Historisk arkiv

Opning av Kleivenetunnelen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

27. januar 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av Kleivenetunnelen , 27. januar 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Opning av Kleivenetunnelen
27. januar 2008

Kjære alle saman!

Hjarteleg til lukke! E18 Frydenhaug-Eik og Kleivenetunnelen er siste ledd i arbeidet med firefelts veg gjennom Drammen. Når prosjektet på 4 km i dag opnar får trafikantane firefelts veg frå Oslo til Tønsberg. Dermed oppfyller me målet i inneverande Nasjonal transportplan om samanhengande firefelts veg på denne strekninga innan 2009.

Det er viktig, ikkje minst fordi E18 frå Oslo til Vestfold er ein av dei landets mest trafikkerte vegar og det har lenge vore store køproblem på strekninga forbi Drammen, som er eit av dei landets viktigaste knutepunkt, anten ein kjem med bil eller tog. Noko av køproblematikken vart betre etter at motorvegbrua opna i 2006 og med denne strekninga på plass er det grunn til å sjå lysare på framtida.

Dette er eit prosjekt som har kravd store ressursar, men som det har vore avgjerande å få på plass. I tillegg til å gje miljøvinst og betre framkome, gjer den nye tunnelen E18 tryggare. Eg er ikkje alltid for å byggje breiast mogleg vegar, men eg er for å byggje dei på strekningar som dette – der trafikken er tett og firefelts veg er viktig for å tryggje kvardagen til trafikantane.

På strekninga mellom Høvik og Eik har det i perioden 1998-2008 vore 6 drepne og 9 hardt skadde. Med fire felt og samanhengande lik vegstandard på E18 kjenner me oss sikre på at det vil bli nedgang i dei mest alvorlege ulukkene. At me no får firefelts motorveg, omfattande trafikkstyring og overvaking gjer at folk, anten dei bur her eller er på gjennomfart, kan køyre langt tryggare enn før, noko som er viktig for meg som samferdselsminister og for regjeringa.

Me ser at auka trafikkmengde gjer at det må endå hardare lut til for å få ned ulukkestala, og årets statsbudsjett har me difor føreslått ei dobling av midlane til trafikktryggleik.

Samstundes vil eg oppfordre alle som skal ferdast på den nye vegen om å køyre forsiktig og tilpasse seg ver og føretilhøve og trafikken elles. Ulukkesanalysar viser at me ikkje kan byggje oss bort frå alle trafikkulykker, me er òg avhengige av at kvar enkelt trafikant tek ansvar.

Eg vil takke Statens vegvesen, entreprenørane, kommunane, fylkeskommunen og alle andre som har vore involverte i bygginga av denne vegen. De har gjort ein god jobb, og har kome i mål med god framdrift – og god kostnadsstyring.

Men me gir oss ikkje her. Me skal byggje framtidas infrastruktur i heile landet. Tiltakspakka som vart lagt fram på måndag gir heile 3,8 milliardar kroner meir til samferdsle, det betyr saman med auka i statsbudsjettet at samferdslebudsjettet no auka med heile 25 prosent frå 2008. Det aller viktigaste er at me får sett hender og maskiner i arbeid og rusta opp ei mengd veg- og jernbaneprosjekt. Eg er sikker på at folk over heile landet vil merke at det blir fleire midtdelarar, meir rassikring, meir ny asfalt og betre satsing på drift av vegnettet – i tillegg til nye flotte prosjekt, som det me opnar no i dag.

Herman Wildenvey har sagt noko slikt som at Drammen er sangens og sommerens by, og sjølv om det så absolutt er alt anna enn sommar no, tykkjer eg det passar, for i dag feirar ikkje berre Drammen, men Buskerud og Austlandet at vegnettet vårt no har blitt både tryggare og meir effektivt.

Hjarteleg til lukke med dagen og køyr forsiktig!