Historisk arkiv

NHO Reiseliv, Alta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete - tale til årsmøte NHO Reiseliv, Alta, 9. juni 2009.

Godtfolk! Tusen takk for invitasjonen! Det er ei ære å få kome hit for å opne landsmøtet dykkar. Eg føler me har mykje til felles i ønsket om å ta heile landet i bruk, satse på kvalitet og særpreg, utnytte lokale ressursar til å skape verdiar og setje Noreg på verdskartet. Eg er glad for at me har det gode og nære samarbeidet me har, og set pris på dei mange gode og konstruktive forslaga NHO Reiseliv kjem med.  

Eg brenn for norsk reiseliv – og difor har eg mange gonger sagt at eg gjerne skulle vore reiselivsminister. Reiselivsnæringa er unik; den er den 3. største eksportnæringa, gir tusenvis av arbeidsplassar i distrikta, og er ei viktig kvinnenæring. Omtrent 70 prosent av dei sysselsette i reiselivet er kvinner – det er særleg viktig i distrikta der me treng spennande jobbar som gir bulyst for unge kvinner. Dessutan er næringa kulturbasert. Reiselivet er både produsent og forbrukar av kultur, og er med på å oppretthalde eit levende kulturliv. Levande lokalsamfunn og aktivt næringsliv vil vere det beste utgangspunkt for utvikling av reiselivet. På denne måten er reiselivsnæringa og lokalbefolkninga gjensidig avhengig av kvarandre.

Reiseliv er òg eit viktig satsingsområde for regjeringa. I 2007 la me fram reiselivsstrategien vår, der visjonen er ”verdfulle opplevingar” og at norsk reiseliv skal vere verdfull for gjestene, for bedriftene, tilsette, lokalsamfunnet og miljøet.

Kvalitet og berekraftig reiseliv
Eg trur aldri Noreg kan bli eit land prega av tradisjonell masseturisme. Det er verken realistisk eller ønskeleg. Målet vårt er å utvikle heilskaplege og gode opplevingar som gjestene verdset og er villige til å betale godt for. Skal me vere konkurransedyktige, må me satse på produkt av høg kvalitet, og me må synleggjere kvaliteten for turistane som kjem hit.

Då gjeld det å halde på dei flinke hendene og kloke hovuda, Me treng nøgde og kompetente medarbeidarar i heile næringa som yter sitt beste for at turistane skal få ei positiv oppleving av Noreg. Eg meiner det er heilt essensielt at reiselivsnæringa legg auka vekt på å tilby gode løns- og arbeidsforhold. Når berekraftig reiseliv er på agendaen, blir det ofte snakk om miljø og klima. Det er eit viktig tema. Men berekraft er meir enn det. Regjeringa si forståing av omgrepet berekraftig reiseliv omfattar også sosialt ansvar. Når de i NHO Reiseliv i fjor sommar spurde medlemsbedriftene dykkar om kva dei vurderte som næringa si viktigaste utfordring dei neste 3-5 åra, svarte to tredeler at det var tilgangen til kvalifisert arbeidskraft dei bekymra seg mest over. Deler av reiselivsnæringa slit med eit rykte om dårleg arbeidsmiljø og lønstilhøve. Det avgjer gjerne om reiselivsbedriftene klarar å tiltrekkje seg dyktige, kreative og serviceinnstilte menneske eller ei. Dette igjen kan styrkje bedriftene sitt omdøme og bidra til auka lønsemd. Slik kan norske reiselivsbedrifter skaffe seg nye konkurransefortrinn gjennom bevisst satsing på samfunnsansvar.

Reiselivsutvikling er eit langsiktig arbeid, og resultata kjem ikkje over natta. Alle må ta i eit tak, også regjeringa. Me har gitt dykk i NHO Reiseliv og Innovasjon Noreg i oppdrag å utarbeide ein kvalitetssikringsordning for reiselivet. Ordninga vil i første rekkje omfatte overnattingsbedrifter, men me planlegg også å utvide den til andre delar av reiselivsnæringa. Me ser det som sjølvsagt at det skal stillast miljøkrav i denne ordninga.

