølv har gjort dei siste fire åra. Gode flytilbod gir fleire arbeidsplassar i distrikta på grunn av fleire nyetableringar. Det gir også større vilje til satsing frå det etablerte næringslivet, styrka økonomi i bedrifta og generelt betre konkurranseevne.

Å oppretthalde dagens kortbanenett og dei regionale lufthamnene med mindre det er ynskje om noko anna lokalt, er difor eit viktig mål for regjeringa, som eg er glad for at me har fått understreka i Soria Moria II. Der blir det også understreka at ordninga med at overskotsplassar betalar for dei ulønsame skal vidareførast.

Det er eit klart mål at flyselskapa skal ha rammevilkår som sikrar at mesteparten av flyrutetilbodet innanlands skal kunne førast vidare utan tilskot frå staten.

Samstundes vil me vidareføre ordninga med kjøp av ulønsame flyruter for å sikre eit godt flyrutetilbod i hele landet. Regjeringa vil arbeide for større konkurranse om rutene, blant anna gjennom lengre anbodsperiodar. I område med spesielle avstandsutfordringar, særleg i Nord-Noreg, vil me arbeide for å forbetre tilbodet. Og: me vil sikre at utviklinga av flyplassar utanfor Avinor-systemet ikkje svekkar moglegheita til å oppretthalde eit desentralisert flyplasstilbod over heile landet.

Som nemnt er me også opptekne av å sikre flyruter der det kanskje ikkje er kommersielt grunnlag for dei, men der dei er naudsynte for folk og næringsliv. Eit døme: Regjeringa har i inneverande periode utvida flytilbodet i kortbanenettet og senka maksimalprisane med 20 prosent i Nord-Troms og Finnmark. Me meiner at eit godt flytilbod både internt i landsdelen og ut av landsdelen er heilt avgjerande for næringsutvikling og busetnad i Nord Noreg og vil difor fortløpande vurdere om det bør gjerast ytterlegare prisreduksjonar eller forbetringar i tilbodet i framtidige anbod. 

I går la me fram statsbudsjettet for 2010. I budsjettet er det føreslått nærare 942 millionar kroner til luftfart, ein auke på 24,5 prosent samanlikna med 2009. Nesten heile denne veksten heng saman med auka tilskot til regionale lufthamner og kjøp av flytransport. Tilskotet til regionale lufthamner er føreslått mangedobla, frå 13,5 millionar kroner til nær 88 millionar kroner. 50 millionar kroner av dette er eingongs tilskot til dei regionale lufthamnene for å møte dei store investerings- og finansieringsutfordringane Avinor står overfor dei næraste åra – mellom anna på grunn av dei nye krava til storleiken på tryggleiksområda rundt lufthamnene. På fleire av kortbaneflyplassane er det utfordrande å gjennomføre desse krava, men for Samferdselsdepartementet er det likevel viktig at det er same tryggleiksnivå på kortbaneflyplassane som på dei store lufthamnene.

I tillegg kjem 150 millionar som ligg inne i eigarmeldinga som framleis ikkje er vedteken av Stortinget – så totalt er det snakk om 200 millionar i ekstraordinært tilskot. Regjeringa legg også opp til at det i 2010 blir avdragsfritak på statslånet Avinor har, tilsvarande 388 millionar kroner, og me vil heller ikkje ta utbyte frå Avinor i 2010 – ordinært utbyte ville utgjort 250-300 millionar kroner. Også no i 2009 har Avinor fått avdragsfritak og utbytefritak. Desse grepa skal – saman med det direkte tilskotet – bidra til at Avinor kan gjennomføre dei naudsynte tryggleiksinvesteringane. Eg forventar sjølvsagt også at Avinor fokuserer på effektivisering, og er nøgd med at de har sett i gang eitt resultatforbetringsprogram.

Eg kan elles nemne at det i budsjettet er lagt opp til eit eingongs investeringstilskot til dei ikkje-statlege, regionale lufthamnene Notodden og Skien på til saman 12 millionar kroner. For å sikre grunnlag for framtidig drift er det også løyvd eit driftstilskot på nær 12 millionar kroner til Stord lufthamn.

Me har som målsetjing at tryggleiken innan norsk luftfart skal vere i verdstoppen. At Avinor no er i gang med eit større prosjekt for å utbetre lufthamnene er ein viktig del av arbeidet med tryggleik, men også dei tilsette er viktig, det veit de alt om.

I dagens EU-regelverk om arbeids- og kviletid for flygarar og kabintilsette, som er ein del av EØS-avtala, er ikkje helikopter med. No har EASA laga eit forslag til nye flyge- og kviletidsreglar for flygande personell, som skal erstatte det nye regelverket, og her er helikopter inkludert. Me er no i dialog med EASA om innhaldet i det nye regelverket, og utkastet er til vurdering både i Samferdselsdepartementet og hjå Luftfartstilsynet.

