Historisk arkiv

Kronikk - "Widerøe 75 år – og særs viktig for landet"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Kronikk av samferdselsminister Liv Signe Navarsete; "Widerøe 75 år – og særs viktig for landet". Kronikken er mellom anna publisert i Brønnøysund Avis 28. august 2009.

Widerøe 75 år – og særs viktig for landet

I år er flyselskapet Widerøe 75 år – og jubilanten er framleis sprek som berre det. Widerøe driv etter mi meining med kollektivtransport. Noreg er eit land med lange avstandar og vanskeleg framkome – det gjer at folk er heilt avhengige av luftfarten, ikkje minst på dei strekningane Widerøe flyr på. Det er difor Samferdselsdepartementet kvart år kjøper flyruter av Widerøe for meir enn 460 millionar kroner.

Den 19. februar 1934 stiftet Viggo Widerøe sammen med fire entusiastiske venner Widerøe's Flyveselskap A/S på Ingjerstrand utenfor Oslo. Dei første åra, fram til krigen, var verksemda knytt til taxi,- ambulanse,- skole- og fotoflyging. Det har vore ei lang og fantastisk ferd frå sjøflyeventyret til dei unge pionerane i 1934 og fram til dagens moderne flyselskap som er med på å knyte Noreg saman.
Frå 1950-åra auka aktiviteten, og sjøflyruter i Nord-Noreg stod for dei største inntektene saman med verkstaddrifta på Fornebu. Sjøflyaktiviteten blei erstatta av landflyruter etter at styresmaktene bestemte seg for å etablere kortbaneflyplassar i distrikta – og i 1968 blei dei fire første opna på strekninga mellom Bodø og Trondheim. Transportmoglegheitene i landet vårt var no endra for alltid.
For dei fleste av Widerøe sine passasjerar er ikkje luftfart luksus. Det er slik ein får kvardagen til å henge saman, det er slik ein kan halde fram med å bu der ein helst vil bu, det er slik ein kan halde firmaet sitt gåande.

Då dei første flyplassane på kortbanenettet – dei såkalla kyllingmarkane – opna, var det starten på ei ny tid for transporten i landet vårt. Samferdselsminister Håkon Kyllingmark stod ikkje åleine bak den store og visjonære planen. Det gjorde han blant anna saman med Viggo Widerøe, Widerøes grunnleggar. Dette var eit viktig bidraget til oppstarten av det flotte om omfattande kortbanenettet vårt.

Også i dag har Widerøe stor påverknad. Selskapet kjenner utan tvil landet godt, og er flinke til å føreslå ruter som kommunane og fylka vil ha. Dessutan er det ingen andre selskap som trafikkerer så mange lufthamner i landet vårt, ingen som har fleire daglege avgangar innanlands, og ingen som har tilsette spreidd over så store deler av landet. Få kjenner nok det røffe norske klimaet og den norske naturen så godt som Widerøe sine pilotar.

Eg trur Widerøe vil leve godt også dei 75 neste åra. Samstundes har både Widerøe og resten av bransjen fått merke finanskrisa på kroppen. Regjeringa følgjer situasjonen tett. Eg kan love at det viktigaste for meg alltid vil vere å oppretthalde det omfattande nettet vårt av samanhengande flyruter – slik at passasjerane kan reise mest mogleg ”saumlaust” frå A til B. Det er eit viktig politisk standpunkt å oppretthalde kortbanenettet. Det føreset at inntekter frå dei store flyplassane blir brukt til å oppretthalde dei mindre. Det vil Senterpartiet – medan enkelte andre parti ikkje ynskjer det.