Stjernemerking av hotell finst i dei fleste europeiske land og fungerer som enkel og forståeleg kommunikasjon mellom hotellet og kunden. Erfaringane frå utlandet viser at slike ordningar motiverer bedriftene til å satse meir på kvalitet. Det har dessutan blitt meir fokus på opplæring av dei tilsette og auka satsing på vedlikehald. Slik har kundane blitt meir nøgde. Systemet fungerer også som ein rettleiar for hotella med omsyn til kva som blir forventa av kvalitet.

Regjeringa bidrar med 5 millionar kroner. Dette skal dekkje oppstartskostnadane knytt til ordninga, men næringa må sjølv stå for drift og vidareutvikling. Eg håpar og trur at det nye kvalitetssikringssystemet vil vere til stor nytte for så vel reiselivsnæringa som for turistane. Og kvalitet må me ha i alle ledd, om me skal kunne forsvare dei relativt høge prisane me må operere med for å få lønsemd i næringa. Dette er spesielt aktuelt i dagens situasjon med finansuro.

Finanskrisa
Den nasjonale reiselivsstrategien blei lagt fram 18. desember 2007. Mykje har skjedd sidan den gong. I desember 2007 stod me på tampen av eit rekordår i norsk reiselivsnæring. No står me midt i ei alvorleg og omfattande krise i verdsøkonomien. Det har ramma ein del norske arbeidsplassar og bedrifter – også innan reiselivet. Regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak. Alt tyder på at desse treffer slik me hadde tenkt.

Tal frå Europakommisjonen indikerer at reisande no brukar mindre pengar og kortar ned på ferieturane sine. Europearar flest framleis prioriterer hovudferien sin, mens det først og fremst er den andre eller tredje ferieturen dei kuttar ut. Langhelger i utlandet blir bytt ut med turar nærare heimen. Viss me greier å utnytte at fleire nordmenn sannsynlegvis kjem til å feriere i Noreg, kan det kanskje kompensere for færre utanlandske turistar.

Reiselivsbedriftene vil nok likevel oppleve at det er vanskeleg å planlegge for komande sesongar. Mange føretak er små og har liten eigenkapital, noko som gjer reiselivsnæringa ekstra sårbar. Mange aktørar meiner reiselivsnæringa vil kome styrka ut av dagens utfordringar. Den trua deler eg. Erfaringane frå tidlegare viser at reiselivet kjem raskt på bena igjen når situasjonen normaliserer seg. Mitt inntrykk er også at reiselivsnæringa er generelt meir positiv til framtida enn andre næringar. Eg meiner det er avgjerande at me i krisetider ikkje mistar av syne langsiktige mål og visjonar. At konjunkturane peikar nedover, betyr ikkje at reiselivsnæringen skal slutte å strekkje seg mot måla i den nasjonale reiselivsstrategien.

FN sin turistorganisasjon, UNWTO, spår ein negativ vekst internasjonalt på minus 2 prosent i 2009, men understrekar at prognosane er svært usikre. Me må likevel hugse på at dei siste åra, og då 2007 spesielt, var uvanleg gode år. Allereie før finansuroa var det venta ei utflating. Det er naturleg med ein viss nedgang, og det er ikkje nødvendigvis alt som skuldast finansuroa.

Dei som klarar seg gjennom denne perioden, vil kanskje kome styrka ut, med nye og betre produkt og meir effektive arbeidsprosessar. Grunnlaget for lønsemd i reiselivsnæringa ligg i evna til å utvikle produkt som turistane etterspør - innovasjon.

Innovasjon
Reiselivet er ei tenesteytande næring. Innovasjon i tenester har tradisjonelt fått lita merksemd samanlikna med fysiske og tekniske innovasjonar. I reise­livet skjer det også mykje innovasjon som ikkje er forskingsbasert og som kan vere vanskeleg å fange opp i statistikken.

Næringa har framleis mykje å hente på å bli betre på innovasjon og nyskaping, på å sikre kvalitet, og ikkje minst på å samarbeide betre. Når arbeidsplassar og verdiar går tapt, må me skape nye. Difor er det viktig, kanskje viktigare enn noen gang, å satse på innovasjon.

