Historisk arkiv

Innlegg på vegkonferanse i Stavanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av statssekretær Geir Pollestad (Sp) på vegkonferanse i Stavanger, 19. august 2009.

Godtfolk!

Takk for invitasjonen!

Det er kjekt å vere her. Ikkje berre kjenner eg meg på heimebane når det er snakk om Sør-Vestlandet og Rogaland i kombinasjon med temaet veg, eg er også svært oppteken av det som er målet for denne konferansen – nemleg at etaten må byggje gode relasjonar med alle som arbeider med eller brenn for betre vegar her i landet. Me er i gang med eit kjempeløft innan vegsatsinga, men dess fleire allierte ein har, dess fleire som er med og dreg lasset, dess betre er det. Me skal byggje landet vidare, og me skal sikre både folk flest og næringslivet gode, trygge og effektive vegar.

Nasjonal transportplan 2010-2019
Desse store visjonane følgjer me opp i Nasjonal transportplan 2010-2019, som vart lagt fram i vår. Planen viser stor vilje til å satse tungt på veg og bane dei ti neste åra – for å nå viktige politiske mål på områda tryggleik, verdiskaping og miljø.

Nasjonal transportplan 2010-2019 inneber ei auke i løyvingane til samferdsel på 45 % samanlikna med førre NTP. Det skal brukast 321 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Me legg til rette for næringslivets transportar, me legg opp til ein stor innsats for å få ned talet på drepne og skadde, og me vrir transportpolitikken i grøn retning for å få ned klimagassutsleppa.

I tillegg til å auke potten til samferdsel, har det vore viktig for oss å få til ei differensiering mellom by og land i samferdselspolitikken. I dei mest folkerike områda skal me byggje jernbane og bidra til omlegging av personstransport frå personbil til kollektive transportmidlar, sykkel og gange. I distrikts-Noreg er vegen ofte einaste alternativet, då må òg satsinga på gode transportløysingar dreie seg om nettopp vegen. Det er viktig å sjå veg, jernbane og hamner i samanheng. Der utfordringar ikkje kan løysast med jernbane, må vegsatsinga aukast i staden.

Planen viser med all mogleg tydelegheit at regjeringa satsar på veg. Det gjer me fordi gode vegar og transportsystem handlar om velferd – me treng velfungerande vegar og  transportsystem for å kome til skule, barnehage, arbeidsplass, sjukeheim. Og næringslivet treng sjølvsagt gode, effektive og trygge transportårer for å få fram varene sine! Lange avstandar innanlands og til marknadane bidrar til at næringslivet i Norge har høgare transport- og logistikkostnader enn land det er naturleg å samanlikne oss med. Transportkostnadane kan vere nesten dobbelt så høge som gjennomsnittet i Europa. Sjølv om det ikkje er mogleg å fullstendig eliminere avstandsskilnadane mellom Noreg og konkurrentar i land tettare på marknadane, vil regjeringa leggje forholda til rette for å utjamne  kostnadsskilnadane slik at me framleis kan ha eit livskraftig næringsliv over heile landet.

Sjølv om det er ei klar målsetjing at jernbane og sjø skal ta større deler av den forventa veksten i godstransportmarknaden, veit me at vegtransport i svært mange tilfelle alltid vil vere hovudtransportforma og at god framkome og føreseieleg transport er viktig. Difor legg me stor vekt på å fjerne flaskehalser. Potensielle hindringar kan vere alt frå planlagte vinterstengte fjelloverganger via ventetider på ferjer i sommarsesongen og stillestående køer i rushtidstrafikken, til ras, ulukker og andre uforutsette hendingar. På alle desse områda gjennomfører me no tiltak. Blant anna har me funne rom for å satse ein milliard kroner kvart år på rassikring.

Transportkorridoren Stavanger-Bergen-Ålesund-Trondheim
Transportkorridoren Stavanger – Bergen – Ålesund – Trondheim knyter saman område som har eit særs eksportretta og dermed transportkrevjande næringsliv. Topografien og dei mange lange fjordane gjer at veginfrastrukturen nord- og sørover dels er dårlegare utvikla.

E39 frå Kristiansand til Trondheim er hovudferdselsåra på Vestlandet. Her har me store utfordringar på grunn av låg standard på vegen. Gul midtstripe og standardheving er naudsynt mange stader. Det langsiktige målet vårt er gul midtstripe på heile kyststamvegen E39, og i  løpet av planperioden vil talet på kilometer utan gul midtstripe i denne korridoren bli meir enn halvert. 140 kilometer som i dag manglar gul midtstripe, vil få det.

Dette vil gi målbare resultat. Tiltaka som ligg inne i transportplanen vil gjere reisetida på stamvegstrekningane 30-35 minutt kortare. På E39 blir innsparinga på ein heil time. Totalt vil dei planlagde tiltaka redusere transportkostnadene til næringslivet med 31 milliardar kroner dei neste ti åra – og vere eit stort framsteg for alle vanlege reisande.

Regjeringa har i NTP sett av betydelege midlar til fleire nybyggings- og oppgraderingsprosjekt på E39. Det vil bli brukt ca 14,5 milliardar kroner på E39 i perioden, og strekninga vil få  150 kilometer firefeltsveg.  Dette vil bidra til å utvikle Sør-Vestlandet som region, men også til å binde kysten og Vestlandet langt betre saman.

Konkret betyr dette mellom anna at utbygginga til firefelts veg på strekninga E39 Stangeland – Sandved i Sandnes kommune og ombygginga av E39 Tjensvollkrysset i Stavanger kommune blir fullført i perioden 2010-2019, og at det er prioritert statlege midlar til oppfølging av Haugalandspakka.

