Historisk arkiv

Opning av nye Jernbanetorget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Oslo, 27. april 2009

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av nye Jernbanetorget, Oslo 27. april 2009.


Kjære byrådsleiar, vegdirektør, andre gjester – og først og fremst: kjære Osloborgarar!

Gratulerer så mykje med dagen!

Oslo er innflyttarane sin by, høyrer me ofte. Og alle statistikkar viser at Oslo er ein by full av folk frå heile alle landsdelar og verdsdelar, med dei mest ulike bakgrunnar og utgangspunkt. Det gjer Oslo til ein rik og spennande by, og få stader er det vel tydelegare enn her på Jernbanetorget – byens ”melting pot”. Det er kjekt å få vere saman med dykk i dag for å feire at Jernbanetorget, Noregs største kollektivknutepunkt, er blitt ein betre stad å ferdast!

Det er ikkje vanskeleg å sjå og merke når ein går rundt her at eit overordna mål har vore å utvikle dette viktige knutepunktet på fotgjengarane og dei kollektivreisande sine premiss. Med nye trikketrasear og haldeplassar for både buss og trikk, breiare fortau, fleire tre og benkar – og ei generelt estetisk løft, framstår det nye Jernbanetorget som eit triveleg rom i byen.

For dei reisande er eit velfungerande kollektivknutepunkt svært viktig i ein travel kvardag. Det skal vere attraktivt å reise kollektivt – og eg er difor svært glad for at dei reisande på Jernbanetorget no har fått eit enklare knutepunkt med betre oversikt og lettare overgangar som gjer kvardagen litt lettare.

Jernbanetorget ligg i den eine enden av Noregs paradegate – Slottet ligg i den andre enden og torget er for mange det første møtet med Oslo og Noreg når dei kjem til Jernbanetorget med NSB eller Flytoget frå Gardermoen. De visste kanskje ikkje at kvar dag er så mange som 150 000 kollektivreisande innom Jernbanetorget, i tillegg til alle dei andre som går forbi her? Det gjer Jernbanetorget til den staden i heile Noreg der det er flest menneske kvar dag.  Jernbanetorget er òg den nye inngangen til Noregs nye storstove – Operaen i Bjørvika.

Det er inga tvil om at det i ombyggingsperioden har vore litt kaotisk her, men no er jobben gjort og Jernbanetorget har gjenoppstått i ny og sprek drakt.

Ombygginga av Jernbanetorget er ein del av Oslopakke 2, ei kollektivsatsing der etatar og kollektivselskap samarbeider om å framskunde utbygginga av infrastruktur og innkjøpet av materiell for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus. Pakka skal sikre at ei utbygging av kollektivtrafikken som elles ville tatt rundt 25 år blir gjort på ti år. Dei reisande har òg vore med på finansieringa, bl.a. gjennom bompengeringen.

Det er viktig for byen at Statens vegvesen og Oslo kommune har klart å utforme Jernbanetorget på ein måte som gjere at ei stor mengde trikkar og bussar effektivt kan ta opp og setje av passasjerar. Eg er òg overtydd om at næringslivet vil nyte godt av at så mange trafikantar er innom torget i løpet av ein dag.

Eg er særleg glad for at universell utforming har stått sentralt i arbeidet. Regjeringa er opptatt av at alle har same rett til deltaking i samfunnet. Me vil at folk enkelt, effektivt og trygt skal kunne bevege seg rundt slik at dei kan delta i arbeidsliv og sosiale aktivitetar og at behovet for spesialløysningar skal vere minst mogleg. Difor ligg det inne i Nasjonal transportplan 2010-2019 at me dei neste ti åra skal oppgradere om lag 1500-2000 haldeplassar på riksvegnettet til ønska standard og bruke nær 3,5 milliardar til utvikling av jernbanestasjonar og knutepunkt. Alle nye prosjekt som blir sett i gang skal vere universelt utforma. Dette vil ikkje berre funksjonshemma, folk med barnevogn, rullator e.l ha glede av –  men alle me andre òg. Men det er ein stor og krevjande jobb – og her er Jernbanetorget no eit flott førebilete.

Det er viktig å ikkje berre tenkje funksjon – ein må også ha estetikk. Det nye Jernbanetorget er prega av vakker kunstutsmykking, god belysning, mange benker og grøne plantar. Både på benkene og i belegget er det etablert glaskunst som skal setje sitt preg på plassen. Og så er det jo flott, då, å sjå at tigeren er tilbake der den høyrer heime – midt i hjartet av tigerstaden!

Noko få var budde på då arbeida starta opp var at ein skulle finne større arkeologiske funn som utfyller ein viktig del av historia til Oslo. Området var ei god og viktig hamn på byrjinga av 1700-tallet, men blei så gjenfylt og utbygd då Christianias stadig ekspanderte. No har det blitt funne eit sverd, eller ein huggert, som truleg har falle eller blitt kasta overbord frå ein båt på 1700-tallet. Rekkefølgja på anleggsarbeida vart noko annleis på grunn av dei arkeologiske funna, og det igjen gav nokre forseinkingar. Men det må vel kunne seiast å vere ein liten pris å betale for ny lærdom om historia til hovudstaden vår.
 
Eg vil elles nytte høvet til å takke alle berørte; Statens vegvesen og entreprenørane – men mest av alt trafikantane og dei gåande – og ikkje minst alle naboar har vist tålmod i byggeperioden. Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves!

Rudolf Nilsen var ein skikkeleg Oslodiktar. Eg har lyst å avslutte med eit vers frå hans dikt BLOMSTERTERRASSEN VED NR. 19

Men plutselig stanset han dum og forvirret,
og stod der i noen sekunder og stirret
på blomstene over på motsatte siden -
som en der har våknet og brått ser at tiden
er gått ubegripelig fort.
Så løftet han hodet, og blikket gled bort -
ut over torvet og husenes tak,
ut over byen og åsene bak,
ut mot det fjerne, hvor solskyer lå
rede til reisene inn i det blå......

Måtte de alle få mange fine reiser til og frå nye Jernbanetorget! Og mellom alle kvardagsreisene, alle dei nøye planlagte reisene til og frå jobb, skule, bringing, henting, handling – håpar eg de av og til også kan få dykk nokre fine reiser, ut mot det fjerne, med solskyene – ut i det blå!

Og med det er det ei stor glede for meg å introdusere dei unge hip-hoparane som med sin dans offisielt skal innvie nye Jernbanetorget!