Ein kveld i september, i beste sendetid på Storbritannia sin hovudkanal BBC ONE, fikk 6.6 millionar sjåarar servert ein time med reisedokumentar frå Nord-Noreg. Den kjente, britiske TV-stjerna Joanna Lumley reiste gjennom landsdelen med eit filmteam på slep. Dokumentaren utløyste eit skred av telefonar og epostar frå britar som ønskte å oppleve ”Land of the Northern Lights”. Hurtigruta fekk firedobla sine bookingar dagen etter programmet. Og Alta Igloo Hotel, som fekk svært positiv omtale i programmet, fekk 30 prosent fleire besøk på heimesidene sine etter at programmet var sendt. Det er liten tvil om at dei 200 000 som Innovasjon Norge støtta programmet med, var effektiv pengebruk.

Fleire av de norske reiselivsprodukta er i verdsklasse. Det er ingen tvil om at me har ekte produkt av høg kvalitet. Likevel meiner eg me ikkje kan sjå bort frå at me også har ei utfordring når det gjeld å utvikle nye produkt og setje desse saman på ein måte som gjer Noreg til eit attraktivt reisemål. Me veit at det først og fremst er vår særeigne natur som trekkjer turistar til Noreg, men ei like sterk trend dei siste åra har vore at turistane blir meir og meir opptatt av opplevingar. HSH presenterte i haust ein rapport om innovasjon i reiselivsnæringa. Rapporten konkluderte med at naturen åleine ikkje er interessant nok til å trekkje nye generasjonar utanlandske turistar til Noreg. Me må vidareutvikle opplevingsprodukta våre for å styrke konkurransekrafta til. Får me til dette, vil betalingsvilja auke, og med den også lønsemda.

Reiseliv i Nord-Noreg
Sjølv om årsmøtet til NHO reiseliv er ei nasjonal hending, tillet eg meg å hente nokre døme frå den landsdelen me no er i, også fordi regjeringa som eit ledd i nordområdesatsinga har spesielt fokus på Nord-Noreg i sin reiselivsstrategi. Nord -Noreg har unike føresetnader for vekst i reiselivnæringa, naturen, det kulturelle mangfaldet og mange gode døme på spennande lokal mat. Difor vil regjeringa sørgje for at Nord-Noreg får ei vitamininnsprøyting. Me lovde tidleg at regjeringa skulle stille opp med midlar til internasjonal marknadsføring og utvikling av reiselivsfyrtårn. På budsjettet for 2009 ligg det godt over 50 mill kr til reiseliv i Nord, pengar som gjorde det mogleg for dei tre nordnorske fylka å gå saman og etablere AS Nord-Noreg. Midlane skal nyttast til forsking, kvalitetsutvikling, destinasjonsbygging og direkteruter slik at Nord-Noreg skal bli ein velkjend kvalitetsdestinasjon. Det tek både tid og økonomiske ressursar å bygge merkevara Nord-Noreg. Eg vil her minne om at det er viktig at landsdelen også bidrar gjennom auka samarbeid og styrkar det regionale løftet for reiselivsnæringa.

Nasjonal transportplan
Logistikk og samferdsel er ein særs viktig innsatsfaktor for reiselivet. Ja, reisa er ein viktig del av opplevinga. I forslaget vårt til Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP) føreslår vi 100 milliardar i auka løyvingar til samferdsel i den neste tiårsperioden. Transportplanen er i tråd med regjeringas nordområdestrategi. I motsetnad til førre regjering, som i sin transportplan halverte løyvingane til Nord-Noreg,  legg vi i NTP opp til å nesten tredoble løyvingane til store og viktige vegprosjekt i nord. Får me det som me vil, vil det gje langt kortare reisetider. Men alt handlar ikkje berre om veg.  Avstandane  i Nord-Noreg gjer at flytransport er viktig. Det ligg inne i NTP at Avinor skal gjennomføre viktige oppgraderingar av flyplassane i Nord. Målet er at lufthamnene i nord skal ha tilstrekkeleg kapasitet ved utløpet av perioden. I budsjettet for 2007 reduserte me maksimaltakstane for rutene i Nord-Troms og Finnmark, og vi vil vurdere om prisane bør ytterlegare ned eller om det bør gjerast forbetringar i tilbodet i framtidige anbod.

