Historisk arkiv

Opning av Hydrogenfyllestasjon på Lier

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av Hydrogenfyllestasjon på Lier, 11. mai 2009.

Kjære alle saman!

Gratulerer med dagen! Der er kjekt å få æra av å opne hydrogenfyllestasjonen her på Lier. Svært mykje viktig trafikk sørover går forbi trafikknutepunktet Drammen og Lier, og eg er difor svært glad for at me no har fått på plass ein fyllestasjon i Lier.

Eg trur hydrogen – saman med biodrivstoff og elektrisitet – blir ein viktig del av løysinga på dei miljøutfordringane me står overfor i transportsektoren. Stasjonen her i Lier vil utgjere eit viktig ledd i Hydrogenvegen frå Oslo til Stavanger – som me også feirar i dag. Både vegen og kvar enkelt fyllestasjon er glitrande døme på at styresmakter, organisasjonar, forskarmiljø og næringsliv samarbeider for å snu transportsektoren i grønare og meir berekraftig retning.

Klimagassutsleppa utgjer ei stor fare for framtida vår, og vegsektoren står for ein stor del av utsleppa frå transportsektoren. Desse utsleppa har også auka kraftig dei siste tiåra. Utsleppa frå transportsektoren skal ned. Me har forplikta oss til ein større reduksjon i klimagassutsleppa samanlikna med det som ville vore tilfelle utan tiltak. Eit av dei viktige grepa me vil gjere er å erstatte tradisjonelle drivstoff med alternative drivstoff som ikkje er miljøskadelege, til dømes el, hydrogen og biodrivstoff. Det er ikkje bilen som forureinar – men  drivstoffet. Folk skal køyre bil i framtida óg – til jobben, til hytta eller som her i dag – i rally. Men folk skal køyre med elektrisitet, hydrogen eller biodrivstoff på tanken.   

Hydrogen kan produserast med både fossil energi og fornybar energi. Uansett gir ikkje bruk av hydrogen klimagassutslepp, og hydrogen er difor spesielt bra eigna som drivstoff med tanke på å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. Hydrogen kan også produserast utan utslepp, slik at heile verdikjeda blir utsleppsfri. Regjeringa har difor satsa store summar på å støtte utvikling av alternative drivstoff som til dømes hydrogen. Det har me gjort gjennom forskings- og utviklingsmidlar til RENERGI-prosjektet. Dei fire siste åra har me dobla desse løyvingane. Mykje av pengane har gått til forsking på hydrogen, og i hovudsak til HyNor-prosjektet, fordi me tykkjer det er så viktig at infrastrukturen er på plass.

Og så har vi Transnova, då, som me er ganske stolte av, og som startar opp for alvor i desse dagar. Me har oppretta eit Transnova fordi me vil at det skal bli mogleg å køyre bil og buss utan å forureine miljøet. Transnova skal gjennom tilskot bidra til å realisere prosjekt som aukar bruken av fornybare og utsleppsfrie drivstoff som el, biodrivstoff og hydrogen. I år har Transnova 100 mill kr til disposisjon. Målet vårt er at Transnova skal bli ein permanent organisasjon, og eg trur Transnova vil bli svært viktig for innfasinga av dei alternative drivstoffa i åra som kjem.

Me legg også forholda til rette for bilar som går på klimavenlege drivstoff – blant anna gjennom å bruke avgiftspolitkken aktivt. Hydrogenbilar er til dømes fritatt frå eingongsavgifta, har tilgang til kollektivfeltet, køyrer gratis gjennom bomringen etc. Me håpar på sikt forskinga kan få ned prisen på miljøvenlege køyretøy, slik at dei blir rimelegare og meir tilgjengelege for folk flest – og slik at så mange som mogleg kan nytte seg av Hydrogenvegen frå Oslo til Stavanger, og flest mogleg vil stoppe her i Lier for å fylle hydrogen. Eg håpar fyllestasjonen i Lier vil bli flittig besøkt, og vere med å bidra til at flest mogleg fyller tanken med hydrogen i åra framover. Det vil vere eit stort steg framover for miljøvenleg transport i landet vårt.

Gratulerer med dagen og takk for meg!