Historisk arkiv

Jernbaneforum, Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes opningstale på Jernbaneforum, Oslo, 4. mars 2009.

Opningstale - Jernbaneforum, Oslo, 4. mars 2009

Godtfolk!

Det er kjekt å kome hit og treffe så mange gode jernbanevener på ei gong. I fjor trur eg at eg innleia med å seie at eg ikkje kunne hugse at jernbana hadde vore så langt framme i samfunnsdebatten og hatt så mange offensive og gode vener før. Eg vil seie at jernbana no om mogleg er endå meir i vinden enn tidlegare. Difor er eg glad for å kunne seie at me har gjennomført tidenes satsing på jernbane. Me har auka investeringane med 176 prosent og har jernbanebudsjett på over 10 milliardar. Det varslar ei ny tid for jernbana.

Både statsministeren og eg har i rollene som partileiarar teke til orde for ei ytterlegare auke i samferdselsløyvingane utover den kraftige auka me allereie teke, steg for steg i budsjetta. Og med ein finansminister som òg har et sterkt engasjement for jernbana, kan me forvente ei satsing som vil liggje på eit langt høgare nivå enn me har vore vane til over tid.

Regjeringsskiftet i 2005 førte til nytt fokus på samferdsel og meir midlar til sektoren. Berre frå i fjor til i år har me auka løyvingane med over 25 %. Ikkje berre har me sett oss klart høgare mål enn dei før oss – me har som første regjering greidd å levere, og innfridd rammene i Nasjonal Transportplan. Det har aldri skjedd før så lenge me har hatt denne planen. Men me kviler ikkje på laurbæra – me skal vidare og set oss heile tida nye, djerve mål. Det viste me i budsjettet, det viste me i tiltakspakka – og det skal me vise i Nasjonal transportplan 2010-2019 – som blir lagt fram om kort tid.

Me har òg vore opptekne av effektiv framdrift. Då me overtok regjeringsmakta sto utbygginga av nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Sandvika  i fare for å stoppe opp, no er framdrifta god. Utbygginga vil gi ei dobling av kapasiteten i sporet. Reisetida mellom Skøyen og Asker vil bli redusert frå 20 til 13 minuttar. I tillegg vil trafikken bli langt meir punktleg. Regjeringa har fått tilslutnad i Stortinget for ei restverdisikring som har gjort det mogleg for NSB å setje 50 nye togsett i bestilling, noko som vil gje eit anna og langt betre togtilbod i Austlandsområdet frå 2012. Særleg dei reisande vest frå inn mot Oslo vil få ein heilt annan reisekvardag.

No veit eg at me i dag skulle ha drøfta nettopp NTP nærare, det blir jo litt vanskeleg slik situasjonen er no, eg håpar de har forståing for at eg ikkje kan lekke frå ein plan som først kjem om nokre dagar, same kor lyst eg måtte ha. Det eg derimot kan gjere er å snakke litt om det me har gjort til no – og love at dette vil bli følgd godt opp i NTP. Sjølv om de veit at eg ikkje kan seie så mykje om innhaldet her i dag, kan eg love at me skal følgje opp satsinga i statsbudsjettet med eit ytterlegare løft på samferdsleområdet i nord, sør, aust og vest. For jernbana sin del  vil me særleg leggje vekt på Inter City, på områda rundt dei fire største byane og på godstrafikk.

Nasjonal transportplan 2010-2019
Det er mykje som gjenstår og me set oss stadig nye mål. Me må ta grep for å vedlikehalde jernbana, vegane og hamnene våre – men me må også samstundes bygge meir nytt. Me må tenkje rettferd og at heile landet skal med. Særleg i dei områda der ikkje jernbana er eit alternativ må innsatsen på veg aukast.

Me veit at det gjennom fleire tiår har vorte brukt for lite pengar både på investeringar og på vedlikehald. Difor er store deler av infrastrukturen nedsliten og lite oppdatert. Dette vedlikehaldsetterslepet kan me ikkje oversjå lenger. Nokon lyt ta ansvar, og det vil me ta. Transportetatane har i sitt forslag til NTP 2010-2019 føreslått ei ytterlegare opptrapping av vedlikehaldsinnsatsen. Regjeringa har allereie gjennomført ei auke i vedlikehaldsløyvingane, noko enkelte heva kritiske røystar mot tidleg i denne stortingsperioden. Med dei store problema jernbana opplever som fylgje av at ein i år etter år har skuve vedlikehaldet føre seg, meiner eg det er rett med ei ytterlegare opptrapping i NTP utover det nivået vi har hatt dei siste åra.

