Historisk arkiv

Opning av Stryn Fjernvarme

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete tale ved opning av Stryn Fjernvarme, Stryn, 20. mars 2009.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Opning av Stryn Fjernvarme
Stryn, 20. mars 2009

Godtfolk!

Takk for invitasjonen til å kome hit i dag. Dette er eit oppdrag som ligg litt utanfor det eg til dagleg syslar med, og det gjer det desto meir spennande for meg. Positive og flotte tiltak i heimfylket er noko eg gjerne vil støtte opp om. Eg har sagt det mange gonger – me politikarar kan ikkje skape vekst. Me kan berre leggje forholda til rette. Initiativet må kome lokalt, der ein veit kvar skoen trykkjer og kva potensiale som finst.

Samstundes – når lokale krefter dreg i gang så positive løft som her, tykkjer eg det er viktig at me politikarar viser at me verdset slike tiltak – og at me kjem og lærer om dei, slik at me kan fortelje om dei andre stader me kjem. Vidareutvikling av bioenergi som klimatiltak og næring krev kontinuerleg utvikling av kunnskap og informasjonsutveksling – og der må me alle bidra, anten me er fagfolk eller politikarar.

Om bioenergi – i allfall ikkje biovarme – ikkje er noko eg jobbar med til vanleg, er det definitivt noko eg brenn for.

Skal me unngå klimakatastrofe er det ingen tvil om at me få til ei tung satsing på fornybar energi. No er verda i tillegg råka av finanskrise. Eg meiner løysinga på denne krisa og klimautfordringane heng nøye saman. For å sikre næringslivet, no og i framtida, er det viktig med sikker energiforsyning og nye grøne arbeidsplassar, og for å bidra til den globale klimadugnaden må me bli ein stor eksportør av rein, fornybar energi. Me må satse på det “grøne gullet” vårt. 

Bioenergi er som eit slags “kinderegg”. For det første er det fornybar energi og altså eit godt klimatiltak. For det andre gir bioenergi næringsutvikling – kvar TWh bioenergi inneber 300-400 nye årsverk. For det tredje bidrar det til å halde kulturlandskapet i hevd og fjerne ”grøne tunnelar” langs vegane. Og som ein bonus gjer det at får frigjort straum til andre formål enn oppvarming.

I skogen ligg det store ubrukte ressursar – i dag er tilveksten langt større enn uttaket. Innanfor bioenergi kan me òg litt  sleivete seie  at bioenergi er  å skape gull av gråstein –  eller nærare bestemt: av søppel, kumøkk og avfall
I Noreg brukar me omlag 30 TWh elektrisitet til oppvarming og varmtvatn kvart år. Å bruke elektrisitet til oppvarming er å kaste perler for svin. I Sverige har dei bygd ut mykje bioenergi. Dei har sjølvsagt ikkje hatt dei same fordelane som oss med tilgang på mykje vasskraft, men eg meiner me kan lære mykje av  svenskane på dette området. Sverige ligg langt framme når det gjeld bruken av bioenergi til oppvarming, men òg når det gjeld å bruke bioenergi som drivstoff. Forbruket deira av bioenergi ligg på 110 TWh i eit normalår, medan vi produserar om lag 16 TWh i året og dermed vert ei veslesyster i denne samanhengen. Me har allereie teke ein del grep som har ført til at mange bioenergianlegg har vokse fram, men me vil gjere meir!

Me har fått på plass eit fond på 20 milliardar til fornybar energi. Ein god del av avkastninga skal gå til bioenergi.I april i fjor la regjeringa fram sin bioenergistrategi. Den seier at me innan 2020 nesten skal ha dobla bruken av bioenergi i Noreg og bygd ut nye 14 TWh. Den jobben er no godt i gang. Enova har under denne regjeringa fått heilt andre musklar til å støtte bioenergiprosjekt enn tidlegare, ei styrking som vil gje  investeringar i varme og biogass på om lag sju milliardar kroner. Tal viser at utviklinga går i rett retning og at bioenergi no er det raskast veksande området innan varmesatsinga i landet vårt. Det vil no bli gitt støtte til etablering av fjernvarme på rundt 120 stader i Noreg – eit langsiktig nasjonalt klimaprosjekt komande generasjonar vil nyte godt av.

Enova sitt arbeid vart ytterlegare styrka gjennom den grøne tiltakspakka, som kom i vår, der regjeringa styrka Energifondet med 1,2 mrd kroner. Det betyr at overføringane til Energifondet i 2009 vil vere om lag 2,6 mrd, heile 80 prosent meir enn det som opphavleg blei budsjettert for 2009. Blant anna vil me utløyse utvidingar av fjernvarmeanlegg som er gode varmeprosjekt, men som til no har framstått som for lite økonomisk gunstig.

Eg veit elles at Enova i 2005 støtta prosjektet her i Stryn med 2,5 mill. kroner og at dei er svært nøgde med det dei har sett av prosjektet til no.
Og det er verkeleg flott å sjå at den tradisjonsrike verksemda Stryvo – med historie tilbake til 1947 – har satsa tungt på moderne og miljøvenleg teknoloogi og kunnskap. Den gode utviklinga Stryvo er inne i tyder på at dette har vore heilt rett satsing.

Både som statsråd, men òg som mangeårig fylkespolitikar, gler det meg stort å sjå det velfungerande fjernvarmeanlegget her i Stryn, det første store biobrenselanlegget i i Sogn og Fjordane.

Eg veit at de forsyner dei største 20 bygga i sentrum, private som offentlege, med kraft – men det er først når eg ser svart på kvitt at de har alt frå skule, kulturhus, omsorgssenter og brannstasjon til Fjord 1 og Ommedal manufaktur på kundelista, at ein verkeleg skjønar at de har ”kuppa” kraftmarknaden her i Stryn og blitt eit svært så godt og konkurransedyktig alternativ.

Dette anlegget er nettopp eit slikt kinderegg som eg snakka om i stad.
Her ser me ei svært god lokal utnytting av trevirke som kapp, hun, lauvskog m.m – energiberarar som elles ikkje ville blitt nytta.
Det er òg flott for at dette på sikt kan hjelpe til med å hindre attgroing og dermed halde oppe kulturlandskapet.

At anlegget fører til at utsleppa av CO2 blir redusert med 1300 tonn kvart år er sjølvsagt positivt og sist, men ikkje minst: anlegget gir nye arbeidsplassar og næringsutvikling.

Her tykkjer eg Stryn og Stryvo er eit døme til etterfølging for andre kommunar og bedrifter i Sogn og Fjordane og landet elles. Som statsråd og partileiar dreg eg stadig rundt i heile landet – og dette er eit døme eg vil fortelje om andre stadar.
Eg trur samspelet mellom dyktige fagarbeidarar og ingeniørar på den eine sida og framskodande, engasjerte og innovative leiarar og gründerar på andre sida er framtidas resept. At ein utviklar løysingar som møter klimautfordringane på ein god måte, samstundes som ein dei er lønsame, er noko me må vere stolte av og dyrke også i framtida.
Då er det ei stor glede for meg å erklære den flisfyrte varmesentralen flisfyrt varmesentral her ved Stryn fjernvarme for  offisielt opna.
 
Takk for meg!