Historisk arkiv

Innlegg på møte i Nasjonalt trafikktryggleiksforum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete på møtet i Nasjonalt trafikktryggleiksforum, Samferdseldepartementet, 15.april 2009.

Velkomen, alle saman!

Og tusen takk til gutane som dansa! Det var fint med ei litt annleis opning på dagens TS-forum. Føraropplæring er ei av dei viktige emna me må diskutere når det gjeld tiltak mot ungdomsulukker, og det er flott å sjå at tankar om dette også kan uttrykkast og formidlast gjennom dans.

Også denne gongen er det kjekt å sjå at så mange har hatt moglegheit til å kome hit slik at me kan arbeide saman for å finne gode løysingar for å få ned ulukkestala. Eg plar ofte seie at  av alt me jobbar med i Samferdselsdepartementet  ja, eigentleg i heile transportsektoren –  er trafikktryggleiksarbeidet det aller viktigaste. Målet vårt med desse treffa er å leggje til rette for eit breiast mogleg samarbeid i trafikktryggleiksarbeidet. Skal me oppnå det me ønskjer, må me jobbe saman!

Noreg får internasjonal merksemd for det systematiske arbeidet vårt, og for resultata me oppnår. Sidan 2005 har regjeringa auka trafikktryggleiksinnsatsen monaleg. Men sjølv om me har halvert talet på drepne sidan syttitalet – medan trafikken har blitt tredobla – er det kvart år om lag 250 som blir drepne og 1000 som blir varig skadde i trafikken. Eg har møtt altfor mange trafikkskadde og etterletne etter stygge trafikkulukker, og er oppteken av at ulukkestala skal og må ned! Me har ein nullvisjon om at det ikkje skal vere drepne eller hardt skadde i transportsektoren. Den tek me no nye, store skritt mot å nå.

Nylig la me fram Nasjonal transportplan for perioden 2010-2019. Der legg me opp til eit skikkeleg krafttak mot trafikkulukker. Målet er å redusere talet på drepne og skadde like mykje dei neste ti åra som dei føregåande tjue. Me aukar trafikktryggleiksinnsatsen frå 332 mill i førre NTP til 860 mill, noko som vil gje ei mykje høgare takt i mellom anna utbygginga av midtdelarar og midtfelt. I tillegg kjem effekten av at me byggjer nye vegar og utbetrar dei gamle. Me vil òg prioritere mellom anna automatisk måling av gjennomsnittsfart på særleg ulukkesutsette strekningar og styrka føraropplæring. Ei styrking av kollektivtrafikken og satsing på meir gods frå veg til jernbane vil også bidra positivt i høve trafikktryggleik. Det same vil ei stor satsing på gang- og sykkelveg gjere.

Me ynskjer spesielt å arbeide for å få ned  talet på drepne og hardt skadde i møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med påkøyrsel av mjuke trafikantar. Det er desse ulukkene som tek flest liv. Me vil framleis ha fokus både på veg, kjøretøy og trafikant og vil difor  styrke dei trafikantretta tiltaka overfor høgrisikogrupper gjennom opplæring, informasjon og effektive og målretta kontrollar. Risikoen for at lovbrot skal bli oppdaga gjer at fleire blir meir på vakt. Me vil òg leggje til rette for å utnytte trafikktryggleikspotensialet i ny teknologi (ITS). Fleire av dykk har etterlyst ei forbetring av statistikkgrunnlaget over skadde i vegtrafikken Det vil me no sjå nærare på. At kunnskapsgrunnlaget skal vere best mogleg er noko me er opptekne av.

Utfordringane me står overfor vil krevje auka innsats frå alle aktørar innan trafikktryggleiksarbeidet – og det er som sagt difor det er viktig at de treffest og kjem med viktige innspel til meg og til kvarandre . I tida framover må me vidareutvikle dei tiltaka me veit er effektive og utnytte desse fullt ut. I tillegg må nedslagsfeltet for trafikktryggleiksarbeidet utvidast og omfatte fleire aktørar. Difor ynskjer me å trekkje ulike aktørar og forvaltingsnivå sterkare inn i det nasjonale trafikktryggleiksarbeidet.

Eg meiner fylkeskommunane, kommunane og dei ulike interesseorganisasjonane har ei viktig rolle å spele i forhold til ulukkesreduksjon. Eg meiner det finst eit stort potensiale for ulukkesreduksjon dersom fleire aktørar bidrar på sine område. Dette vil òg bli meir synleg og enda meir naturleg når forvaltningsreforma trer i kraft.

I dag skal fokus vere på ungdomsulukker. Det er eit viktig satsingsområde for oss for tida, og det var også eit område som på førre møte vart løfta fram som noko alle meinte me burde diskutere meir utførleg.

Me ser med stor uro på at ungdom, og særleg unge mannlege bilførarar, er overrepresenterte i ulukkesstatistikken. Dette gjeld både kor ofte ungdom er innblanda i ulukker og kor alvorlege ulukkene er. Ungdom i aldersgruppa 18-24 år er involvert i ca 25 pst. av dødsulukkene i trafikken, sjølv om dei berre utgjer ca 10 pst. av folket og står for ca 7 pst. av reiseverksemda. Denne statistikken viser med all mogleg tydelegheit at aldersgruppa er særs utsett. Me veit dessutan at ferske sjåførar har opptil 40 gonger høgare ulukkesrisiko enn gjennomsnittsbilisten – eit ganske skremmande faktum.

I fjor auka talet på unge som omkom i trafikken betydeleg i 2008 etter en periode med jamn reduksjon av talet på trafikkulukker med ungdom innblanda. Dette kan vere tilfeldig, men det kan også vere eit teikn på at ei lang trend er i ferd med å snu. Uansett er det viktig å ta problemet på alvor.

I tråd med nullvisjonen og auka fokus på høgrisikogrupper ønskjer me i tida framover å styrkje innsatsen spesielt overfor unge bilførarar. Me vil utarbeide ein strategi mot ungdomsulukker, me vil vurdere endringar og justeringar i føraropplæringa, innføre strengare prikkbelastning av førarar med førarkort på prøve, samt andre krav i prøveperioden som til dømes køyring med p-skilt. Og ikkje minst: me vil jobbe med nye tiltak mot promillekøyring og andre former for ruspåverka køyring.

Ungdom har vist seg å vere ei vanskeleg gruppe å nå i trafikktryggleiksarbeidet.
Det er difor viktig å samordne kreftene mellom Statens vegvesen, Trygg Trafikk og andre aktørar. Statens vegvesen gjennomfører no eit fireårig etatsprosjekt for å betre kunnskapen om høgrisikogrupper i trafikken, dette inkluderer unge bilførarar. Prosjektet vil leggje viktige premiss for det vidare arbeidet overfor denne trafikantgruppa. Det føregår kontinuerleg eit nært samarbeid mellom vegstyresmakter, politiet og Trygg Trafikk om tiltak knytt til ungdomsulukker og trafikkulukker generelt.

Strategien mot ungdomsulukker vil òg vil inngå i revidert Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg, og me vil no straks få ei orientering frå Statens vegvesen  om dette arbeidet.

Me ynskjer å høyre dykkar tankar og innspel på korleis me kan få ned talet på ungdomsulukkene, – og ynskjer både å høyre korleis de trur de kan bidra – og kva de meiner me som styresmakter kan gjere, gjerne ut over det vi har tenkt så langt. Me er alltid mottakelege for innspel, og eg håpar og trur dette blir eit produktivt og godt møte!

Takk for meg!