Historisk arkiv

Kampen mot ungdomsulukkene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Verdens Gang, 19. juni 2009

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, publisert 19. juni 2009 i mellom anna Verdens Gang, Moss Avis og Laagendalsposten, og Finnmark Dagblad 16. juli 2009.

Arbeidet for å få ned trafikkulukkene er ei av dei viktigaste samfunnsoppgåvene. Ulukkesutviklinga i år går i rett retning samanlikna med den alvorlege situasjonen i 2008 – til no i år er 32 prosent færre blitt drepne i trafikken enn i fjor på denne tida. Diverre ser me ikkje den same positive trenden når det gjeld ungdomsulukkene Ein av fire som har døydd i trafikkulukker til no i år har vore mellom 15 og 24 år. I fjor omkom 67 ungdommar i alderen 15-24 år,  heile 52 prosent fleire enn året før. Noko av det mest skremmande er at ferske sjåførar har opptil 40 gonger høgare ulukkesrisiko enn gjennomsnittsbilisten.

Me veit ein del. Me veit at den typiske ungdomsulukka skjer i helga, gjerne natt til laurdag/sundag, at sjåføren gjerne er ein gut, at det ofte er fleire med i bilen og at folk ofte ikkje har bilbelte på seg. Og: me veit at den typiske ungdomsulukka  ofte involverer høg fart og rus – både alkohol og narkotika. Dette gjer at mange unge sjåførar, særleg gutar, utgjer ei fare både for seg sjølve og andre. Me veit mykje – og me gjer mykje for å forhindre desse ulukkene, men innsatsen skal no styrkast ytterlegare, og me set alt me kan inn på å redusere dei mange ulukkene med ungdommar involvert.

Det finst diverre ikkje eit enkelt tiltak som vil hjelpe. Mange tiltak må til for å få ned ulukkestala. Det må jobbast breitt, og det må jobbast både på kort og lang sikt.
Dersom ikkje unge opptrer modent og fornuftig i trafikken, må det bli lettare å fjerne dei frå vegen. Det å stanse fartsbøllene står aller øvst på agendaen når det gjeld trafikktryggleik. Diverre viser all erfaring at det einaste unge bilførarar er redde for er å miste lappen. Difor  har me forslag til innskjerping av prikkbelastningsordninga ute på høyring no. Forslaga inneber mellom anna ei dobling av prikkar per brot for ferske førarar. Dette er kanskje det sterkaste verkemidlet me no tek i bruk for å stanse dei unge bilbøllene.

Samstundes blir gebyret for manglande bruk av bilbelte og hjelm auka frå 750 kroner til 1500 kroner frå 1. juli – for å få fleire til å bruke belte. Det reduserer risikoen for å bli drepen med 40-50 prosent for førar og forsetepassasjerar. Per i dag er det halvparten av dei som døyr på vegane våre som ikkje brukar bilbelte.
Samstundes er det ei rekkje tiltak som rettar seg mot ungdom spesielt. Statens vegvesen, politiet og Trygg Trafikk arbeider med ein felles tiltaksplan mot ungdomsulukker i trafikken. Noreg ligg helt i framkant i verda når det gjeld føraropplæring, og me ventar at den nye føraropplæringa som fokuserer spesielt på trafikktryggleik, sjølvinnsikt og risikoforståing vil bidra til å redusere ungdomsulukkene ytterlegare.
Me har også god erfaring med haldningskampanjar som ”Sei ifrå” og ordningar som ”Trygt Heim for ein 50-lapp” som inneber at ungdom får køyre drosje heim i helgene for ein 50-lapp,  og ikkje treng å sitje på med unge sjåførar. Dette vil me gjerne vidareutvikle. Noko anna som har vore svært vellukka er pilotprosjekta med føraropplæring i tilknyting til vidaregåande skule i distrikta. Eg vil jobbe for at også desse prøveprosjekta blir vidareutvikla.

I budsjettet for 2009 dobla me midlane til særskilde trafikktryggleikstiltak på eksisterande veg, og i Nasjonal transportplan legg me opp til ei auke i midlane til trafikktryggleikstiltak på ytterlegare 159 prosent dei neste ti åra. Det vil gi meir pengar til bygging av midtrekkverk, oppsetjing av siderekkverk, mjukgjering av sideterreng, utbetring av kurvar og kryss – og til automatisk måling av gjennomsnittsfart over ei viss strekning.

Desse tiltaka kjem alle til nytte, også dei unge bilførarane. Samstundes trur eg det er viktig å ”stikke fingen i jorda” og sjå på kva tal og forsking viser. Ungdom døyr mykje oftare i trafikken enn andre, og det gjer dei fordi dei køyrer for fort, for uforsiktig, utan bilbelte og i rusa tilstand. Då må me gjere det desse ungdomane fryktar mest, nemleg å ta frå dei lappen om dei ikkje køyrer forsvarleg. Det er kanskje ingen populær medisin, men det kan me ikkje ta omsyn til når liv står på spel.