Historisk arkiv

Opning av ”Sykle til jobben-aksjonen”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av ”Sykle til jobben-aksjonen” , Oslo, 5. mai 2009.

Foto av statsråd Navarsete med sykkelhjelm. Foto: SDTakk for invitasjonen til å opne årets Sykle til jobben-aksjon, noko som har blitt eit kjært vårteikn for meg!

Det er kjekt å kunne vere med å skape ekstra blest kring noko så positivt som sykling. Aksjonar som dette gir kvar og ein av oss ei påminning om kvifor sykling er så bra – og eg håpar det kan motivere ein del som elles ikkje ville ha sykla.

Og lat det vere sagt med ei gong: eg syklar til jobb rett som det er – og det finst ikkje betre start på morgonen enn å ta sykkelen til jobben - ein kjenner seg langt meir frisk og opplagt og klar til ein hektisk dag!

I tillegg til at det er godt med frisk luft og ei lita fristund på sykkelen er det mange gode grunnar til å sykle til jobben. For det første står me som alle veit overfor store klimautfordringar – og bilen er ein av dei store syndarane. At folk tek beina eller sykkelen fatt i staden for å bruke bil, er eit godt bidrag til å få ned klimagassutsleppa.

Og – at fleire tek sykkelen gir mindre kø og betre framkome for dei som av ein eller annan grunn MÅ ta bilen nett den dagen.

Den nesten aller beste grunnen er likevel at sykling gjer oss friskare og sprekare! Undersøkingar viser at ein halv times aktivitet med moderat intensitet kvar dag er nok til å gi oss betydeleg betre helse – og forlenge levealderen vår med opptil seks år! Me veit me har godt av dagleg fysisk aktivitet – men det er ikkje alltid så lett å få skvisa inn i ein hektisk kvardag. Nordmenn er faktisk er blant dei minst aktive i Europa. Me er rett nok blant dei som er flinkast til å trene, men likevel er me blant dei landa der folk får minst fysisk aktivitet totalt, fordi kvardagsaktiviteten (som å gå/sykle til ulike gjeremål) er minimal.

Dessutan er me blant dei landa i Europa med flest bilar per husstand, me køyrer stort sett dit me skal og sjølv når me berre skal ein kilometer eller mindre – køyrer me halvparten av  gongene. Her bør me kunne bli betre. Når me veit at ein fjerdedel av oss har under to kilometer til jobben bør det å sykle til jobben vere ein fin moglegheit til å få nettopp den naudsynte halvtimen med mosjon.

Alt dette gjer at regjeringa vil at sykling skal bli ein langt viktigare transportform i Noreg. Me vil doble sykkelandelen frå 4 % til 8 % dei neste åra og bruke 294 millionar kvart år dei neste 10 åra til gang- og sykkelvegar - 153 pst meir enn i førre transportplan.

Då må me ha fleire sykkelvegar! Berre langs det statlege vegnettet skal det byggjast 500 km nye gang- og sykkelanlegg i perioden, halvparten i byar og tettstadar. I tillegg må kommunane og fylka få på plass samanhengjande hovudnett for sykkeltrafikken der dei har ansvaret. Det er eit mål at 50 byar og tettstader med over 5000 innbyggjarar skal byggje samanhengande sykkelvegnett.

Me ser at satsinga på sykkelbyar i Vestfold, Buskerud, Vest-Agder, Aust –Agder og Telemark gir gode resultat og går inn for at ordninga vert utvida til å gjelde fleire byar. Ved tildeling av midlar til dømes frå belønningsordninga, vil me leggje vekt på at det blir satse skikkeleg på  syklande og gåande. Dei som yter ein innsats, skal få att for det!

I tillegg kjem andre tiltak som restriktiv parkeringspolitikk, redusert fart i bygatene til 30-40 km/t, etablering av sykkelfelt framfor køyre- og parkeringsareal for bil etc. Me meiner det er spesielt viktig at det bygging av gang- og sykkelvegar langs trafikkfarlige veger som også er skoleveg blir prioritert. Blant ungar i alderen 6 til 15 år, går eller syklar 60% per i dag. Vårt mål er at det skal bli 80%.

Og så vil eg kome med ei oppmoding – både til store og små: Trafikktryggleik er viktig – også på to hjul. Det er livsviktig å bruke hjelm. Og det kan vere lurt å kle seg i synleg tøy, gjerne klede med sterke fargar – eg ser mange er flinke til å bruke gule vestar Det gjer at bilistane ser oss raskare, og me unngår farlege situasjonar. I tillegg er det viktig å bruke hovudet når ein ferdast i trafikken. Syklist og bilist må ta omsyn til kvarandre. Dess fleire som tar i bruk sykkelen jo tryggare vert det å sykle. Bilistane blir merksame på at her er det syklistar – og dermed blir det tryggare for alle. Det er òg viktig at ein sjølv passar på å ha augekontakt med andre trafikantar for å få til eit god samspel!

Då vil eg berre ynskje dykk alle ein strålande sykkelsesong. Gjer miljøet og deg sjølv ei teneste og ta sykkelen fatt – og hugs å bruke vett og varsemd.
Lukke til og takk for meg!