Næringsseminar på Andøya
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 20.04.2009
Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg på næringsseminar på Andøya, 20. april 2009.
"Se oftere mot nord.
Gå mot vinden, du får rødere kinn.
Finn den ulendte stien. Hold den.
Den er kortere.
Nord er best,
Vinterens flammehimmel, sommernattens solmirakel.
Gå mot vinden. Klyv berg.
Se mot nord.
Oftere.
Det er langt dette landet.
Det meste er nord."
Det er mykje som er nord, ja. Fantastisk natur, enorme ressursar, flinke folk. Det er så mykje som føregår bra som føregår nordpå, både innan næringsutvikling og på samferdselssida. Samstundes er det sjølvsagt utfordringar å ta tak i, ting som kan bli betre, ressursar som kan utnyttast betre – og infrastruktur som kan bli betre. Difor er eg glad for å få kome hit og treffe dykk i dag, fortelje om våre planar, og få innspel frå dykk på korleis me best kan byggje regionen her vidare i åra som kjem.
For meg handlar distriktspolitikk om å gi folk fridom til å velje kvar i landet dei vil bu. Alle deler av landet skal ha eit næringsliv i utvikling. Transportsystem og infrastruktur bind by og land saman på ein heilt annan måte enn tidlegare. Regjeringa si satsing på breiband, veg, kollektivtrafikk, jernbane og luftfart vil skape betre vilkår for næringsutvikling og busetnad over heile landet. Distriktspolitikk handlar om å gjere små og større stader til levande og attraktive lokalsamfunn der folk kan leve gode liv.
Eg er invitert for å snakke om Nasjonal transportplan, og det gjer eg med glede. Det var ein nøgd samferdselsminister som la fram Nasjonal transportplan for halvannan månad sidan. Eg vil særleg trekke fram nokre generelle aspekt ved planen – før eg skal gå nærare inn på kva planen vil få å seie for Nord-Noreg.
For det første: Me viser vilje til å satse tungt på veg og bane dei ti neste åra – for å nå viktige politiske mål på områda tryggleik, verdiskaping og miljø. Vårt framlegg til Nasjonal transportplan 2010-2019 inneber ein auke i løyvingane til samferdsel på 45 % samanlikna med førre NTP. Får me det som det vil, skal det brukast 322 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Og me vil byggje landet vidare! Får me gjennomslag for planane våre vil det bli 230 km firefelts motorveg, 142 km ny jernbane, 350 km riksveg får gul midtstripe og 10 milliardar til rassikring.
For det andre: I tillegg til å auke potten til samferdsel, har det vore viktig for oss å få til ei differensiering mellom by og land i samferdselspolitikken. I dei mest folkerike områda vil me byggje jernbane og bidra til omlegging av personstransport frå personbil til kollektive transportmidlar, sykkel og gange. I distrikts-Noreg er veg – eller luftfart, som her i Nord-Noreg er så viktig – ofte einaste alternativet, då må òg satsinga på gode transportløysingar dreie seg om nettopp vegen – og om luftfart. Det er viktig å sjå veg, jernbane, lufthamner og hamner i samanheng.
Den nordlege landsdelen er kjenneteikna av lange avstandar, noko som gjer flytransport til eit svært viktig transportmiddel, ja faktisk er det slik at luftfarten mange stader er for kollektivtransport å rekne. Dei regionale lufthamnene og det regionale flyrutetilbodet spelar ei særs viktig rolle i arbeidet med å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv i distrikta. Det er utvikla eit finmaska nett av lufthamner i dei tre nordlegaste fylka. Av Avinor sine 46 lufthamner ligg 27 i dei tre nordlegaste fylka. Det seier sitt. Allereie i budsjettet for 2007 reduserte me difor maksimaltakstane for rutene i Nord-Troms og Finnmark.
I tillegg er eg oppteken av å få ned talet på drepne og alvorleg skadde i trafikken. Alt for mange vert i dag råka av trafikkulukker med den belastninga og lidingane som følgjer med det. Noreg er i dag i verdstoppen i trafikktryggleik, men me vil framleis arbeide mot ein nullvisjon. Difor legg me opp til ein stor innsats med bygging av nye og sikre vegar, oppsetjing av midtdelarar og andre trafikktryggleikstiltak.
I dei største byane står transportsektoren for over halvparten av klimagassutsleppa, for landet samla sett var snittet 29 prosent i 2008. Utsleppa må ned. Det skal me få til blant anna gjennom storstilt satsing på jernbane, kollektivtransport og sjøtransport – og ved å byggje gang- og sykkelvegar. Vegtrafikk vil likevel alltid måtte stå sentralt i eit land som vårt. Difor vil me også legge til rette for bilar med låge eller ingen utslepp gjennom aktiv bruk av avgiftssystemet, støtteordningar og midlar til forsking aktivt.