Alt dreier seg heldigvis ikkje berre om å rette opp att tidlegare manglande prioritering av vedlikehald og fornying. På Austlandet og rundt dei store byane er det grenser for kor mange fleire tog det er mogleg å køyre på dagens nett. Samstundes ser me at etterspurnaden etter persontransport på tog aukar år for år. I tillegg til å satse på å forbetre kvaliteten på eksisterande jernbanenett, må me òg investere i infrastruktur for framover å kunne tilby eit utvida tilbod til dei reisande. Det er stort behov for både strekningsvise investeringar og mindre tiltak. Me ønskjer ikkje berre å vedlikehalde landet, men òg å byggje det – og skal me få til det, må det meir pengar til.

Statsbudsjettet og tiltakspakka
Statsbudsjettet for 2009 som vart lagt fram i haust var det beste jernbanebudsjettet i manns minne.

I januar la me så fram tiltakspakka vår. Den er ein dugnad, ei grøn opprustning og eit løft for å gje arbeid til folk i heile landet. Me tykkjer det er viktig å bruke situasjonen me no står oppe i til å byggje landet og ta eit krafttak for å ruste opp bygg, vegar og jernbane. Difor er dei to heilt sentrale delane i tiltakspakka ei styrking av kommunane med 6,4 milliardar kroner og ei tilleggsløyving til samferdsle på 3,8 milliardar kroner. Pengane er godt geografisk fordelt over heile landet, sjølv om det sjølvsagt – som alltid – er nokon som meiner at andre har fått for mykje og dei sjølve for lite.

Tiltakspakka saman med auken i ordinært budsjett for 2009 er samferdslebudsjettet no auka med heile 25 prosent frå 2008. Det er den største aktivitetsauken nokon sinne på samferdslesektoren og betyr at me får sett hender og maskiner i arbeid og rusta opp ei mengd veg- og jernbaneprosjekt. Og det er godt å sjå at desse tiltak alt har gjeve effektar i arbeidsmarknaden.  

Tiltakspakka gir 1,3 milliardar kroner til jernbana. Det gir eit betre og meir punktleg jernbanetilbod for folk og næringsliv rundt i landet – og får fleire hender i arbeid raskt. Midlane vil bli nytta til å framskunde utbygging og planlegging av fleire større prosjekt på jernbanenettet, tiltak for meir punktleg tografikk, betre publikumsinformasjon og å gjere stasjonane betre tilgjengeleg for alle grupper av reisande.

Med den varsla auken i tiltakspakka vil jernbaneformål få 2,6 milliardar kroner meir i 2009 enn i 2008. Eit jernbanebudsjett på over 10 milliardar kroner varslar ei ny tid for jernbana og gjer det mogleg å få til naudsynt opprusting. Tidspunkt for starte dei føreslåtte tiltaka vil variere noko, men arbeida vil i hovudsak kome i gang frå februar/mars og utover våren 2009.

Gods på bane og næringslivets transportbehov
Eit av mine politiske hjartebarn er næringslivets transportbehov. Skal me leve godt i heile landet vårt, må folk ha noko å leve av, og då er det ein føresetnad at næringslivet har gode konkurransevilkår. Lange avstandar og vanskeleg geografi gjer at gode transportmoglegheiter er eit overordna spørsmål, om ein produserer for eksport eller heimemarknaden.

Me vil aldri kunne bli heilt kvitt avstandsskilnadane mellom Noreg og konkurrentar i land tettare på marknadane, men eg vil bidra til ein utjamning av kostnadsskilnadane slik at me framleis kan ha eit livskraftig næringsliv i utvikling. Regjeringa har allereie gjennomført ei rekkje tiltak for å gje næringslivet betre transportvilkår, ikkje minst for å flytte meir godstrafikk over frå veg til bane. I statsbudsjettet for 2009 er om lag 580 millionar kroner sette av til prosjekt og tiltak med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til godsterminalane, til kryssingsspor og til andre tiltak for å auke kapasiteten på jernbanenettet. Dette vil òg stå sentralt i ny NTP.

Nye togsett
Når det no er god framdrift på utbygginga av meir kapasitet i sporet, vil det om nokre år bli behov for meir materiell for å kunne utnytte denne kapasiteten. Det er ei så stor hending sidan sist vi møttes at eg må seie litt om det.

I den rammeavtala Samferdselsdepartementet har framforhandla med NSB er det sett av inntil 41 millionar kroner (2007 kr) ekstra til å betre togtilbodet på Nord-Jæren. Det vil gje folk på Nord-Jæren  eit langt betre tilbod. Det er viktig i ein region som slit med store og aukande framkomst og miljøproblem.

