Historisk arkiv

Opning av breiband i Stokke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

2. september 2009

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av breiband i Stokke i Vestfold, 2. september 2009.

 

Kjære dykk,

Gratulerer med dagen, først og fremst til familien Ødelund og dei ca 4000 andre familiane som endeleg har fått tilgang til breiband – og dermed ein ny og enklare kvardag. Eg veit også at det er fleire næringsområde, skular og kommunale bygg som no får breiband for første gong, og at utbygginga har gitt dei som allereie hadde tilgang eit betre tilbod! Eg har lyst å rette ein hjarteleg takk til alle dykk som har stått på og jobba for å få til dette – og til dei som har gjort sjølve jobben – så vidt eg forstår har alt gått etter planen – og de har gjort ein kjempejobb!

Mange trekte på smilebanda då Odd Roger Enoksen på slutten av nittitalet  lanserte den såkalla digitale allemannsretten. Men me har gjort noko med det. Gjennom lokale initiativ og spleiselag mellom enkeltpersonar, bedrifter, kraftselskap, kommunar, fylkeskommunar og staten, er denne visjonen realisert. Om lag 1.5 mrd er brukt, 99,9 % av husstandane har no tilgang til breiband, og det vert arbeidd målretta med å nå ut til dei som er att. Alle skal med. Resultata talar for seg. Breiband i heile landet er eit resultat av Senterpartiet sin påverknad i norsk politikk!

Moderne infrastruktur er naudsynt for å folk skal kunne byggje seg hus og ta med seg eller etablere ein ny arbeidsplass anten det måtte vere i Stokke eller Sogn. Eg er kjempeglad for at Arne Petter Ødelund  og familien hans no får moglegheit til å bestille varer, utstyr og tenester på nettet og kommunisere med Felleskjøpet, Gilde eller offentlige kontor via den viktigaste moderne kommunikasjonskanalen – Internett og e-post. Like viktig er det at ungane i familien no får moglegheit til å kunne gjøre leksene sine heime – at dei kan vere på Internett på same vis som klassekameratane sine.

Familien Ødelund er eit glitrande døme på kvifor breiband er så avgjerande for at sjølvstendig næringsdrivande skal kunne drive verksemda si på ein god måte. Men forteljinga om ungane som endeleg kan laste ned leksene sine heime frå viser også kvifor breiband er eit viktig samfunnspolitisk verkemiddel. Breiband gir informasjon, kulturtilbod og underhaldning lettare tilgjengeleg for alle. Dette er viktig både for sosial kontakt og demokratisk deltaking, kanskje særleg for barn og unge.

12K her i Vestfold er eit av dei prosjekta som kom i stand etter at regjeringa løyvde midlar til infrastrukturinvesteringar. Mange av områda som er utbygd i desse 8 kommunane hadde ikkje vore interessante for kommersielle aktørar. Difor har det vore naudsynt å tilby investeringstilskot for å gjennomføre regjeringa sin lovnad om full breibandsdekning. Slik kan – og skal – staten vere med å bidra. 

Men sidan Odd Roger Enoksens visjon om den digitale allemannsretten  har teknologien, både når det gjeld nett og tenester, utvikla seg veldig. Kopar- og radioteknologien kan overføre langt meir data enn tidlegare. Prisane på rask overføringskapasitet har søkke kraftig, noko me særleg kan takke dei mange nye aktørane på marknaden for. Me ser eit auka kapasitetsbehov blant dei som allereie har breiband. Bruksmønsteret for privatpersonar endrar seg stadig, med auka nedlasting av større datamengder som for eksempel TV-seriar, musikk etc. Etter kvart vil òg bruk av internett i skulen krevje enda høgare bandbreidde. Auka kapasitet blir òg meir og meir ein kritisk faktor i bedriftene. Difor slår me oss ikkje til ro med breiband til alle. For å dekkje framtidas behov er det viktig at me får på plass 2. generasjons breiband og eg er klar på at målet om å få raskt breiband, superbreiband,  fram til alle hus skal inn i Soria Moria II!

Men her og no, skal me først og fremst feire at enkelthusstandar og gardar som elles hadde måtta ta til takke med låge ADSL-hastigheiter eller ikkje breiband i det heile, no har fått dei moglegheitene dei fortener og har krav på.

Eg vil ynskje dykk alle hjarteleg til lukke med det nye breibandet!