Historisk arkiv

Opning av Hydrogenvegen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av Hydrogenvegen, 11. mai 2009.

Kjære alle saman!

Takk for invitasjonen – og gratulerer med denne store dagen, for Oslo, for hydrogenmiljøet og for alle som er opptekne av miljøvenleg transport!

Det er veldig kjekt for meg å få ta del i denne seremonien. Eg trur hydrogen – saman med biodrivstoff og elektrisitet – blir ein viktig del av løysinga på dei miljøutfordringane me står overfor i transportsektoren.

Eg hadde for ei tid sidan gleda av å opne Noregs første hydrogenfyllestasjonen, no står me her ved ved opninga av hydrogenstasjonen på Økern, og seinare i dag får eg æra av å opne ein flunkande ny stasjon i Lier. I dag startar Henning Solberg og dei andre rallydeltakarane turen i hydrogenbil sørover – onsdag skal eg ta imot rallydeltakarane igjen i  Stavanger – og då har dei vore innom alle hydrogenfyllestasjonane. Ringen er på ein måtte slutta, og me kan feire det store og ambisiøse prosjektet Hydrogenvegen  - eit glitrande døme på at styresmakter, organisasjonar, forskarmiljø og næringsliv samarbeider for å snu transportsektoren i grønare og meir berekraftig retning

Klimagassutsleppa utgjer ei stor fare for framtida vår, og vegsektoren står for ein stor del av utsleppa frå transportsektoren. Desse utsleppa har også auka kraftig dei siste tiåra. Utsleppa frå transportsektoren skal ned. Me har forplikta oss til ein større reduksjon i klimagassutsleppa samanlikna med det som ville vore tilfelle utan tiltak. Eit av dei viktige grepa me vil gjere er å erstatte tradisjonelle drivstoff med alternative drivstoff som ikkje er miljøskadelege, til dømes el, hydrogen og biodrivstoff. Det er ikkje bilen som forureinar – men  drivstoffet. Folk skal køyre bil i framtida óg – til jobben, til hytta eller som her i dag – i rally. Men folk skal køyre med elektrisitet, hydrogen eller biodrivstoff på tanken.  

Hydrogen kan produserast med både fossil energi og fornybar energi. Uansett gir ikkje bruk av hydrogen klimagassutslepp, og hydrogen er difor spesielt bra eigna som drivstoff med tanke på å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. Hydrogen kan også produserast utan utslepp, slik at heile verdikjeda blir utsleppsfri. Regjeringa har difor satsa store summar på å støtte utvikling av alternative drivstoff som til dømes hydrogen. Det har me gjort gjennom forskings- og utviklingsmidlar til RENERGI-prosjektet. Dei fire siste åra har me dobla desse løyvingane. Mykje av pengane har gått til forsking på hydrogen, og i hovudsak til HyNor-prosjektet, fordi me tykkjer det er så viktig at infrastrukturen er på plass.

Og så har vi Transnova, då, som me er ganske stolte av, og som startar opp for alvor i desse dagar. Me har oppretta eit Transnova fordi me vil at det skal bli mogleg å køyre bil og buss utan å forureine miljøet. Transnova skal gjennom tilskot bidra til å realisere prosjekt som aukar bruken av fornybare og utsleppsfrie drivstoff som el, biodrivstoff og hydrogen. I år har Transnova 100 mill kr til disposisjon. Målet vårt er at Transnova skal bli ein permanent organisasjon, og eg trur Transnova vil bli svært viktig for innfasinga av dei alternative drivstoffa i åra som kjem.

Me legg også forholda til rette for bilar som går på klimavenlege drivstoff – blant anna gjennom å bruke avgiftspolitkken aktivt. Hydrogenbilar er til dømes fritatt frå eingongsavgifta, har tilgang til kollektivfeltet, køyrer gratis gjennom bomringen etc. Me håpar på sikt forskinga kan få ned prisen på miljøvenlege køyretøy, slik at dei blir rimelegare og meir tilgjengelege for folk flest – og slik at så mange som mogleg kan nytte seg av Hydrogenvegen frå Oslo til Stavanger. Eg vil gje honnør til alle som har stått på og jobba for dette prosjektet, og ynskje dykk all mogleg til lukke både med dagen i dag og med arbeidet vidare! Eg gler meg stort til å ta i mot Vikingrally-deltakarane i Stavanger. Måtte hell og lukke følgje både rallykøyrarane  og hydrogenvegen.

Gratulerer med dagen og takk for meg!