Historisk arkiv

Opning av Flytoget til Drammen stasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Flytoget til Drammen stasjon, 2. september 2009.

Godtfolk!
Gratulerer med ein stor dag for Drammen og omegn – og for Flytoget.

Eg er veldig glad for at folk som bur i Drammensregionen no får moglegheit til å ta flytoget når dei skal fly til og frå Gardermoen. Noreg er allereie i verdstoppen når det gjeld kor mange som brukar kollektivtransport til og frå hovudflyplassen, men folk her i regionen – som årleg står for om lag 1 million flyreiser frå Oslo Lufthamn – har hittil ikkje hatt noko tilfredsstillande tilbod, og dermed har dei fleste til no køyrt eigen bil. Det er ikkje bra verken for miljøet eller for framkoma på motorvegane.

No kan dei reisande få seg ein avslappande time på flytoget i staden for å køyre eigen bil og kanskje bli ståande i kø deler av vegen. Dette vil vere eit viktig bidrag til å få ned klimagassutsleppa, redusere køane på E18 og gje folk ein litt mindre stressa kvardag. Eg trur dessutan at dette nye tilbodet fort kan gje positive ringverknader, blant anna når folk vurderer å etablere nye bedrifter i regionen. Erfaring frå til dømes Lysaker viser at enkel og god kommunikasjon til Gardermoen verkar inn på nyetableringar og gir eit løft for reiselivet.

Når sporanlegget på Drammen stasjon står ferdig i 2010, vil kapasiteten auke ytterlegare – og det vil kunne gå tre tog i timen i staden for to. Og så gler me oss sjølvsagt veldig til nytt dobbeltspor frå Sandvika til Lysaker står ferdig i 2012. Når dessutan dei nye vendespora blir tatt i bruk og NSB får tilstrekkeleg mange nye togsett, vil kapasiteten auke kraftig. Eg trur eg kan garantere både fleire tog og kortare reisetid. Folk skal kunne stole på toget, at det går når det skal og kjem fram når det skal.

Det har vore mykje snakk om parkeringssituasjonen i tilknyting til stasjonen her i Drammen. Det pågår framleis forhandlingar mellom ROM, JBV og Drammen kommune om saken, og eg reknar med at dette vil ordne seg på ein god måte, og at dei reisande relativt raskt kan få eit godt parkeringstilbod når dei skal dra til og frå Drammen stasjon. Dette er ein situasjon me følgjer tett i Samferdselsdepartementet.

Mange av dykk reiser ikkje berre med Flytoget, men med lokaltog, Intercitytog og regiontog. Regjeringa har lagt opp til ei ny tid for jernbana i Noreg. Eg er stolt over at me er i gang med prosjekt som dobbeltspora Lysaker-Sandvika, Sandnes-Stavanger og Barkåker -Tønsberg. Vi har òg fått fart på planlegginga av dobbeltspor Oslo-Ski og Eidsvoll-Hamar. Og i går vart det bestemt at Holm-Holmestrand-Nykirke skal startast som eitt moderne prosjekt i 2010.   Dessutan er me  godt i gang med å fornye gamle og nedslitne skinner og signalanlegg i Oslo-området for å få slutt på avviksproblema. Det skjer mykje!  Me har ambisiøse planar for framtida, og dei komande ti åra skal vi satse meir enn 92 milliardar kroner på jernbane. Overføringane til Jernbaneverket blir dobla. Men når vedlikehaldet og fornyinga av norsk jernbane har ligge på eit for lågt nivå i godt og vel 30 år, tek det tid å bygge opp att jernbana. Det vil bli avgjerande for alle jernbanevener at me i åra framover får regjeringar som er villige til å prioritere samferdsel og jernbane. Det har den raudgrøne gjort! Eg skal ikkje drive valkamp her i dag, berre minne alle om å bruke røysteretten sin om fjorten dagar.

Men lenge før den tid går det offisielle startskotet for Flytoget frå Drammen. Måtte hell og lukke følgje det på reisa, og igjen gratulerer, både til Flytoget og til alle reisande!