Også dei reisande i Austlandsområdet vil få vesentleg betre kår når det nye dobbeltsporet mellom Lysaker og Sandvika står ferdig i 2012. Den nye infrastrukturen vil tillate både eit større tal avgangar og ikkje minst eit jamnare stoppmønster enn i dag.

Men til det treng me fleire tog! Me er difor særs godt nøgd med at NSB har fått grunnlag for  å kjøpe inn 50 nye togsett. Kvart tog har fem vogner. Det gjev NSB meir enn 14.000 nye sete! Desse skal erstatte utrangert materiell og med det betre komforten til dei reisande, og ikkje minst bidra til auka kapasitet. Prosjektet representerer den største enkeltinvesteringa i NSBs historie og togsetta skal vere klare til bruk frå 2012, samstundes med at dobbeltsporet i vestkorridoren skal stå ferdig.

Togkrøll
Eg ser særs alvorleg på dei problema som forseinkingar og innstillingar skapar for folk som skal rekke jobb og barnehage. Dårleg infrastruktur og nedslitne anlegg er ei viktig årsak til problemet, og det skuldast at det gjennom fleire tiår er brukt for lite pengar på jernbane. Men tiltak hjelper. Ingen av dei mange forseinkingane den siste tida skuldast feil i Oslotunnelen – som har vore det store problemet tidlegare. Vi har sett inn ekstra ressursar og det gir resultat.

Det er nettopp difor regjeringa har auka investeringsnivået til jernbana med heile 176 prosent sidan eg vart samferdselsminister. Me har blant anna sett av midlar for å få slutt på saktekøyring på Bergensbanen og Dovrebanen, og me gjennomfører ei rekkje tiltak i Oslotunnelen. Begge deler vil få store positive ringverknader for trafikken i heile landet. Problemet er at det tek det tid å ruste opp og bygge nytt. Ein stor del av innstillingane me har sett i det siste, skuldast at det blir utført arbeid for å ruste opp liner, stasjonar osv. Når ein driv restaurant kan ein stenge medan ein pussar opp – men når det gjeld toga må me faktisk pusse opp samstundes som me har servering nesten heile døgeret.

Det må diverre, som Barack Obama seier, bli verre før det kan bli betre. Men det skal bli betre. Jernbaneverket meiner det skal være mogleg å redusera talet på timar med forseinkingar med 20 prosent i løpet av eit års tid med dei ressursane dei har fått og no får i 2009. 

I tillegg til alle pengane me no brukar på jernbane, får alle reisande med NSB no ein reisegaranti, slik at dei får kompensasjon når toget er forseinka. Me jobbar med betre reiseinformasjon, me har forhandla fram ein avtale med NSB som gir 15 prosent vekst i togtilbodet, og nylig kom nyhenda om at 4 milliardar kroner til 50 nye togsett. Alt dette varslar ei ny tid for jernbana. Målet vårt er likevel alltid å bli betre. Eg vil difor vurdere om det finst ytterlegare tiltak som kan gjennomførast på kort sikt.

Eg er elles oppteken av behovet for gode regionale prosessar. Det må satsast på kollektivtransport som byggjer opp om banen, utvikling av stasjonar og funksjonane rundt. Fylka og kommunane må meir på banen. Eg er oppteken av at Jernbaneverket og NSB skal ha ein dialog med fylke og kommunar om den langsiktige utviklinga av kvar banestrekning. Korleis kan vi på ein betre måte både på kort og lang sikt leggja til rette for utveklinga av vår banestrekning? Kan vi gjere meir i høve til parkering? Kan vi utvikle funksjonar omkring stasjonane som gjer togreisa meir attraktiv? Kor skal den langsiktige fortettinga og arealutviklinga skje?

Me brukar meir pengar, og me brukar dei betre. Me brukar meir til vedlikehald og vi har prioritert hardt slik at vi har sikra god framdrift på prosjekt som er starta opp. Vinsten vil haustast i åra som kjem. Vi vil gradvis få mindre feil på anlegga etter kvart som vedlikehaldsarbeidet går framover. Og når vi brukar investeringsressursane konsentrert og effektivt får vi meir jernbane for pengane og vi sikrar at dei prosjekta som nå står for tur og kan halde god framdrift.

Eg meiner at jernbana i Noreg har ein lysande framtid. Det vil bli betre vedlikehald, det vil bli auka infrastrukturkapasitet og det vil bli fleire tog. Me har verkeleg forsøkt å satse systematisk i forhold til alle dei utfordringane jernbana har. Dei enkeltvise satsingane er viktige, men det aller viktigaste er effekten av desse tiltaka samla.

Jernbana går ei lys tid i møte, og eg gler meg til å vere med på den saman med dykk!