Det er også positivt for helikopternæringa at det er oppretta eit forum for operatørar av innanlandshelikopter under leiing av Luftfartstilsynet. Sidan byrjinga av 2008 har vore heile 9 meir eller mindre alvorlege ulukker med innalandshelikopter i Noreg der 4 personar har blitt drepne og 6 skadde. Difor er det gledeleg at FsF no kjem på plass og skal arbeide aktivt for ei vesentleg forbetring av flytryggleiken med helikopter, og for å få ned talet på luftfartsulukker  - blant anna gjennom å drive haldningsskapande arbeid blant operatørane og kundane og ta opp problemstillingar som er viktige for helikoptertryggleiken.

Mykje fungerer veldig bra også i dag, eg er glad for at det europeiske flysikringsorganet Eurocontrol nylig har gått ut med at Avinor er blant dei beste i Europa på tryggleikskultur. Eurocontrol har i samarbeid med Universitetet i Aberdeen og Avinor gjennomført ei undersøking av tryggleikskulturen i selskapet. Det er all grunn til å vere stolte og nøgde over eit slikt resultat!

Samstundes som luftfart er ein slags kollektivtrafikk, kjem me ikkje utanom at den auka flytrafikken byr på miljøutfordringar. Mange trur luftfarten står for ein større del av forureininga enn den eigentleg gjer – 2 % av dei totale utsleppa av klimagassar i Noreg kjem frå luftfarten. Utfordringane er vel så store i andre sektorar i samfunnet. Likevel –  prognosar viser at sektoren vil vekse. Dessutan har luftfarten utslepp i høgare luftlag, og desse utsleppa har sterkare verknad på klimaet enn utslepp nær bakken. Luftfarten må òg ta sin del av ansvaret.

Det pågår for tida tunge forhandlingar både i regi av ICAO og FNs rammekonvensjon for klimaendringar. Det er for tidleg å seie kva utfallet av toppmøtet i København i desember vil bli, men Noreg arbeider for at internasjonal luftfart skal omfattast av neste internasjonale klimaavtale. Eg meiner det lite ambisiøse resultatet frå toppmøte om klima i ICAO førre veke syner at luftfarten på klimakonferansen i København bør bli forplikta til utsleppsreduksjonar.
 
Eg er elles glad for at Avinor saman med flyselskapa lagt fram ein tiltaksplan for ei berekraftig utvikling av luftfarten og for å redusere veksten i utsleppet av klimagassar. Det er òg positivt at Noreg når det gjeld arbeidet med såkalla ”grøne landingar” ligg langt framme internasjonalt. Gjennom utskifting av flyflåten vil norske flyselskap ha fly med nyaste teknologi når det gjeld drivstofforbruk og klimagassutslepp. Det er me sjølvsagt glade for!

Det blei ved nyttår innført ei klagenemnd for flypassasjerar som reiser med rutefly. I nemnda er det representantar for både flyselskapa og forbrukarane. Vedtaka til nemnda er rådgjevande, men nemnda har mynde til å offentleggjere namna  på flyselskap som ikkje rettar seg etter avgjerslene. Regjeringa vurderer dessutan å innføre ei garantiordning som sikrar passasjerar på rutefly mot konsekvensane av konkurs i eit flyselskap. Saka har vore på høyring og er no til behandling i departementet.

Det er mange flinke folk i denne bransjen, og me vil ha endå fleire. Regjeringa vil bidra til å opprette Trafikkflygarutdanning ved universitetet i Tromsø som ei statleg finansiert flygarutdanning. Dette vil sikre stabil tilførsel av trafikkflygarar, sikre at flygarar får breiare fagleg kompetanse og vil bidra til å utvikle eit norsk fagmiljø.

Som ein del av dykk kanskje kjenner til, vil regjeringa at ansvaret for å føre tilsyn med arbeidsmiljøet for flygande personell i luftfarten ikkje lenger skal vere delt, men bli samla i ein instans. Regjeringa tek sikte på å finne ei løysing i saka i næraste framtid, der også innspela frå partane i arbeidslivet blir varetekne.

Det er inga tvil om at næringa no inne i ei spesiell tid. Finanskrisa har ramma luftfarten spesielt, og då tenkjer eg både på flyselskapa og infrastrukturleverandørane. Dette er sjølvsagt ein krevjande situasjon, som me følgjer tett. Me er ikkje minst opptekne av eventuelle konsekvensar for innanlands luftfart. For oss er det viktigaste å oppretthalde det omfattande nettet vårt av samanhengande flyruter – slik at passasjerane kan reise mest mogleg ”saumlaust” frå A til B. Og me er veldig glade for å ha gode samarbeidspartnarar som dykk, som kan kome med innspel til oss.

Tusen takk for meg, og lukke til vidare!