Direkteruter til utlandet er særs viktig for lokalt reiseliv, me og har difor – gjennom å nytte unntaksreglane i takstregulativet – gjort det mogleg for Avinor å fastsetje eit tredelt insentivprogram der Avinor kan gje rabattar til etablering av nye ruter, støtte til marknadsføring av nye ruter og bidra til etablering av nye ruteutviklingsfond.

Det er flott å sjå at desse endringane har medverka til at Norwegian i samarbeid med Hurigruta og andre har fått etablert ei direkterute som kvar veke flyg inn turistar frå London til Tromsø.

Hurtigruta
Hurtigruta er svært viktig for reiselivet ikkje berre i Nord-Noreg, men i heile landet. Hurtigruta  hamna i fjor i ein vanskeleg økonomisk situasjon, som gjorde at staten i fjor gjekk inn med 125 millionar kroner ekstra som kompensasjon for høg oljepris og auka Nox-avgifter i 2007 og første halvår 2008. Samferdselsdepartementet godtok vidare at selskapet kunne ta ut eitt skip i vintersesongen for resten av avtaleperioden, mot trekk i godtgjersla frå staten. Dette gjorde me fordi me ønskjer å bidra til at Hurtigruta også i framtida skal vere eit godt tilbod til folk og æringsliv i landsdelen. Eg meiner kommunar, fylke, næringa, staten og Hurtigruta sjølv har felles interesse av å gjere Hurtigruta endå meir attraktiv for alle som ynskjer å oppleve Noreg.

Nasjonale turistvegar
Før eg går bort frå samferdsledelen av reiselivet; dei nasjonale turistvegane er noko av det mest spennande som vi har fått til i Noreg dei siste åra og syner fram det flottaste av norsk arkitektur plassert i det flottaste av norsk natur. Noko av det første eg gjorde som samferdselsminister var å doble løyvinga til dei nasjonale turistvegane frå 50 til 100  millionar kronar, fordi regjeringa ønskjer å medverke til målet om at turistvegane skal kunne stå ferdig til utgangen av 2015.

No har me også vald å lytte til dykk i samband med forvaltningsreforma. Dei fleste av turistvegane ligg på det øvrige riksvegnettet. Difor vart det i NTP lagt opp til at fylkeskommunane skulle finansiere prosjektet når øvrig riksvegnett frå første januar blir overført til fylka. Men etter innspel blant anna frå dykk har me i framlegget til Revidert nasjonalbudsjett føreslått at Statens Vegvesen skal finansiere – og styre – denne satsinga også i framtida. Eg veit dette er noko de er svært glade for.  Samstundes vil det at dei fleste turistvegane blir del av fylkesvegnettet gjere det viktig med eit endå tettare og betre samarbeid med fylkeskommunane. Det er viktig at ikkje næringa lener seg tilbake når staten no held oppe sitt engasjement. Skal me verkeleg få ut dei fulle effektane av dette, er me avhengige av at regionale og lokale styresmakter og ikkje minst lokalt næringsliv er med for fullt. Det kjenner eg meg viss på at me skal få til!

Regjeringa har alt trappa opp sitt bidrag til marknadsføringa av reiselivsnæringa. Som Senterpartileiar vil eg kome med ei lita programerklæring. Eg meiner løyvingane til marknadsføring og destinasjonsutvikling må aukast vidare. I kombinasjon med stadig betre samarbeid og auka fokus på kvalitet i alle ledd meiner eg dette vil bidra til å skape grunnlag for meir aktivitet og fleire lønsame heilårsarbeidsplassar i næringa. Reiselivsnæringa er ei framtidsnæring, og eg gler meg til å halde fram det gode samarbeidet med dykk i NHO Reiseliv for å realisere dei fantastiske moglegheitene som ligg framfor oss! Men først vil eg ynskje dykk eit fruktbart og godt landsmøte vidare og seie tusen takk for meg!