Arbeidet med prosjektet E39 Skibadalen i Egersund kommune er starta opp som del av  tiltakspakka regjeringa la fram i slutten av januar i år. Prosjektet omfattar fjerning av flaskehalsar og vil gi ein meir heilskapleg standard på vegen. Samferdselsdepartementet legg opp til at arbeidet blir sluttført i perioden.
Eit kjempeprosjekt som me har som mål å få starta opp i mot slutten av planperioden er Rogfast, ein undersjøisk tunnel nordover frå Stavanger som vil erstatte eit svært trafikktungt ferjesamband Det er sett av midlar til at arbeidet med Rogfast skal kunne starte opp i perioden 2014-2019, under føresetnad av at prosjektet skal delfinansierast med bompengar.

Ryfast er eit anna viktig brusamband. Brusambandet vil binde Ryfylke og Nord-Jæren tettare saman, og der det no pågår kvalitetssikring. Regjeringa har merka seg at dei lokale styresmaktene prioriterar dette prosjektet høgt og er også einige i at det er viktig å sikra eit betre samband mellom Ryfylke og Nord-Jæren. Sambandet vil vere bompengefinansiert.

I NTP er det vedteke oppstart av Eiganestunnelen allereie i første periode, altså i 2010-2013. Dette prosjektet skal etter planen finansierast med like delar statlege midlar og bompengar, og er ein føresetnad for utbygginga av Ryfast.

Eg har lyst å seie litt meir om dette med bompengefinansiering. Me er no i ein region med mange store, viktige løft som vil binde kysten saman og gje ei betre framtid for regionen – men som vil koste mykje. Utviklinga av desse har gjort det naturleg at finansieringa blir eit spleiselag. Mange framtidige prosjekt vil bli heilt eller dels basert på bompengar, der det er lokal vilje til å gjere dette for å få framskunda prosjekta.
 
Forvaltningsreforma
E39 er stamveg i dag, og vil også frå 1. januar vere riksveg. Svært mange andre vegar i regionen vil derimot bli fylkesvegar frå 1. januar. Då blir fylkeskommunen den nye store vegeigaren, med fire gonger så mykje veg som staten. Dette er spennande tider for alle oss som er opptekne av norske vegar. Fylka vil etter overføringa få ansvar for om lag 44 000 kilometer veg, medan det statlege vegnettet vil vere på om lag 10 000 kilometer. Fylka får med andre ord ei stor oppgåve – som eg er sikker på at dei vil løyse den på ein god måte.

Reforma gjer at staten får ansvar for dei vegane som bind landet saman, medan fylkeskommunane vil få ansvar for det regionale – som dei kjenner best. Dette er noko fylkeskommunane har ynskt lenge. Overføringa vil gje fylka betre moglegheit for å sjå ulike verkemiddel som vegnettet og kollektivtransportsystemet i samanheng, og det blir lettare å gjere heilskaplege vurderingar. Reforma vil også styrke det regionale nivået og flytte oppgåver nærare folk – og inneber såleis ei demokratisering mellom anna når det gjeld samordna areal- og transportplanlegging. Det overordna målet er at dette skal gje eit betre vegnett enn dagens. Eg er sikker på at dei vil løyse oppgåva dei har fått på ein god måte.

Det er viktig for meg å få fram at det framleis vil vere staten sitt ansvar å setje fylkeskommunane i stand til å byggje, drifte og vedlikehalde trygge og effektive vegar. Her har me merka oss tydelege krav frå fylka. Me la i vår fram eit økonomisk opplegg som skal setje fylka i stand til å løyse den oppgåva dei har fått.

1: Fylka bli tilført midlar tilsvarande det staten brukar på dette vegnettet i 2009.  Det er viktig å hugse på at staten i år brukar meir pengar på veg enn nokon gong. Det er altså dette nivået som ligg i botn.

2: I tillegg er det lagt inn ei auke i dei frie midlane til fylkeskommunane på 1,5 milliardar kroner. I beløpet inngår ein milliard kroner som regjeringa foreslår for å styrkje fylkesvegane utover dagens nivå. Fylka vil også kunne bruke av resten av veksten til å satse på samferdsel, men her veit eg at fylka òg har andre viktige oppgåver å ta omsyn til

3: Me innfører ei rentekompensasjonsordning for fylkeskommunane med ramme på 2 mrd årleg.

4: Me har i NTP varsla ein halv mrd årleg til rassikring på det som no blir fylkesvegnett. Dette er pengar som blir løyvd over statsbudsjettet og kjem vegnettet til gode.

I motsetnad til NTP er det ikkje ein tiårsplan me no legg fram. Dette gjeld  2010, og nivået me har lagt oss på no vil vere eit minimumsnivå for neste fireårsperiode. Gjennom auka løyvingar, rentekompensasjonsordninga, og statlege midlar til turistvegar og rassikring på fylkesvegnettet vil fylka ha gode føresetnadar for å løyse oppgåva dei har fått. Dei vil dessutan ha moglegheit til å bruke prosjektfinansiering og andre finansieringsformer. Dette opplegget legg dermed grunnlaget for høg vekst i aktiviteten på fylkesvegane.

Me skal byggje landet. Me skal bruke meir pengar – og me skal bruke dei meir effektivt. Me skal ta store løft, utvikle denne regionen vidare og gjere den endå betre å leve i og arbeide i. Og me skal arbeide saman. No ser eg fram til spørsmål og kommentarar frå dykk. 

Takk for meg!