NTP og Nord-Noreg
Kva betyr så Nasjonal transportplan 2010-2019 for Nord-Noreg?
Eg vil seie det så sterkt at den utgjer eit fullstendig taktskifte for samferdselspolitikken i Nord.
Regjeringa set av nærare 18,2 mrd. kr i statlege midlar til samla løyvingar i riksvegar (inkludert rassikring), jernbane og farleder i korridorane i Nord-Noreg i perioden 2010-2019. I tillegg kjem lufthamnene – her vil investeringar i flytryggleikstiltak bli prioritert høgast.
Me har hatt ein tett og god dialog i fleire rundar med representantar for dei nordnorske fylka og har lagt stor vekt på innspela me har fått. Resultatet har blitt ei tredelt strategisk tilnærming:
- Me aukar innsatsen for å ruste opp infrastrukturen nord-sør slik at me kan binde landet betre saman, sikre framkome og styrke konkurransekraft til næringslivet
- Me aukar innsatsen for å ruste opp infrastrukturen aust-vest for å styrke samhandel og samarbeid med nabolanda våre.
- Me ser potensiale for nordområda i eit lengre tidsperspektiv: Strategisk utgreiing av infrastrukturen i nordområda blir sett i gang i 2010
Regjeringa vil nær tredoble løyvingane for å få realisert nye store og viktige vegprosjekt i nord. I tillegg vil me gjennomføre mindre utbetringstiltak på eksisterande vegar i eit heilt anna omfang enn før. Innsatsen til breiddeutvidingar, fjerning av flaskehalsar og særleg trafikkfarlege punkt vil bli mangedobla. Me vil auke vedlikehaldsinnsatsen kraftig – ikkje minst vil me betre vinterdrifta av vegane. I tillegg skal vinterdrifta styrkast. Det er viktig i ein landsdel med så mykje krevjande ver.
Frå dei nordnorske fylka har blant anna Hålogalandsbrua blitt trekt fram som eit særleg viktig prosjekt for å binde landsdelen saman. Den vurderinga deler regjeringa. Det har vore eit enormt engasjement både i landsdelen og lokalt, og stor vilje lokalt til å strekkje seg langt for å få til prosjektet. Me meiner difor at dette prosjektet bør starte opp allereie i løpet av perioden 2010-13.
Regjeringa ønskjer å prioritere ei kraftig opprusting av E6 som hovudåre nord-sør. Dette er viktig for å sikre betre og meir føreseieleg framkome for næringslivets transportar og for å få ned reisetidene.
E6 Vest for Alta er eit prosjekt som har vore drive fram gjennom utbygginga av meir eller mindre korte delstrekningar. Regjeringa har så langt i regjeringsperioden sett av meir midlar enn planlagt for å forsere utbygginga. Me meiner det er nødvendig med ei ytterlegare forsering. Som del av arbeidet for å få til ei meir effektiv utnytting av ressursane i sektoren, vil me gjennomføre forsøk med å ha nokre prosjekt på eigne poster i budsjettet. E6 Vest for Alta er eit av desse.
I tillegg til å styrke nord-sør-aksen meiner regjeringa det er viktig å betre grunnlaget for samarbeid og samhandling aust-vest. Det vil kome fleire tiltak på dette området. Me meiner ei heilskapleg oppgradering av E8 frå Tromsø til grensa til Finland er viktig.
Tiltaka me legg opp til vil gjere at det blir gul midtstripe på ein betydeleg del av riksvegane som i dag har altfor dårleg standard. Nordland har i dag ein stor del av dei mest trafikkfarlege og uframkomelege delane av E6 i heile Noreg. Mange stader er vegen så smal som 5,5 meter. Både privatbilistar og tungtransportsjåførar sit med hjartet i halsen mange gonger. Problemet med smal og uframkomeleg E6 gjennom Nordland vil praktisk talt bli vekke i løpet av perioden – med våre forslag vil det berre stå att 23 km i 2020.
Får me det som me vil, vil det gje store effektar. Reisetida Trondheim – Bodø vil bli 17 minutt kortare, Bodø – Tromsø 32 minutt kortare og Tromsø – Alta 24 minutt kortare. Mellom Trondheim – Bodø vil talet på kilometer utan gul midtstripe blir redusert med 73 pst og på strekninga Narvik-Tromsø –Kirkenes vil 50 km riksveg få gul midtstripe.
Dette får mykje å seie både for kvardagen til folk flest og ikkje minst for næringslivet som skal frakte skrei frå Lofoten sørover.
