Historisk arkiv

Opning av Lysaker stasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

1. september 2009

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Lysaker stasjon, 1. september 2009.

Statsminister Stoltenberg og samferdselsminister Navarsete opnar Lysaker stasjon.Godtfolk!

I dag opnar me ein hypermoderne togstasjon. Noko av det eg er mest glad for er at me her har fått til ein samordna løysing for jernbane, bussar og annan kollektivtrafikk.

For dette er verkeleg eit knutepunkt i ordets rette forstand. Tenk på at det kvar dag stoppar 1400 bussar nær stasjonen og at heile 25.000 menneske jobbar innan ein radius av 800 meter frå stasjonen. Her kjem det til å syde og koke av liv, og det er slik me vil ha det!

No har alle dei store knutepunktstasjonane i Vestkorridoren fått minst fire spor, og endå ein flaskehals er fjerna. Det vil gjere toga på Drammenbana meir punktlege. Og når nytt dobbeltspor herfrå til Sandvika opnar hausten 2011, vil siste brikke vere på plass. Det nye dobbeltsporet mellom Lysaker og Asker gi grunnlag for eit betydeleg betre togtilbod i store deler av landet. Me må ikkje gløyme at denne strekninga i tillegg til å bli trafikkert av fleire lokaltog og av intercitytoga på Vestfoldbanen, òg blir nytta av toga på Sørlands- og Bergensbanen. 

Når utbygginga til fire spor i Vestkorridoren står ferdig i 2012, vil det vere investert nær åtte milliardar kroner på jernbana gjennom Asker og Bærum, eit synleg bevis for at regjeringa satsar på fornying av jernbana. Eg er også svært glad for at NSB har bestilt 50 nye togsett. Mange av dei vil i framtida stoppe her på Lysaker. Det betyr at frå 2012 blir det hyppigare avgangar både i lokaltrafikken og på mellomdistansane. Planlegginga av det framtidige togtilbodet er godt i gang og eg kan love at det vil bli eit togtilbod som er betydeleg mykje betre enn i dag!

Eg er heilt sikker på at den store kollektivsatsinga i Oslo og Akershus med bygging av nye dobbeltspor på jernbana, T-baneringen i Oslo, utskifting av gamalt materiell, opprusting av stasjonar og busshaldeplassar og mange andre mindre tiltak, vil gjere det endå mykje meir attraktivt å reise kollektivt i hovudstadsområdet enn det har vore. Når nytt dobbeltspor står ferdig heile vegen frå Lysaker til Asker, vil me kunne reise med dei raskaste toga mellom Asker og Oslo på 18 minutt, sjølv i rushtida –til samanlikning brukar ein bilist i dag i snitt 54 minutt på same strekning. Eg håpar det nye dobbeltsporet skal kunne avlaste trafikken på E18 og gjere vegen meir framkomeleg for dei som av ein eller annan grunn må bruke bilen.

Regjeringa har tatt grep for jernbana. Når eg som samferdselsminister likevel ikkje har fått opna så mange nyanlegg, er det fordi det tar lang tid å planleggje og byggje nye jernbanar. Men: eg har dei siste fire åra fått høve til å starte opp mange nye jernbaneanlegg. Eg er stolt over at vi er i gang med dobbeltspora mellom Lysaker og Sandvika, Sandnes – Stavanger – som opnar snart, Barkåker – Tønsberg, Bergen – Fløen. Men eg har planer om å opne dei i neste periode. Og dette er eit synleg resultat av ei prioritering eg har vore heilt klar på: Å satse på jernbane i byen og veg i distrikta.

Me har òg fått fart på planlegginga av dobbeltspor Oslo – Ski og Eidsvoll – Hamar. Og me er godt i gang med Prosjekt Oslo, der me fornyar gamle og nedslitne skinner og signalanlegg i Oslo-området for å få slutt på avviksproblema. Statsministeren var innom kjempeløftet me har lagt opp til i Nasjonal transportplan. I framtida skal folk kunne stole på toget – på at det går når det skal og kjem fram når det skal. Forseinka tog skal ikkje lenger vere ein grunn til å kome for seint på jobben. No må ein igjen skylde på vekkerklokka.

Til Jernbaneverket og alle som har deltatt i planleggjinga og utbygginga av den nye stasjonen vil eg seie: Takk for god innsats og velgjort arbeid! Til dykk i Jernbaneverket, NSB og Flytoget som skal drifte og bruke stasjonen, og ikkje minst til alle passasjerar som dagleg kjem til å reise til og frå Lysaker vil eg seie gratulerer med dagen!

Lysaker stasjon. Foto: Jernbaneverket.

Alle foto: Jernbaneverket/Njål Svingheim