Historisk arkiv

Opning av E18 Langåker-Bommestad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av Langåker-Bommestad, Vestfold 22. juni 2009.

Kjære ordførarar, fylkesordførar, fylkesmann, vegdirektør vestfoldingar, kjære alle saman!

Dette er ein svært gledeleg dag, og eg er veldig glad for å få vere med på opninga av dette store, flott og viktige prosjekt.

E18 Langåker-Bommestad bind Sandefjord og Larvik nord saman og fjernar ein samferdselspropp mellom to av dei viktigaste byområda og vekstsonene i Vestfold. Næringslivet – som eg er veldig oppteken av – får ein effektiv transportetappe – og: me er no eit verdifullt skritt nærare ein samanhengande motorveg mellom Oslo og Kristiansand, noko som vil kome både næringsliv og privatbilistar til gode.

Nylig blei regjeringa sitt framlegg til Nasjonal transportplan behandla i Stortinget. Det er ein plan der me tar eit stort løft for heile landet. Blant anna satsar me på jernbane og me satsar tungt på mindre investeringsprosjekt og utbetringar i distrikta. MEN: me klarar ha to tankar i hovudet på ei gong. Eg er ikkje alltid for størst og breiast mogleg vegar, men det er eg her. I tek me dei store løfta og byggjer om – fordi det er naudsynt og viktig.. Dette er ein av fleire parsellar, men det  er eit viktig ledd i firefelts motorveg Oslo-Kristiansand, ei strekkje som har vore prega av mange stygge ulukker og mykje kø. No blir desse problema borte.

Ikkje minst er det bra at trafikktryggleiken no blir mykje betre. Ifrå 1996 til 2005 døydde det heile 10 personar på denne strekninga – alle i møteulukker – og 18 vart hardt skadde. Det gjer det vondt å tenkje på. No tilseier all erfaring at talet på drepne og skadde vil gå ned med heile 90 %.

Dessutan gler eg meg veldig på vegne av bebuarane langs denne strekninga. Eg veit at dette er ein etterlengta veg for dei mange som har hatt gamlevegen nesten oppi stovedøra. Ikkje nok med støv og støy – det har også vore stor trafikkfare – med farlege kryss og avkøyrslar. No blir vegen flytta lenger vekk, og den skal gå trafikksikkert og bak skjerma støytiltak. På ein måte kan ein nesten seie at folk får heimane sine tilbake.

Eg har vore med på ein del vegopningar. Ganske ofte skjer det historiske funn i løpet av byggearbeidet. Ikkje så ofte gir funna grunn til å skrive om sjølvaste Noregshistorien. Det er det i dette tilfellet. De har allereie høyrt om dei flotte funna av jernvinne, smieplass og 30 hus – og ikkje minst Kokegropefeltet. Det er fantastisk å tenkje på at her sat bønder og krigarar for 2000 år tilbake. Og no veit me altså – for første gong – at desse middelaldertingstadene faktisk har røter tilbake til tida rundt Kristi fødsel.

Eg hadde før i dag gleda av å få sjå nærare på desse flotte funna. Det er også fantastisk å tenkje på at her allereie for tusenvis av år sidan var samferdsel og transport på høgt nivå her. Så har då også landet vårt fått eit namn som har med transport å gjere – Nor-vegen – det tykkjer no eg som samferdselsminister er litt stas, må eg innrømme Dette er viktige kulturminne som me skal ta vare på og bruke for alt dei er verd  – samstundes som me sørgjer for for trygg, effektiv og miljøvenleg transport.  Og om nokre tusen år er kanskje dagens nyopna parsell eit kulturminne, så det er fortid og framtid som smeltar saman her i dag.

Då ein annan parsell, Sky-Langangen, for ei tid tilbake vart tatt opp i Stortinget – sa ein av opposisjonspolitikarane at dette var nok eit døme på klattvis utbygging. Så tok han seg  i det, og sa at vel, det var jo ein stor klatt, då … Og det er jammen dette også. Og rett over sommarferien opnar me nok ein stor klatt – 4-feltsvegen mellom Kristiansand og Grimstad.

Og etter det ---- skal me forsetje å byggje landet vidare! Men i dag skal me først og fremst feire denne nye vegen. Eg har lyst å rette ein stor takk til alle involverte, Statens Vegvesen, entreprenørane, kommunen for ein flott jobb – og ikkje minst vil eg takke alle tålmodige naboar langs den gamle vegen. Denne dagen er dykkar! Og som eg gjerne plar seie når eg opnar ein ny veg – kjære trafikantar, nyt den flotte vegen, men ikkje la den blende dykk – køyr forsiktig, ta vare på dykk sjølv og kvarandre!

Det er ei stor ære og ei glede for meg å ynskje dykk hjarteleg til lukke med nye E 18 Langåker-Bommestad. No veit eg at det er ei snor som ventar på meg – så no er det like før!