Apropos Lofoten: me må ikkje gløyme Lofastsambandet som opna like før jul for halvanna år sidan. Det var eit kjempesteg i arbeidet med å byggje Noreg vidare. No kan me køyre til og frå Lofoten utan å måtte ta ferje – og turen er blitt både kortare, kjappare og meir føreseieleg enn før. Totalt sparar me no minst halvannan times reisetid. Lofast gav ein ny kvardag og nye moglegheiter reiselivsnæringa og innbyggjarane i Lofoten, og er dermed med på å sikre arbeidsplassar og busetnad i regionen i framtida.
Men alt handlar ikkje berre om veg. Me vil òg styrke jernbanen i nord. Me har allereie gjort viktige oppgraderingar av Nordlandsbanen dei siste årene. No er målet å få gjennomført ytterlegare tiltak som vil bidra til å doble kapasiteten for godstransport på bana. Reisetida skal òg ned.
Avinor skal gjennomføre viktige oppgraderingar av flyplassane i Nord. Me reknar med at lufthamnene i nord vil ha tilstrekkeleg kapasitet ved utløpet av perioden, samstundes som alle styresmaktpålagte krav, til dømes til tryggleik, vil vere tilfredsstilte.
Regjeringa har i inneverande periode utvida flytilbodet i kortbanenettet og senka maksimalprisane med 20 prosent i Nord-Troms og Finnmark. Me meiner at eit godt flytilbod både internt i landsdelen og ut av landsdelen er heilt avgjerande for næringsutvikling og busetnad. Det vil difor vurderast om det bør gjennomførast ytterlegare prisreduksjonar eller forbetringar i tilbodet i framtidige anbod.
Kirkenes lufthamn Høybuktmoen og Hammerfest lufthamn er viktige som ledd i strategisk nordområdestrategi. Me vil kome tilbake til disse lufthamnene når utgreiingane blir ferdige – for Hammerfest vil det vere våren 2010.
Vegen vidare
Dei grepa me no tek legg blant anna til rette for
o Finnmark: Styrke Kirkenes som bruhovud mot Russland; særleg fokus på veg; hamn; luftfart
o Troms: Styrke Tromsø som internasjonalt knutepunkt for godstransport – særleg fokus på veg og hamn
o Nordland: Utvikle Narvik som internasjonalt godsknutepunkt – særleg fokus på veg og jernbane
Regjeringa støttar initiativet om ein internasjonal transportkorridor over Narvik hamn, den såkalla NEW-korridoren. Visjonen med NEW-korridoren har vore å etablere ein korridor som bind Nord-Amerika saman med Asia over dei nordiske landa. I ein noko snevrare geografisk kontekst er korridoren også kjent som Barents link. Utfordringane knytt til å få til transportar på sambandet er blant anna knytt til grensepasseringar, tekniske hindringar som ulik sporvidde på jernbana sin infrastruktur samt ulike land sine system for køyrevegavgifter.
Regjeringa er opptatt av å bidra i det vidare arbeidet, blant anna gjennom Nordlige Dimensjons partnarskap for transport og logistikk – som ein tek sikte på skal vere operativt frå 2010.
Samarbeid over landegrensene
Det er òg behov for ei betre koordinering av framtidige planar for infrastrukturen i Noreg og våre naboland, slik at me kan utvikle eit transportnett i nord som bind saman landa, særleg når det gjeld godstransport. Me ynskjer å styrke samarbeidet med Sverige, Finland og Russland om samferdsel ytterlegare. Som eit ledd i dette arbeidet hadde eg eit møte med Viseguvernøren i Murmansk der me diskuterte framtidige behov, og nedsette ei norsk-russisk arbeidsgruppe leia av vegsjef Torbjørn Naimak på norsk side. Deira rapport har vore eitt viktig grunnlag i arbeidet med transportplanen.
Strategisk gjennomgang
Det er mange ulike og gode initiativ for å betre transportinfrastrukturen i nordområda. Regjeringa ynskjer difor – som eg var inne på innleiingsvis – å setje i gang ei særleg gjennomgang av infrastrukturen som omfattar alle transportformer og som har eit tidsperspektiv utover 2020. Dette er nødvendig for å fange opp og vurdere effektar av utviklinga i nordområda det er knytt usikkerheit til, spesielt når det gjeld petroleumssektoren, ikkje minst på russisk side. Blant anna vil me vurdere vekstprognosane for godstransporten, og sjå på om me skal setje i gang utgreiingar av konkrete jernbaneprosjekt. Me tek sikte på å vere i gang med ei slik strategisk utgreiing i 2010.
Og med det, har eg tenkt å avslutte denne raske rundturen i framtidas samferdsle i Nord-Noreg. Me har store planar. Me skal byggje landet. Me skal bruke meir pengar – og me skal bruke dei meir effektivt – men målet med det heile er berre eitt: at alle nordmenn kvar einaste dag i denne tiårsperioden vil oppleve eit litt betre transportsystem og dermed ein litt enklare og betre kvardag!
Takk for meg!