Historisk arkiv

Opning av Håbakken kontrollstasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av Håbakken kontrollstasjon i Sogn og Fjordane, 20. juni 2009.

Godtfolk!

Det er flott å vere her – nærast på heimebane – for å opne eit så positivt og flott tiltak for trafikktryggleiken som Håbakken kontrollstasjon!

Trafikktryggleik er noko av det aller viktigaste eg jobbar med. Sjølv om me ligg i verdstoppen på trafikktryggleik og sjølv om talet på drepne og skadde har gått dramatisk ned dei siste tiåra – medan trafikken har blitt tredobla –  er det framleis alt for mange som blir drepne og skadde i trafikken kvart år. Siste året har me særleg sett ei dramatisk auke i talet på unge drepne.

Me jobbar etter nullvisjonen – som seier at det ikkje skal vere drepne og skadde i trafikken i Noreg. I Nasjonal transportplan for dei neste ti åra satsar me tungt på trafikktryggleik og legg opp til brei og langsiktig jobbing for å nærme oss nullvisjonen. Me vil gjere ei rekkje infrastrukturtiltak, til dømes vil me bygge midtrekkverk, men me må også jobbe mot køyretøy – og ikkje minst: førar. Alle tal syner at førarfeil er ein del av årsaka til ein stor del av dei alvorlege ulukkene. Nylig har me difor blant anna endra prikkbelastningsordninga, heva gebyret for ikkje å bruke bilbelte, og me jobbar med å gjere føraropplæringa endå betre. Dette er berre nokon av mange tiltak.

Kontrollar er eit av dei beste preventive tiltaka. Forsking syner at folk er redde for å bli oppdaga når dei gjer noko gale i trafikken, og at kontrollar difor får dei til å oppføre seg betre i trafikken. Fleire, betre og meir effektive kontrollar gir dermed betre trafikktryggleik. I Nasjonal transportplan har me sagt at me vil prioritere ytterlegare effektivisering av utekontrollane. Det betyr mellom anna ei opptrapping av tekniske kontrollar av tungtransporten og av køyre- og kviletidskontrollar.

Auka satsing på utekontrollar er ikkje berre noko me jobbar med i eit langtidsperspektiv. Det er også noko me arbeider med på kort sikt –  noko Håbakken kontrollstasjon er eit godt døme på. Samferdselsdepartementet har allereie ved fleire høve signalisert at utekontrollane i størst mogleg grad må skje på stadar der kontrollbehovet – og dermed vinsten – er størst, til dømes på fjellovergangar. Kontrollstasjonen her på Håbakken har fått ei særs god plassering, like ved eit av dei sentrale knutepunkta for trafikken mellom Aust- og Vestlandet, noko som gjer at stasjonen vil fange opp trafikk frå viktige vegar som E16, Rv 52 og Rv 5. Ikkje minst er E16 ein viktig veg for tungtrafikken mellom aust og vest – den har allereie ei veldig god oppetid vinterstid, og me legg no opp til at den skal bli heilårsopen.

Noko eg er særleg glad for etter å ha kryssa Filefjell utallige gonger vinterstid er at ein her på Håbakken skal kontrollere dekka til norsk og utanlandsk tungtransport og luke ut dei som er for dårleg skodd for ta seg over fjellet på vanskeleg føre. Det gi betre trafikktryggleik og framkome – for alle.

Eg er òg glad for det positive samarbeidet Statens vegvesen og politiet har hatt om Håbakken. At dei har eit forpliktande samarbeid om kontrollverksemda her representerer noko heilt nytt – som eg håpar kan bli eit døme til etterfølging i framtida. God felles planlegging skal gjere kontrollplassen ekstra effektiv –  til dømes ved at etatane har kontrollar på ulike tidspunkt –
eller i fellesskap.

Alt det positive til trass, det er ikkje til å kome frå at det å bli vinka inn til kontroll kan verke som ei forseinkande hindring for alle lovlydig sjåførar som er på veg for å levere ei last til avtalt tid. Desse raskare ein kan gjennomføre tilfredstillande kontroll, dess betre. Eg tykkjer det er flott at Håbakken er innretta slik at ein skal kunne gjennomføre kontrollar på ein rask og god måte, og unngå unødig lang ventetid for næringslivet.

Kontrollfunksjonen til Håbakken er sjølvsagt det viktigaste. Når eg no ser kor fint det har blitt her – både ute og inne – kan eg ikkje la vere å kommentere det. Eg er sikker på at både dei som skal jobbe her og dei som skal bli kontrollerte vil ha glede av dei nye og moderne fasilitetane. Når alt dette i tillegg vil bidra til betre og meir effektive kontrollar – ja, då er det all mogleg grunn til å gratulere oss alle med ein ny og framifrå kontrollstasjon her på Håbakken. Ei viktig brikke i det store puslespelet for å auke trafikktryggleiken er på plass!

Takk for meg og til lukke med dagen!