Historisk arkiv

Opning av E6 Vinterbro-Assurtjern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

9. september 2009

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av E6 Vinterbro-Assurtjern, 9. september 2009.

Kjære alle saman! Gratulerer med denne store dagen!

Å få på plass ei ny strekning med ny, moderne og ikkje minst trygg veg er alltid eit høgdepunkt, og ikkje nok med det,  i dag kan me dessutan feire at heile stamvegen frå Oslo til svenskegrensa no er firefelt motorveg. Dette er ein stor dag for Akershus, for Østfold, for Austlandet og heile Noreg – og det er sjølvsagt stort for meg som samferdselsminister å vere her i dag. I eit land som Noreg er satsing på veg heilt avgjerande, og det har vore svært viktig for meg og Senterpartiet at regjeringa skulle prioritere veg. Me har fått til mykje – men me har også mange store planar for framtida! Eg er veldig stolt av den nasjonale transportplanen me la fram i vår – og som statsministeren var innom i stad.

Firefelts veg på heile stamvegstrekninga frå Oslo til Riksgrensen er eit prosjekt som har kravd store ressursar, men som det har vore avgjerande å få på plass. Eg er ikkje alltid for å byggje breiast mogleg vegar, men eg er for å byggje dei på strekningar som dette – der trafikken er tett og firefelts veg er viktig for å tryggje kvardagen til trafikantane og for at næringslivet skal få varene sine raskt og effektivt fram.

E6 har vore ei ulukkesutsett strekning. Det er all grunn til å gle seg over at me no endeleg kan leggje den perioden bak oss. Statistikkar visar at me kan rekne med ein nedgang i talet på drepne i trafikkulukker på 80%. Det er ein god investering, det! Eg er også sjølvsagt glad for at dei mange som har budd langs den gamle vegen og som har slitt med støy og forureining derfrå, no kan få ein betre kvardag.

Næringslivet vårt har gjerne lange avstandar til marknadane og eg arbeider difor kvar dag for å sikre at dei har så gode transportforhold som råd. Tidlegare har det vore ei rekkje flaskehalsar på denne vegen, noko som har skapt forseinkingar og gjort det vanskeleg å planleggje reisetida. No blir det heilt slutt på det! E6 vil gje store positive ringverknader for næringslivet i heile landet – i lang tid framover.

Eg har lyst til å rette ein hjarteleg takk både til alle som har venta på denne vegen, alle som har måtta leve med omkøyringar og andre ulemper ei stund, og til Statens vegvesen, entreprenørane og alle andre involverte. De har gjort ein strålande jobb, og levert eit flott prosjekt innan tids- og kostnadsrammene. Og så var det jo litt artig, då, at det faktisk blei slik at vegen kunne opne 09.09.09. Og ikkje alt handlar om harde fakta. Eg er veldig glad for at me ikkje berre byggjer breie og trygge vegar her i landet, men også vakre vegar. At ein her har henta opp den assurblå tråden frå Assurtjern og lagt inn eit assurblått lys bak tunnelportalen i Assurdalen er eit døme på kor lekkert det kan gjerast! Ein kan beint fram bli både glad og inspirert av å køyre gjennom nye, norske tunnelar!

Men me stoppar på ingen måte her. Noreg treng nemleg vegar! Me treng trygge og effektive vegar. Og me skal bygge vegar, meir vegar enn nokon gong. Me skal satse både på veg og jernbane, alt etter kva som er best i det enkelte tilfellet. Mitt mål er eit vegnett i Noreg fullt på høgd med det svenske når det gjeld effektivitet og trafikktryggleik. Og me er i gang med dette – Nasjonal transportplan inneber ei ny tid for vegbygging i Noreg.

Og med det er det ei ære og ei glede å erklære E6 Vinterbro-Assurtjern for opna – og E6 Oslo-Riksgrensa for endeleg ferdigstilt! Nyt vegen – og køyr forsiktig!