Historisk arkiv

Opninga av Transnova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av miljøprosjektet Transnova i Trondheim, 23. juni 2009.

Godtfolk!

Det er flott å vere her i Trondheim for å markere at Transnova, som nærast har vore ein liten baby for meg, no tek sine første steg. Transnova vil bli svært viktig for at stadig fleire av oss etter kvart skal kunne køyre utsleppsfritt eller med låge utslepp, men før eg seier noko meir om det, har eg lyst å seie noko om det store biletet, kva det er som gjer Transnova her i Trondheim er så viktig.

Dei siste tiåra har velstanden i vår  del av verda auka enormt. Det har også trafikken gjort – noko som har ført til ei rekkje miljøproblem. Nokre av problema er meir alvorlege enn andre. For medan me kan flytte frå trafikkstøy og dårlig luftkvalitet, eller redusere problemet kraftig ved å redusere trafikken, set CO2-utsleppa og nedbrytinga av det biologiske mangfaldet varige spor.

Klimakrisa er kanskje den største utfordringa verda står overfor. Etterkvart har dei fleste av oss erkjent at klimaendringane er menneskeskapte – og dermed at det er vårt ansvar å gjere noko med det. I Noreg står transporten no for 29 % av klimagassutsleppa våre, i byane langt meir. Dette er sjølvsagt ikkje berekraftig, og gjer det nødvendig at både kvar og ein av oss, og Noreg som nasjon, endrar åtferd. Me må vri transporten over i grøn retning.  Det betyr at me må gjennomføre tiltak på eit breitt spekter av område – og det gjer me. Me satsar på jernbanen og kollektivsystemet, me satsar på gang og sykkelvegar. Me har endra avgiftssystemet, me har vore pådrivarar for køprising, me har dobla Belønningsordninga for betre kollektivtransport og redusert bilbruk i byene, og ei ny dobling er på trappene.

Samstundes er transportsystemet vårt er ein viktig og nødvendig del av samfunnet. Det gir oss mobilitet til å delta i samfunnet, til å kome oss til og frå legen, jobben, skulen, barnehagen, treninga, vener og familie. Transportsystemet gir norsk næringsliv moglegheit til å frakte varene sine til og frå marknader i innland og utland, eit viktig bidrag til bruttonasjonalproduktet vårt . I eit land som Noreg – med lange avstandar - vil bilen alltid vere ein nødvendig del av samfunnet – men den må over på utsleppsfrie drivstoff som elektrisitet, hydrogen og biodrivstoff. Då trengst både forsking, formidling, pengar og ikkje minst tilrettelegging. Her kjem Transnova inn. Transnova skal vere sjølve koplinga mellom kunnskap og moglegheiter på den eine sida, og folk flest og praktisk bruk, på den andre.

Eg er kjempeglad for at Transnova no er i gang med å tildele statlege midlar som vil gje mange nye ladestasjonar. Fleire ladestasjonar rundt i landet vil gjere det langt lettare å køyre miljøvenleg elbil.  Dermed har me oppnådd det som var målet då me løyvde 50 millionar til dette føremålet i tiltakspakka i januar, og om kort tid kan elbilsjåførar lade køyretøya sine på CC Mart’n på Gjøvik og Strandtorget Kjøpesenter på Lillehammer. Eg håpar det blir mange fleire søknader no i tida som kjem.

Dette skal vere starten på ei storstilt elektrifisering av transportsektoren. Mitt utgangspunkt er at når me klarte å sende folk til månen i 1969, må det vere mogleg å gjere transportsystemet berekraftig også. At Transnova no er i drift, vil vere eit løft for dette arbeidet.

Som eg innleia med å seie, Transnova har eg kjempa for sidan eg kom i statsrådstolen. Det er difor ei stor glede for meg å erklære Transnova  for opna. Eg gler meg til å følgje det viktige arbeidet dykkar for ei betre og reinare transportframtid!

Gratulerer med dagen og all mogleg lukke til!

Transnova - nettsider