Historisk arkiv

Opning av E18 Grimstad-Kristiansand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av E18 Grimstad-Kristiansand, 26. august 2009.

Dykkar majestet, fylkesordførar, fylkesmann, ordførarar, vegdirektør!

Kjære alle saman!

Gratulerer med denne store dagen! Å få på plass ei slik lengre strekning med ny, moderne og ikkje minst trygg veg – er alltid eit høgdepunkt.

Noreg treng nemleg vegar! Me treng trygge og effektive vegar. Og me skal bygge vegar. Me skal satse både på veg og jernbane, alt etter kva som er best i det enkelte tilfellet. Mitt mål er eit vegnett i Noreg fullt på høgd med det svenske når det gjeld effektivitet og trafikktryggleik. Og me er i gang med dette – Nasjonal transportplan inneber ei ny tid for vegbygging i Noreg.

Denne strekninga er ein del av den såkalla Agder-pakka, der eit sterkt lokalt engasjement var svært viktig. I dag er det difor mange som kan kjenne seg stolte, mange som har sin del av æra for denne vegen. Eg trur dette vil bli starten på ei ny tid for Sørlandet og Agderfylka, og kjenner meg sikker på at denne nye vegen vil føre med seg eit løft for næringslivet i regionen. E18 er ein svært viktig transportkorridor for heile Sør-Noreg, og me jobbar for at den skal bli ein konkurransedyktig korridor heile vegen til kontinentet. E18 er ei viktig blodåre i vegsystemet vårt, og no vil den bli langt betre rusta for å ta i mot dei mange som kvar dag trafikkerer her.

Vegen vil også bli viktig for utviklinga av den såkalla ”Agderbyen”, og som no meir og meir er i ferd med å bli eitt felles bu- og arbeidsmarknadsområde.

Det aller viktigaste er likevel at det blir færre ulykker. Og det veit me at det vil bli. Statistikkar visar at me kan rekne med ein nedgang i talet på drepne på 80%. Det er ein god investering, det! Eg er også sjølvsagt glad for at dei mange som har budd langs den gamle vegen og som har slitt med støy og forureining derfrå, no kan få ein betre kvardag.

Denne vegen har 100 kilometer i timen som fartsgrense. Eg veit at det har vore diskusjon lokalt om denne grensa bør ligge på 80 eller 100. For meg er det ikkje i tvil om at når me først byggjer veg av denne typen, skal ein kunne køyre i 100 på den. Så må sjølvsagt alle – her som andre stader – ta omsyn i trafikken, vere vakne, rusfrie, bruke belte, ikkje snakke i mobilen – alt det der som alle veit, men som så mange syndar mot likevel.

Eit anna spesielt aspekt ved denne vegen er at den er bygd med såkalla offentleg-privat-samarbeid (OPS). Eg er ikkje mot alternative finansieringsformer, og i dag ser me eit gledeleg døme på at dette kan vere ein måte å få store prosjekt raskt i hamn – noko eg aller helst vil at me skal gjere ved å løyve store pengar til samferdsle over dei ordinære budsjetta.

For meg er det viktig å få fram at bruk av alternative finansieringsformer aldri kan ta frå politikarane det store, tunge ansvaret for å løyve nok pengar til skikkelege og trygge vegar. No blir det spennande å sjå erfaringane frå driftsfasen i tida som kjem. Når ein bygger veg med OPS er det dei same entreprenørane som bygger veger, dei same arbeidsfolka, og vegen vert bygd på same måte. Og me skal bruke det beste frå OPS – og me skal greie å få like rask og billigare utbygging med den modellen som mo nå går for.

Denne dagen vart ikkje heilt som planlagt, det blir berre sett trafikk på tjue av dei førti nye kilometrane i dag. Dette er ein hypermoderne veg, og med hypermoderne vegar følgjer mykje teknologi. Eg skulle gjerne sett at de alle fekk testa ut heile den nye vegstrekninga Kristiansand-Grimstad i dag, men så vidt eg skjønar er det snakk om kort tid før de får gjere det, og me klarar vel smøre oss med tålmod litt til. Og så vil eg seie at eg sjølvsagt er glad for at vegdirektøren set tryggleiken i høgsetet – for ikkje å seie førarsetet!

Det er uansett ei stor ære og glede for meg å få vere med på opninga av denne store og viktige vegsatsinga. Takk for meg – og køyr forsiktig!